Chagall stjålet av Anders Somby

Privatetterforskar Herlov Holm må ta i bruka alle midler når han skal komme til bunns i saka om det stjålne maleriet av Marc Chagall. