En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941 av Roger Albrigtsen & Knut Flovik Thoresen

Ei uskyldig kvinne vart drept av ein norsk spesialsoldat. Kva skjedde i Øksfjord natta til 12. april 1941?

  • Norsk tittel: En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941
  • Forfatter: Roger Albrigtsen & Knut Flovik Thoresen
  • Sjanger: Dokumentar, Krig
  • Antall sider: 168
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Forlaget Kristiansen

Roger Albrigtsen (Født 1971) kjem frå Evenes i Nordland. Han bur no i Porsanger, Finnmark. Han har skrevet ein rekkje bøker om norsk krigshistorie, særskilt frå Nord-Norge. I 2020 gav han ut ‘Krigsseilere fra nord – Finnmark», den fyrste boken er om finnmarkinger, de to kommende er om henholdsvis tromsværinger og nordlendinger. I 2021 gav han ut «Krigsseilere fra nord – Troms», og i 2022 kom den tredje og siste boka ut i denne serien; «Krigsseilere fra nord – Nordland». Saman med Knut Flovik Thoresen gav han ut dokumentaren «En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941» i 2022.

Datoen er 12. april 1941. Det er natt i Øksfjord, Finnmark. Den norske spesialsoldaten fyrer av en maskinpistolsalve mot en lukket soveromsdør. Seks år gamle Elsa overlever, men mister sin mor. Dette er historien om et militært angrep, landssvik og et uskyldig menneskesinn.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krigsdokumentar som omhandler ein lite kjent tragisk hending i Øksfjord under den 2. verdskrig.

Bakgrunnen for denne boka er tilfeldig. Albrigtsen kjem over tre tyske fotografier på ein nettauksjon, der bileta viser tyske fly ved Banak flyplass i Lakselv våren 1941. Etter å ha forhøyrt seg litt rundt desse bileta, kjem han på sporet av Øksfjordraidet. Han byrjar å nøste opp i saken, og finn etterkvart ut at det skjuler seg ein tragisk hending langt inni desse dokumentene. Ei hending som har vert godt skjult.

Etter ein kort prolog starter historia om den fatale hendinga. Her hopper ein rett inn i ein form for dagbokformat som Elsa Jørgensen har skrevet i 1986 og 87. Elsa er no godt vaksen, og ser tilbake på den gong ho kun var 6 år gamal i 1941, og såg mor si vart uskyldig drept av ein norsk spesialsoldat. Bokas fyrste kapitler er dermed Elsas eigne notater, før forfatterne tar over. Me vert med dette satt inn i saken av eit førstehåndsvitne, noko som forsterker dei sterke inntrykka frå episoden. Dette er eit meget godt verkemiddel, som gir eit solid fundament for resten av historia.

Kvinnen døde, det var krig. Uansett krig, uansett at det alltid skjer tragedier i slike tider, uansett spesielle omstendigheter uansett hva som helst, det lille 6-årige vitnet tilgir aldri det som hendte. Hennes liv ble også ødelagt den dagen, den fikk uanede konsekvenser, hun ble krigsinvalid i en alder av 6 år, en slik tilstand varer resten av livet.

Frå dagboknotat av Elsa Jørgensen

Ingenting levnes til tilfeldighetene når desse to forfatterne har skrevet denne boka. Det er særs grundig research som ligg til grunn, og det er informasjon ned til detaljnivå der det er mogleg.

Sjølve hendinga er godt dekket og belyst frå forskjellige hold. Likevel er det begrenset med informasjon rundt saken, siden den nok har blitt dysset kraftig ned i dei offisielle rapportene. Raidet vert beskrevet som suksessfullt, noko ein utvilsomt ikkje kan kalle det all den tid ei uskyldig kvinne vart drept i si eiga seng. Dette vitner om forsøk på å avdramatisere situasjonen, sjølv om det er tatt med i rapportene at ei kvinne døde.

