Dovres utvalgte av Morten Brusletto

Ein original debutroman om korleis Noreg og Europa kunne sett ut viss 2.verdskrig hadde fått eit anna utfall.

  • Norsk tittel: Dovres utvalgte – Operasjon Spartakus
  • Forfatter: Morten Brusletto
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 251
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vidda Forlag

Morten Brusletto (Født 1956) er freelance journalist, skribent og videoprodusent. Han debuterte som forfattar med romanen «Dovres utvalgte» i 2021.

Martin Brolöcken ble født i 1972, som et ekte nazibarn i et nasjonalsosialistisk Norge. Vi følger ham under oppveksten og inn i arbeidslivet i Det Tredje Riket. Han er oppdratt til å være en del av herrefolket og tilhøre den herskende rase.
Men det er noe som skurrer.
Nye bekjentskaper og hendelser gjør at Martin etter hvert ser det norske nazi-samfunnet med nye øyne. Han setter både ekteskap, karriere og etter hvert også livet på spill.
Bli med inn i det moderne, nazistiske Norge og få et innblikk i hva vi kunne ventet oss om Nazi-Tyskland hadde vunnet
2. verdenskrig. Denne gangen bruker de avansert teknologi for å beholde kontroll over folket.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dovres utvalgte».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er, som forfattar skriv i forordet, ein kontrafaktisk roman som skildrer kva som kunne skjedd om Nazi-Tyskland hadde seiret under den 2. verdskrig.

Romanen er basert på faktiske hendinger med reelle personer. Forfattar har også lagt inn ein god dose fiksjon og oppdikta personer, så her går fakta og fiksjon hand i hand.

Det er ei rimelig omfattende ordliste bak i boka. Dette har forfattar informert om i forordet, noko som alltid er ein stor fordel å gjere. Forfattar har også med avtrykk av autentisk brev som ein norsk nazisympatisør sendte til Rikspresident Vidkun Quisling. Slikt er med på å skape følelsen av troverdighet til heile historien, sjølv om det er ein fiktiv utvikling.

Forfattar har brukt brevet som inspirasjonskilde til denne romanen. Geilo, eller Gjeilo som det heitte den gong, vert jevnet med jorden og ein heilt ny by blir reist. Kvislingstadt oppstår og vert knutepunktet mellom aust og vest.

Die Bank sine kontorer ligger på Adolf Hitlers Plass, midt i Kvislingstadt. Alle byer i Riket av en viss størrelse og viktighet har sin egen Adolf Hitlers Plass. Det finnes 100 stykker av dem, alle laget etter Riksarkitekt Albert Speer sin mal. I Norge finnes det to slike plasser og jeg er veldig stolt over at min hjemby har blitt denne æren til del, sammen med Oslo. Dette betegner at vi virkelig betyr noe, både i Norge og i Riket.

Hovedkarakteren i romanen er Martin Brolöcken. Han er eit ekte nazi-barn i eit nasjonalsosialistisk Noreg. Martin jobber i det germanske nyhetsbyrået DNA Viken Amt.
Dette er ein karakter som verkeleg skal få satt sin samvittighet, sin tilhørighet og moral på prøve. Han er gift med Güdrid, som er ein eksemplarisk nasjonalsosialist. Dei har eit mangelfullt ekteskap, og ting skranter. Dette er ein interessant bi-historie å fylgje med på.

Eg sleit litt med å finne eit klart bodskap i romanen. Eg følte heller ikkje at me kom særleg under huden på karakterene, og dermed ikkje får noko særleg forhold til dei. Det er hopping i tid og litt ufullstendige situasjoner som går sin gang, men her skal forfattar likevel ha ros for å skape eit heilhetlig bilete i det store og det heile.

Persongalleriet er bra, med ein fin blanding av fakta og fiksjon. Her finn ein personer som har genuint gode intensjoner, og personer som har skjulte agendaer. Kven ein kan stole på og kven som fører ein bak lyset er ikkje alltid like lett å lese ved fyrste øyekast, men etterkvart som romanen utspiller seg, dannes det eit godt bilete av kven personene verkeleg er. Dette gjer også til at ein får ein dynamisk utvikling blant karakterene.

Det er ein god del hopping fram og tilbake i tid i fyrste del av boka. Det vert litt frå krigens dager, før forfatter konsentrerer seg meir og meir om nåtidens Noreg som foregår i 2014 og utover. Sjølv om Hitler ikkje lenger er blant oss, så er Hitlers ideologi videreført.

Det er ingen tvil om at Brusletto har hatt ein møysommelig research bak denne historien, noko også kilde og litteraturregisteret viser. Foran kvart kapittel har han med eit sitat som omfatter nazi-Tyskland, som igjen skaper det ein heilhetlig følelse av troverdighet.

Historia er verkeleg original, der forfattar har tatt visse friheter og forandret på krigens gang under 2.verdskrig. Maktpersoner forsvinn og nye kjem til, og med dette spinn forfatter videre på eit anna utfall. Utviklinga i Noreg er både skremmende og fascinerende på ein gong, der landet er under eit strengt regime med eit merkverdig kvinnesyn. Etterkvart som me nærmer oss nå-tida innføres det også mobiler og dermed også overvåkning av innbyggerne. Så her bruker forfatter dagens problemstilling i samfunnet og baker det inn på ein strålende måte i romanen.

Kun menn kan bedrive utroskap i Riket. Gifte kvinner må akseptere det, men de kan ikke selv ta sjansen på den slags. Å bli oppdaget kan være katastrofalt for en kvinne som har avgitt løftet. Det forventes at de gjør seg ferdig med andre menn før de gifter seg. Men for oss menn oppleves utroskap som en relativt uskyldig og vanlig ting å gjøre når man er på galeien, eller når man turer, som vi lokale kaller det.

Eg likte måten Brusletto bruker kart og fotografier for å skape eit realistisk bilete av romanen. Dette er ein gjennomgående raud tråd og på denne måten vert skillet mellom fakta og fiksjon minimert. Eit godt verkemiddel som forfatter har tatt vare på med begge hender.

Språket inneheld ein del ord som ikkje passer inn i dagens samfunn. Men han må nesten ha dei med for å vise korleis utviklinga og synet på mennesket ville vert under eit nazistyrt regime, sjølv om dei kan vere støtende for enkelte. Det er også ein god del tyske ord og uttrykk med, men desse er godt forklart i ordlista.

Boka er oversiktlig og etterkvart får me servert ein lineær historie. Teksten står i kursiv der hovedpersonen er involvert, og ein har dermed ingen problem med å fylgje med på denne Martin Brolöcken.

Morten Brusletto har skrevet ein særs original roman, der han bruker faktiske hendinger og personer som grunnmuren. Me får eit innblikk i korleis samfunnet og livet kunne utspelt seg i Noreg og Europa med eit stort germansk rike. Han skriv om menneskeskjebner, men også på eit personleg plan med utroskap og forbudt kjærleik. Han kjem heller ikkje unna å skildre tortur og våpenbruk, denne gangen utan krutt, men likefullt dødelig.

«Dovres utvalgte» er ein original roman der fakta og fiksjon går hand i hand. Det ligg eit stort arbeid bak denne boka, og forfatter har satt seg grundig inn i den nazi-tyske ideologien frå 2.verdskrig og skapt ein skremmende og samtidig fascinerende historie med dette som utgangspunkt. Dette var ein solid debutroman som fortjener å bli lest.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar