Miljødrama i Båtvika av Jostein Vågenes

Dette er bok nr. 2 om starefuglen Sindre, som passar for born og unge i alderen 9-12 år.

  • Norsk tittel: Miljødrama i Båtvika
  • Forfatter: Jostein Vågenes
  • Sjanger: Barn og unge
  • Antall sider: 132
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: CreaNor

Jostein Vågenes gav ut barneboka «På haiketur gjennom Europa» i 2021, og fulgte opp med «Miljødrama i Båtvika» i 2022.

Sindre sitt vinteropphald i Sør-Europa endar dramatisk. Men snart er han og venene på veg til Noreg, og rolege dagar i Båtvika. Trur dei. For der skjer det mystiske ting: Kvifor vil nokon grave opp den store myra, som no er full av reir, egg og fugleungar? Og sage ned skogen og trea med fiskar Andersen sine fuglekassar? Kan den stygge gravemaskina stoppast før det er for seint? Kvifor kjem fru Berthelsen til Båtvika? Må ho også stoppast? Har barnebarna til fiskar Andersen lært noko om miljø og miljøkamp som kan brukast?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Miljødrama i Båtvika».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 om starefuglen Sindre. Boka kan fint leses frittstående, men med stadige henvisninger til den fyrste boka, så vil eg anbefale å lese den fyrst. Dette er ein roman på nynorsk for barn og unge i aldersgruppa 9-12 år.

Boka inneheld 44 kapitler med overskrifter, og er i så måte lettlest. Me møter att starefuglen Sindre, som me vart kjent med i boka «På haiketur gjennom Europa». Sindre får seg nye vener, men også nokre gamle kjente dukker opp for å hjelpe til når Sindre treng det. Pierre er ein ny fuglekarakter som gjer sin inntreden i denne romanen. Han er ein artig skrue som går litt eigne veger, og skaper liv til historia. Bestefaren til Sindre er aktiv i starten, men så forsvinn han fullstendig utan at eg heilt fekk med meg årsaken til det.

Innimellom så foregriper forfatter begivenhetens gang. Skildringer vert hoppet over eller episoder spolt frem uten at me får vite korleis det foregår. Som f.eks når dei skal forsøke å redde ut ein fugleunge frå eit bur. Plutseleg er han ute, utan at ein har fått vite korleis. Eg følte også at det var ein og anna halvveis forklarende setninger.

På overflata av sjøen er berre nokre kraftige flyteringar synlege. Som enorme baderingar. Men under kvar ring heng ein 30 meter djup nótpose. Hundretusenvis av store laksar søm rundt i desse posane, eller merdane, som mannskapet på båten kallar dei.

Denne gongen er det miljø og miljøkamp som er bodskapet. Eit bodskap som er viktig uansett alder. Det store spørsmålet er om forfatter har klart å skrive på eit nivå som går inn hos dei unge. Til det er svaret litt delt.

Bodskapet kjem tidvis godt fram, der samarbeid og miljø speler ein viktig rolle. Samtidig følte eg at noko av det kan gå litt over hovudet på dei yngste viss dei les på eiga hand.

Sjølv om det er eit alvorleg tema og undertone i romanen, er det likevel rom for ein del småartige og absurde situasjoner. Det er positivt av Vågenes veksler mellom det seriøse og useriøse, slik at leseren ikkje føler på at det vert leksa opp moralpreken om miljøskader og kva det har å seie for samfunnet og ikkje minst for dyrelivet.

«Nusse! Min Nusse! Hjelp, lensmann, politi, prest, dyrlege, hjelp, er det ingen her ute som bryr seg om skikkelege folk? Nusse kostet over 30.000 kroner, er dere klar over det?»

Vågenes skriv om store naturinngrep og kva konsekvenser det har for dyrelivet. Han skriv også om tankesettet til mennesker, der dei setter eiga økonomisk vinning framfor miljø og dyreliv. Miljøsyndere må stoppes, og det har ein flokk med fugler tenkt å gjere. Men korleis skal dei klare det?

Karakterene er varierte og har karakteristiske kjennemerker. Pierre er eit prakteksemplar på nettopp dette. Etter å ha sittet i eit bur hos ei eldre dame som likte å sjå på krimserier på tv’en, så kjem det ofte Pang! Pang! -utbrudd frå denne særegne fuglen. Dette er eit bra verkemiddel der ting vert gjentatt utan at det vert eit irritasjonsmoment.

Samarbeid står sterkt i romanen, og strekk seg på tvers av dyr og mennesker. Samhold og venskap står for ein fremtredende rolle, og viser at ein kjem langt med gode vener som støtter og hjelper ein i tykt og tynt. Her synes eg Vågenes treff godt med historien. Den er engasjerende og til dels spennende, sjølv om føringer vert lagt undervegs om korleis det vil ende til slutt. Overskriftene er gode og gjer til at ein vert nysgjerrig på neste kapittel.

«Ja-a,» seier mannen med spak røyst, «du må melde fuglen til politiet, oppgi at den er grønn, gul og sort, med rødt nebb. Husk å ta med at skurken er bevæpnet.»

«Miljødrama i Båtvika» inneheld viktige og gode bodskap. Alvoret ligg som eit lokk over historia, men heldigvis har forfatter lagt inn småartige situasjoner her og der, som gjer den lett å lese tross sitt innhald. Historien er god og til tider spennende, og boka kan eg trygt anbefale videre.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s