Når dagane ikkje finst av Solveig Johanne Grønstøl

Dette er ei fantastisk samling av dikt med gode bodskap og kloke ord.

  • Norsk tittel: Når dagane ikkje finst
  • Forfattar: Solveig Johanne Grønstøl
  • Sjanger: Poesi, Dikt
  • Antall sider: 89
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Tekst Forlag

Solveig Johanne Grønstøl (Født 1978) bur på Bømlo, i Vestland fylke. Ho debuterte som forfattar i 2015, med boka «Kvild». I 2021 gav ho ut «Når dagane ikkje finst», som er hennes fyrste diktsamling.

Utdrag frå etterordet:
«Nokre dagar er så dunkle at dei ikkje kan kallast dagar med rette, fordi dei ligg bada i eit overveldande mørker. Å sjå kor vegen går vidare, er uråd.«

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måten påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Når dagane ikkje finst».

Dette er Grønstøl si fyrste diktsamling. Den er skrevet på nynorsk, innehar 70 dikt, og har mørket og håp som tema.

Boka er relativt liten i format, men perfekt størrelse å ha liggende ved f.eks kjøkkenbordet eller godstolen. Men sjølv om boka er liten, så rommer den noko stort. Det er enkelte diktere som har dette lille ekstra som treff deg, og som engasjerer deg, og det har Grønstøl.

Boka er minimalistisk, gode overskrifter ved kvart dikt, og det er luft mellom linjene, der orda kjem til sin rett. Ei diktsamling meir eller mindre utan ende-rim. Ser ein bort frå overskriftene, så er alle dikta heilt fri frå store bokstavar. Her stiller kvart ord heilt likt.

Forfattar har skrevet dei fleste av dikta i «det mørkeste mørke», noko som gjenspeiler seg i innhaldet. Men eg vil understreka at eg ikkje fant dikta dystre av den grunn, det er meir eit ynskje om håp og trøyst, og ein ny kvardag der sola atter står høgt på himmelen.

den som har vore ute den svartaste natta
veit at det alltid kjem ein morgon
krypande over dunkle åskammar
ljos som lengtar etter noko å kvila på

Frå diktet «Det vi veit«

Som i mange andre diktsamlinger, så vert naturen og særskilt naturkreftene, ofte brukt som metaforer. Dette er noko alle har eit forhold til, og som lesar kan assosiere seg med. Med andre ord er det trygt å bruke dette, men kanskje litt oppbrukt etterkvart, i form av at enkelte linjer kan ein få ein følelse av å ha lest i ei anna diktsamling. Ikkje ordrett, men metaforisk sett.

«Når dagane ikkje finst» kan mange finne trøyst i. Den er stillferdig, med mørket som utgongspunkt. Men forskjellen frå mange andre diktsamlingar med dette temaet, er at Grønstøl nesten utelukkende skriv om håp, om å søkja trøyst og hjelp frå andre, og om dei små tinga som kan gjera ein mørk dag betre.

Dei fleste dikta er korte, men det er presise dikt med stor tyngde i kvart ord. Det er skrevet rett frå hjartet, og er genuint og ekte, noko ein verkeleg ser att i teksten. Det er dikt med gode bodskap og kloke ord, som er skrevet med få ord på ein forståelig måte. Det er ein liten kunst, men det ser ut som det faller Grønstøl naturleg.

det strålar vel ingenting
gjennom det som er perfekt

sprekkar må til om noko skal
skina gjennom

Frå diktet «Sprekkar»

Det er ein raud tråd boka gjennom med mørke, triste dagar, men det ligg eit håp om solstråler som skal trenge seg inn, og etterkvart opne opp for ein ny dag. Grønstøl skriv om viktigheten om å tenka på andre, men samtidig ta vare på seg sjølv. Alle treng trøyst, ei hand å halda i, og nokon å lene seg til i løpet av livet. Ho skriv óg om å ta vare på dei gode minna, og henta dei fram når det kjem mørke dagar.

kven skal halda ljoset ditt
når du har halde mitt så lenge
at du ikkje maktar halda
for oss begge

Frå diktet «Ljoset ditt»

«Når dagane ikkje finst» er ei diktsamling som vil treffa deg uavhengig kva stadium du måtte befinne deg på i livet ditt. Aldri undervurder ordets kraft, det er denne boka eit godt eksempel på. Ei skattkiste på ein mørk kvardag. Kan anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s