Monte Esperanza av Jon O. Lorentzen

Ein roman som tar oss tilbake til slutten av 1500-talet, der skilnadene i samfunnet var enorme.

  • Norsk tittel: Monte Esperanza
  • Forfatter: Jon Olaf Lorentzen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 291
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Communicatio Forlag

Jon Olaf Lorentzen (Født 1950) er busatt i Egersund, og er filolog og lektor. I 2004 debuterte han med romanen «Den symmetriske tvillingen». I 2011 gav han ut «Café Gibraltar», i 2017 kom «Magnus’ apostrof», i 2021 kom «Ei kalka grav» og i 2022 gav han ut romanen «Monte Esperanza». Lorentzen har óg gjendikta lyrikk av den kubanske nasjonalskalden Jose Mari.

Året er 1588, skipet San Bautista de la Esperanza fra spanskekongen Filip Is store armada hever og senker seg hjelpeløst i de store dønningene i havet nord for Skottland, uten styring og storseil, etter å ha vært i kamp med engelske krigsskip. Sakte driver det skadeskutte skipet mot den ugjestmilde kysten av sørvest-Norge.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Monte Esperanza».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman på nynorsk der me vert tatt tilbake til slutten av 1500-talet.

Kaptein Pedro de Valdez og hans mannskap har mista kontrollen på skipet sitt etter kamper med engelske krigsskip. Dei driver inn mot kysten av Noreg, der klipper og berg ruver mot dei. Vinden er røff, og dei må i livbåter før skipet går ned. Dei klarer etterkvart å karre seg i land, og er lykkelig for at dei fortsatt er i live. Men gleden vert kortvarig, for det er mange farer som venter på dei. Både fut og sognepresten i bygda er ute etter penger, og når dei finn ein død mann i sjøen så er det nærliggende å tru at det er folka fra den spanske armadaen som står bak…

Eg følte det vart ein tung intro i boka. Det er spanske navn på personer og båter, og forfatter legg inn spanske setninger og uttrykk. Dei vert riktignok oversett til norsk, men når ein fyrst og fremst må konsentrere seg om å komme inn i historia, og skjønne kven som er viktige og kven som er perifere personer, så vert da ein del «stopp» i teksten med spanske setninger i tillegg.

Slik stod dei, offiserar og mannskap, i samla flokk heilt til lyset blei sterkt nok til at dei skimta ei mørk stripe mellom havet og dei låge skybankane. Tierra. Landkjenning. Padre Francisco gjekk ned på kne. «Gracias a Dios en las alturas, ave Virgo sanctissima…,» messa han og kyssa trekrossen han bar i ei lêrreim rundt halsen.

Det er sosiale store skilnader, både økonomisk men også i status. Dei rike styrer og steller som dei vil, og litt mynter her og der til høytstående personer gjer dei uovervinnelige. Ein kan ikkje annet enn å irritere seg over måten enkelte durer fram på, uten tanke på andre enn seg sjølv. Men slik var det på den tida, der Lorentzen maler eit rettferdig bilete frå tidsepoken.

Lorentzen har brukt historiske korrekte fakta her og der, noko som bidrar til realisme. Eg vart imponert over måten han skildrer 1500-talet på, og kjem til stadighet med miljøskildringer som gjer til at ein vert minna på om tidsperioden. Ein er aldri i tvil om at dette skjedde for lenge sidan, og her har forfatter gjort ein fantastisk jobb.

Kaptein Valdez heldt talglyset over kartet Juan hadde bretta ut på bordet i bestikklugaren og myste mot det i halvmørket. Det hadde signaturen til den namngjetne nederlendaren Lucas Jansz Waghenaer, kjend som ein av dei beste kartmeistrane i heile Europa, så han visste det var til å lita på.

Me vert også kjent med Alvilda Kumbedall. Ho vert sett på som ei trollkvinne, og ho vert stadig trekt fram som ei kvinne som må fanges og straffes. Men Alvilda er ei kvinne som ikkje gjer seg utan kamp. Men sjølv for ho kan overmakta verta for stor. Denne karakteren er interessant og sympatisk, sjølv om ho etterkvart viser sitt sanne jeg.

«Hvis hun driver trolldom og vansiring, hvorfor har du ikke arrestert henne og fått henne tiltalt for vold og trolldom? Kong Christians lovutkast, forordningen av 1584, er klinkende klar på at det er dødsstraff for signeri, og superintendenten i Staffanger støtter helhjertet opp om den og nøler ikke med å sette den ut i livet.»

Forfatter skriv om korleis land og bygder vart driven, maktbegjæret mellom fut og sogneprest, gudefrykta og eit kvinnesyn som er under enhver kritikk, men som var tilfelle i denne tidsperioden.

Drivet i historien er veldig variabel. Enkelte steder klarer ein ikkje å legge boka frå seg, medan andre steder så vert det omstendelig og litt for lite som skjer.

Trolldom og svartekunst var ein del av tidsperioden, og noko presteskapet slo hardt ned på. Det vart rettssaker og kvinner som vart brente på bålet, enten vitner talte for eller mot dei. Dei var forhåndsdømte, og ei fryktelig straff venta dei. Likevel var det nokre som kjempa si sak til siste slutt, og kasta forbannelse over dei som stod bak dommen. Dette er bi-historier som er spennende å lese, for det er ingen tvil om at hevn og hevntanker gjer boka eit spenningspreg som auker drivet og fremgangen i romanen.

Romanen er omstendelig, der forfatter har lagt ned mykje arbeid i research og fakta frå tidsperioden. Dette hemmer delvis progresjonen, men samtidig får ein følelse av å vere til stades i forteljinga. Ein finn mange gode skildringer, og språket er det ingenting å utsetje på.

Det vert dramatikk, kjærleik og eit fordømmende samfunn som er i fokus. Presteskapet er dei som er dei verste personene og utnytter både sin stilling og sine medmennesker på det groveste. Alvilda er ei sterk kvinne for sin tid, og ho forsøker å stå opp for seg sjølv og andre. Dette er nok ei uortodoks måte å oppføre seg på, men likevel eit viktig forbilde for andre kvinner på den tida. Motsetningene er mange, og forfatter har delvis klart å utnytte dette.

«Monte Esperanza» er ein omstendelig roman som skildrer tidsperioden på ein strålende måte. Må får eit godt innblikk i korleis land og bygder vart styrt, og kor underdanige kvinner og menn uten makt var. Dette er ei historie som engasjerer og irriterer og som viser dei store skilnadene i samfunnet.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s