Lukk meg i ditt hjerte inn av Eva Salhus Winther

Ein solid debutroman om ein ung og fremadstormende journalist som får sin fyrste drapssak i fanget.

  • Norsk tittel: Lukk meg i ditt hjerte inn
  • Forfatter: Eva Salhus Winther
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 332
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Skriveakademiet

Eva Salhus Winther (Født 1978) er journalist i Saltenposten. Ho har hatt tekster med i diverse antologier, og i 2022 kom ho med krimromanen «Lukk meg i ditt hjerte inn».

Sommeren 2014 kommer journalisten Lena Berg hjem til Fauske for å jobbe i lokalavisen. På Sjønstå gård har forberedelsene til årets teaterforestilling startet, men alt stopper opp når det blir funnet et ille tilredt lik på gården. Lena Berg får i oppdrag å skrive om forestillingen og havner fort midt i begivenhetenes sentrum. Hva har skjedd? Hvem er den døde personen? – Og hvordan takler Lena Berg møtet med den kompliserte fortiden sin? «Lukk meg i ditt hjerte inn» er en kriminalroman med overnaturlige undertoner, der fortid og nåtid vikles inn i hverandre.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lukk meg i ditt hjerte inn».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman der me fyrst og fremst fylgjer ein journalist i sitt arbeid for å finne sanninga.

Forfatter er journalist og har budd store deler av sitt liv i Fauske, sjølv om ho ikkje er bosatt der nå. Så det er ikkje tilfeldig at hovedkarakteren er journalist og handlinga foregår i Fauske. Eg ser for meg at det er enklere for ein forfatter å skrive meir realistisk og dynamisk når ein kan assosiere det ein skriv med sitt eiga liv. Så også her. Lena Berg er ein godt oppbygd karakter som er dyktig i jobben sin, samtidig som ho må kjempe mot fortida si.

Me er altså i Fauske midt på sommeren. Det er hetebølge og sola skinner. Men på Sjønsta gård (som er ein reell plass) legg det seg eit tungt skylag over gården når ei ung kvinne vert funnet drept. Journalist Lena Berg skal dekke ei teaterforestilling på gården, og havner midt oppi drapsetterforskninga. Ho byrjar å grave sjølv i jobbsammenheng, men etterkvart vert det ein besettelse, og jobb og privatliv glir over i kvarandre.

Det er eit litt grunt plott i og med at det er få personer med til å vere ein krim. Når det er sagt, så veit ein likevel ikkje heilt kva veg forfatter velger. Politiet har fleire mistenkte inne til avhøyr, og Lena Berg plukker opp tips og spor her og der i sine undersøkelser og intervjuer. Bygger dette opp under mistanken til dei politiet har i søkelyset, eller rives det ned? Slike spørsmål er alltid interessante for å sjå kva type krimbok det er. Får me ei sakte oppbyggende krim der ein bruker tid på å redegjøre for handlinga, eller får me tvister og overraskelser undervegs?

Journalistikken står særs sterkt i romanen. Her er forfatter på heimebane, og det føles realistisk i store perioder. Det er stor kamp om å vere fyrst ute med nyhetene, og ein har stadige deadliner hengende over seg. Jakten på det store scoopet er drivkrafta, og kva er då meir spennende enn å få ei drapssak i fanget? Lena får etterkvart ein fot innafor hos politiet der dei deler informasjon, og ho får på denne måten eit fortrinn i saken. Likevel skal nyhetssakene skrives etter etiske retningslinjer, og ho får stadige formaninger om at dette må ikkje ut i avisa. Ho beveger seg på ein knivsegg når ho må sortere ut kva ho har med og ikkje.

Redaksjonssjefen vart kanskje i overkant positiv og medgjørlig. Nå kjenner ikkje eg til arbeidsforholda innenfor nyhetsdesker og slikt, men her skulle eg gjerne sett at ein fekk friksjon og motsetninger. Det er litt småkrangling innad blant dei få journalistene som jobber der, men det er kun småtterier. Forfatter har skapt større konflikter og motsetninger når ho har skapt karakterene som kjem frå Kripos. Der får me ein som er rask på «avtrekkeren», i form av å ta kjappe avgjerelser, medan den andre er meir nøytral og har eit anna tankesett. Dette skaper bi-historier og er med på å live opp historia.

Bård kjente det knøt seg i magen. Var Alf Haugstad av den gammeldagse machotypen politimann, som var ute etter å få siktede til å tilstå, i stedet for å lytte og prøve å finne bevis for at personen var uskyldig?

Skildringer av pressekonferanser er strålende. Det er som å vere i salen, eller foran tv’en og sjå dei sitte der og ta i mot spørsmål frå nyhetshungrige journalister. Svarene dei gir føltes realistisk og skaper ein troverdighet blant etterforskerne.

Fortid og nåtid blandes fint inn i historia. Eit gammelt sagn frå traktene vert trekt fram der det overnaturlege speler ein viktig rolle. Og på ein eller anna finurlig måte klarer forfatter å skape ein usikkerhet rundt dette, og eg følte at tankegangen min vart lurt. Dette er positivt og det tillegges eit nytt perspektiv i romanen og saken. Så dette var eit solid stykke arbeid.

Over elva og elvebredden lå tåken som et diffust lokk over vann, gress og kratt. Han grøsset, og holdt på å snuble i en trerot. Det var da han fikk øye på noe i disen som sivet ut fra den fuktige bredden. Han sto som fastfrosset og prøvde å fokusere blikket.

Sjølv om me får drypp av avhøyr og nokre kapitler med Kripos-etterforskere i fokus, så handler dette hovedsaklig om journalistarbeid. Det er ingenting originalt over historia, men av og til er det enkle ofte det beste.

Språket er veldig bra, og det er ingen problem å sjå at forfatter har skriving som jobb. Winther uttrykk seg godt og unngår lange og unødvendige setninger. Sjølv om drivet kanskje er litt ujevnt så holdes likevel forteljinga oppe med sitt enkle og solide språk.

Eit par klisjeer er med, særskilt den med at noko er i ferd med å demre, men som ein ikkje heilt klarer å få tak i. Det er eit verkemiddel som kjøper forfatter tid til å komme med den store avsløringa, men den byrjar å bli oppbrukt.

Og hadde hun ikke sett den et annet sted også? Det var akkurat som om noe var i ferd med å demre, men hun klarte ikke å få det helt fram.

Eg føler at dette er starten på noko virkelig bra. Språket er der, og dialogene flyt strålende. Kapitlene er korte og innehar bra cliffhangere her og der. Lena Berg er ein karakter som på langt nær er ferdigskrevet. Det ligg nok masse gjemt under huda der som det kan skapes gode historier om. Så her håper eg at Eva Salhus Winther nyttar høve til å fortsette på denne karakteren i framtida.

«Lukk meg i ditt hjerte inn» er ein krimroman med journalistikk i fokus. Den føles realistisk og innehar eit lett, men likevel engasjerende språk. Miljøskildringene er gode og forfatter legg inn eit snev av det overnaturlige med stort hell. Dette var ein solid debutroman frå Eva Salhus Winther.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s