Eg synes at dei to forfatterne som står bak boka har fått veldig mykje ut av den begrensa informasjonen som er tilgjengelig. Dei har skrevet om oppbygginga til Øksfjordraidet og formålet bak dette. Dei legg også etterkvart fokuset over på ektemannen til den drepte kvinna, som vart ein indirekte årsak til at ho vart drept. Ektemannen, Agnar Jørgensen innehar ein kompleks historie og den nøstes opp i på ein imponerende måte. Her får me grundige skildringer og detaljerte opplysninger som ikkje levner noko tvil om saken.

I Øksfjord var det ca 250 innbyggere i 1941. Kva er det som gjer at denne bygda var så interessant for tyskere og norske motstandsmenn? Her får me igjen ein grundig innføring, der ein får vite om bygdas skjebne i åra før og etter raidet.

Avslutningsvis kan det sies at befolkningen er svært sterkt rammet økonomisk av at fabrikken er stanset. Av denne årsak, og også mordet på fru Jørgensen, er befolkningen i Øksfjord svært forbitret på engelskmennene og de nordmenn som står i britisk tjeneste.

Sluttrapport frå tysk side.

Kva så med Elsa? Me får eit innblikk i kva for liv ho fekk etter at moren brått vart revet frå ho rett framfor augene på ho. Det er ein sterk historie, og det beste er at me også får høyre ting frå hovedpersonen sjølv. Her er det ingen synsing og gjetting, dette kjem rett frå hjartet til Elsa.

Det vert ein del hopping att og fram i tidslinje undervegs. Kanskje kunne det vert ein meir slavisk tidslinje, men samtidig er det masse informasjon som skal formidles og eg ser at det kan bli vanskeleg å utføre. Det er på ingen måte uoversiktlig, og dei som har lest tidligere utgivelser frå Albrigtsen vil kjenne att skrivemåte og oppsett. Og ikkje minst grundigheten i det han skriv.

Jageren var i underkant av 100 meter lang og 10 meter bred, og hadde en besetning på ca. 100 mann. Den var opprinnelig bevæpnet med fire skipskanoner og torpedokanoner. Skipet kunne gjøre 32 knop og var ganske karakteristisk med sine fire skorsteiner. Jageren ble overtatt av Den kongelige norske marine fra Royal Navy 16. desember 1940.

Informasjon om jageren «Mansfield».

Det vert også ein del rundt krigen og krigsseilere generelt, og ikkje minst om landssvikere og landssviksaker som dukket opp etter at krigen var slutt. Her kan me blant anna lesa om straffeutmålinger og kva som låg til grunn for at ein kunne gå til sak mot ein person for landssvik. Dette var saker som ingen tok lett på, og som vart grundig etterforska.

I boka er det ein god del fotografier med gode undertekster. Det å ha med det visuelle forsterker inntrykka, og ein får eit ansikt eller ein situasjon til å henge informasjonen på. Ein har oversiktsbilete frå Øksfjord under krigen, og ein kan formelig sjå skipene som kjem inn i fjorden og legg til kai. Ein ser husene der, og etter dei grundige skildringene undervegs i historia, så er det ikkje vanskelig å sjå for seg den tragiske hendinga som skjedde den 12. april 1941. Det er brutalt, men likevel så viktig at slike historier vert fortalt.

«En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941» er ein meget interessant og djupt tragisk hendelse. Albrigtsen og Thoresen har gått særs grundig til verks, og fått masse ut av begrensa informasjon. Denne boka fortel ei dramatisk historie, men den fortel også om krigen generelt og innehar masse opplysninger som krigsinteresserte vil ha stor nytteverdi av. Denne historia må du ikkje gå glipp av.

TERNINGKAST: 5

En kommentar om “En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941 av Roger Albrigtsen & Knut Flovik Thoresen

  1. Rist 23/04/2023 kl. 05:49

    Takk for tipset. Den skal jeg lese😊

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s