Dunce – Impulskontroll av Jens K. Styve

Ei teikneseriebok i stripeformat med eit vidt spekter av tematikk.

  • Norsk tittel: Dunce – Impulskontroll
  • Forfatter: Jens K. Styve
  • Sjanger: Teikneserie
  • Antall sider: 176
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Egmont Kids Media

Jens K. Styve (Født 1972) er forfatter, teikneserieskaper og illustratør. Han har gitt ut ei rekke teikneserier, men også romaner har kommet frå den kanten, som f.eks «Eg, Ove Kvamme» i 2007. Det er nok likevel Dunce-serien som folk forbinder med navnet hans, og han har vunnet fleire priser for denne serien. I 2017 gav han ut si fyrste Dunce-bok, og pr 2022 har det blitt fire bøker i serien.

Impulskontroll er den fjerde Dunce-boka, også denne er fylt til randen av enkeltstriper, stripesekvensar og lengre seriar. Styve er i storform, både som teiknar og historieforteljar, bli med på ein biltur gjennom Noreg (med NAF Veibok fra 1989), Brego sine forsøk på å gå i vinterdvale, og den gripande sekvensen der Gustav eigenhendig tek ansvar for å redde regnskogen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Egmont Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dunce – Impulskontroll».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei teikneserie-bok i stripeformat, der teksten er på nynorsk. Boka passer for alle aldre.

Dette er mitt fyrste møte med denne teikneserieskaperen og Dunce-serien. Her møter ein Brego, Jens, Gustav og Børge. Det er ein artig blanding av karakterer, og det er jo alltid festlig med eit snakkende dyr som i dette tilfellet er ein hund.

-De hundar er verkeleg flinke til å unngå matsvinn
-Det kan du skrive opp
-Blir du ikkje dårleg av alt det rare du puttar i deg?
-Tja, det kan jo skje…
-Kva gjer du då?
-Kastar opp… …og tar ei ny vurdering om det kan etast igjen

Det er framtredende teikninger der kroppsspråket står sterkt. Med relativt korte tekster i snakkeboblene er det desto viktigere å vise reaksjoner i teikningene, og det har Styve definitivt klart. Det er relativt lite detaljer i stripene, og ofte er det einsfarga bakgrunn, men dette framhever det som er viktig i stripen.

Me fylgjer personene gjennom året, det er sommer og vinter, det er haust og det er jul. Gjennom kvardagen får me glimt av episoder som folk vil både kjenne seg att i, og drøyme seg inn i. Styve har ein lun humor og tar ting på kornet. Ei føler han treff med sine poenger, og at både teikninger og tekst er gjennomtenkt og effektivt fortalt.

Stripene og historiene varierer i lengde og undertone. Nokre er korte og humoristiske, medan andre er lange og har eit godt bodskap. Dei fleste er direkte, men det er nokre der ein må tenke på både bodskap og poenget bak stripen. Latterdøra står på gløtt og åpner seg titt og ofte undervegs.

Det er umogeleg å ønske seg noko som ikkje har ein miljøkostnad.. Ei sånn julegåve fins berre ikkje!
Kva med… Ein klem?
Gav eg ei gåve no? Eller fekk eg ei?

I ein av dei lengre stripene reiser dei rundt på Noregsferie i bil. Her er dei innom forskjellige steder og landsdeler. Her synes eg at forfatter treff blink med sitt skråblikk og humor. Dei er innom Biri, der dialekten blir eit stort problem og dei må ty til kroppsspråk for å prøve å bli forstått. Dette er humor på eit enkelt, men veldig effektfullt plan. Dei navigerer rundt etter den gamle NAF-veiboka, noko som skaper ein del hysteriske situasjoner.

Styve er innom mange forskjellige temaer i sine striper. Ein finn blant anna striper om nordlyset, bortskjemte fugler, skummel serie på Netflix, miljøet og véret. Ein skal ikkje sjå vekk frå at juleevangeliet dukker opp i ny drakt også.

Eg likte måten Styve har vekslet mellom useriøs og seriøs undertone. Det er ikkje kun humor ein finn her. Nokre av dei lengre stripene har eit veldig godt bodskap, der forfatter får tid og rom til å fortelja sin historie. Dette er noko Styve bør gjere oftere, for her var han verkeleg god.

«Dunce – Impulskontroll» er ei solid gjennomført teikneseriebok. Med sine 176 sider er det eit rikhaldig innhald som vil skape masse latter og humring. Jens K. Styve har vunnet fleire priser for denne serien, og det er ikkje utan grunn. Denne må du få med deg.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s