Hvorfor spurte de ikke Evensen? Av Lene Lauritsen Kjølner

Ein lokalpolitikar vert funnen død i sjøkanten ved Ankerholmens seilerforening. Olivia er privatetterforskar av yrke, og får denne saka i fanget av ein klient som vil reinvaske seg. Ho blir dratt inn i miljøpolitikk, kyniske forretningsmenn og tvilsomme affærer. Dette er bok nr 2 i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen.

  • Norsk tittel: Hvorfor spurte de ikke Evensen?
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Krimroman
  • Antall sider: 271
  • Utgivelsesår: 2015
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Lene Lauritsen Kjølner ( Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller.

Privatetterforskar Olivia Henriksen jaktar på utro ektefeller, der ho overvåkar personar i håp om å avdekka noko for sine klientar. Men når SV-politikaren Arne Gustavsen vert funnen død i sjøkanten ved Ankerholmens seilerforening, vil ein klient bli reinvaska for mistankar, og ansett Olivia til å løysa saka. Det skal visa seg å involvera høgtståande og kyniske forretningsmenn, miljøpolitikk og tvilsomme affærer. Ho går i gong med etterforskinga med opne auge, og får god hjelp frå nære vener. Men vil ho lykkast med å skilje mellom fakta og lause rykter? Og klarar ho endeleg å få ein mann på kroken i kjærleikslivet?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hvorfor spurte de ikke Evensen».

Olivia bur saman med bror sin, Oskar, og beaglehunden Dino. Ho pusser ofte på skiltet sitt, kor det står: «Olivias etterforskningsbyrå, alt innen forsikrings – og familiesaker». Men i denne boka skal ho få ei langt meir krevjande sak i fanget, nemlig ei drapssak. I «Hvorfor spurte de ikke Evensen» vert Olivia dratt inn i ei drapsetterforskning med greiner til politikken og lyssky forretningsmenn, kor alle ikkje har reint mjøl i posen. Olivia gjer seg i kast med å snakke og ringe rundt til personar som kjente den døde mannen godt. Hennes gode venninne og samtalepartnar, Mona, kjem stadig med sladder om personar rundt i miljøet. Dei er også veldig engasjert i kvarandres kjærleiksliv. Mona er saman med ein engelskmann, og skal snart reise for å besøkja familien hans. Noko ho ikkje ser fram til. Olivia på si side har eit veldig godt auge til politimannen Torstein. Eit kjærleiksforhold er i emning, men Olivia er kanskje ikkje den som er flinkast med ord når det kjem til slike ting.

«Det hadde tatt litt tid før jeg forstod hvilken banehalvdel Alfred spilte på, så en dag hadde Mona opplyst meg i sedvanlig stil. «Han er skeiv som Peders gamle trebrygge, vet du.»

Denne boka fungerer nok dårleg for dei som likar skikkeleg krim. Men skal du ha ei laussluppen, sjarmerande og morosam lesestund i sommervarmen er dette rett bok å lesa, for her finnes det ikkje bestialske drap og intens action. Dette er rett og slett ei skikkelig feelgood-krimbok, der eg fekk assosiasjonar til Miss Marple medan eg las. Skildringa av Ankerholmen er strålande. Handlinga foregår på sommerstid og ein kan formeleg høyra bølgeskvulp og måkeskrika undervegs.

Olivia er ei relativt munnrapp kvinne i moden alder, som har ein tendens til å snakka før ho tenkjer. Men ho har masse humor og ironi, som kjem tydeleg fram i dialogar og tankar. Sjølv om ho er privatetterforskar, har ho ein litt forsiktig framgongsmåte. Her kunne eg sagt at det blir fór forsiktigt og rolig, men det passar inn med tempoet og skildringane i resten av boka. Eg følte eg vart kjent med hovedpersonen, og det er alltid eit pluss i bøker.

Ei veldig lettlest krimbok, som ikkje byr på noko innvikla eller djupt plott. Forfattar har heller konsentrert seg meir om persongalleriet og venninnesnakk framfor å vektleggja krimsjangaren. I så måte er dette nesten like masse ein roman som ei krimbok.
Eg synes det vart ei litt lettvint avslutning på boka, men Kjølner skal ha ros for å samla saman alle lause trådar.

Dette er bok nr 2 om privatetterforskar Olivia Henriksen, men mitt fyrste møte med denne karakteren og forfattar Lene Lauritsen Kjølner. Eg må seie det var eit forfriskande møte. Ho skriv ei annleis krimbok enn det me vanlegvis finn i bokhyllene. Dette er ein lun og sjarmerande skjærgårdskrim med masse humor og morosame dialogar. Ei flott bok å lesa i sommar.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s