Steinansiktet av Ivar Aase

Ein interessant og spennende roman med krim-element. Dette er bok nr. 2 i jærkrim-serien.

  • Norsk tittel: Steinansiktet
  • Forfatter: Ivar Aase
  • Sjanger: Krim, Roman
  • Antall sider: 399
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Forlaget Aase & Wiig

Ivar Aase (Født 1991) er filmregissør og er utdanna siviløkonom. Han debuterte som forfattar med krimromanen «Jernspøkelset» i 2016. I 2022 kom bok nr. 2 i jærkrim-serien, nemleg «Steinansiktet».

Alle familier har en bauta. Men selv stein slår sprekker. En lokal ildsjel forsvinner, og saken rammer raskt entreprenørgiganten Gard AS. På kontoret jobber alenemor og toppleder Tea Gard for å unngå en skandale som vil ødelegge hennes posisjon i den mannsdominerte familiebedriften. Den utviste politistudenten Eilif Gard blander seg fort inn i etterforskningen, og sammen får søsknene Gard se den mørke siden av jærsk drivkraft. Der bygderykter blir sannhet, kjærlighet blir svik, og både livsløgner og familienavn står for fall.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlaget Aase & Wiig. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Steinansiktet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 i jærkrim-serien. Boka inneheld få krim-element, så i mine auge er dette fyrst og fremst ein roman. Boka kan leses frittstående, men det er stadige henvisninger til ting som har skjedd i «Jernspøkelset».

Boka innehar ein sakte oppbyggende historie. Forfatter bruker god tid på å fortelje si historie, og me vert godt kjent med hovedkarakterene. Likevel er det huller i karakteristikken av dei, som ein må forsøke å tette sjølv ved bruk av gjetninger, og lese litt mellom linjene.

Tea Gard er åleinemor og adm.dir i entreprenørgiganten Gard AS. Ho jobber i eit mannsdominert miljø, og må forsøke å stå opp mot menn som er skeptisk til å ha ei kvinne i ein toppstilling. Det er ei dame med bein i nesa, men som likevel vakler litt i livet generelt. Det er masse som skjer jobbmessig og i privatlivet, og når dette overlapper kvarandre, så vert det eit enormt press på Tea som veit ho må levere for å holde unna desse grå og utdaterte menna i styret frå å få ho fjerna. Eilif Gard er ein anna hovedkarakter som har sitt å slite med. Han er på mange måter rake motsetninga av Tea. Han eig ikkje ryggrad og er konfliktsky. Å slå opp med kjæresten sin er noko han har innsett han må gjere, men det vert ingen enkel oppgåve for hans del.. Han skal likevel få andre ting å tenke på når ein lokal ildsjel forsvinn sporlaust, og etterlater seg eit potensielt kaos som kan ryste Gard AS på verst mogleg måte.

Starten av boka byr på mange namn og relasjoner. Dette er viktig å holde styr på, siden det utgjer ein viktig del av historia utover i boka. Forfatter bruker veldig mykje navn i setningene, noko som fører til at innledninga er ein plass ein virkelig må vere konsentrert medan ein les. Aase har også brukt ordet «mor» og namnet på moren om ein annen, noko som fort vert forvirrende.

Romanen innehar eit fascinerende språk. Forfatter lar enkelte situasjoner og setninger henge i lause lufta, så ein må nesten forsøke å lese mellom linjene. Ikkje alt lar seg forklare ved fyrste øyekast, men ved å være konsentrert og forsøke å sjå samanhengen så klarer ein å fylgje med på historia. Ein og anna småhumoristiske setninger og situasjoner er det også blitt plass til.

Gipsen begynte å slå sprekker og Kurt røsket løs en bit.
«Dødt skinn og svette,» sa han og sniffet på gipsstykket.
«Minner meg om kadaverkassene til far. Vil du kjenne?»

Framdrifta og drivet er veldig opp og ned, men det er noko med språket som gjer at ein likevel berre «må» lese eit kapittel til. Som tidligere nevnt så er det ein sakte oppbygd roman, med ein meget god og solid slutt. Sluttpartiet er vel verdt å vente på, og er for meg bokas store styrke. Her kjem krim-elementa til sin rett, og alle dei store spørsmålstegna og forvirrende situasjoner vert utradert.

Det vert ein del landbruks og miljøpolitikk med demonstranter og politisk spel for galleriet. Familieforhold og godt bevarte hemmeligheter må fram i lyset, bygdesladder er fremtredende og livsløgner og svik tar etterkvart opp ein stor plass i romanen.

Lettelsen var så enorm at han ville le, samtidig som det gjorde ham vondt å se på henne. Den skjelvende underleppa og de dirrende øynene. Han fikk ikke helt med seg hva hun sa, men øynene hennes var plutselig i endring nå. Det såre blikket som nettopp hadde vært der var borte. I stedet så han en bekymring sive frem. Tårene rant ikke lenger, og alt som til slutt var igjen i øynene hennes var redsel.

Karaktergalleriet vert betre og betre etterkvart ein vert kjent med dei. Nokon utvikler seg på ein dynamisk og naturleg måte, medan andre står og stamper i det same sporet heile tida. Men dette oppdagar ein egentlig ikkje før boka er ferdiglest. Likevel følte eg at mange av karakterene var ansiktslause, då skildringer av utseende er bortimot fraværende.

Eg satt att med ein følelse av at dette var ei spesiell bok. Forvirrende, men likevel oppklarende. Sær, men likevel interessant. Langdryg oppbygging, men likevel spennende. Det er mange element som speler inn og eg synes Ivar Aase skriv godt rundt alle problemstillingene, samtidig som han held alle muligheter opne.

En som påskrudd er nærværende, kjærlig og full av bekreftelse, men som avskrudd er både uforutsigbar og utilgjengelig. Selve oppskriften på å få en kvinne hekta og avhengig.

Språket er nok litt annleis ein det ein kanskje er vant med, men det er forfriskende og meget bra. Aase er dyktig til å skildre det som skjer og det som ikkje skjer. Det er mange detaljer i språket, og ein kan nok dra paralleller til yrket hans som filmregissør. Ingenting er overlatt til tilfeldighetene. På den andre siden så kan det bli ein del langdryge partier, men så lenge språket er godt og historien er spennende, så redder han seg veldig fint inn.

«Steinansiktet» er ein innhaldsrik krimroman der krim-elementa kjem til sin rett i sluttpartiet. Med eit interessant språk og fengende innhald var dette ei bok som vart vanskeleg å legge frå seg. Dette er mitt fyrste møte med forfatter Ivar Aase, men definitivt ikkje det siste.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s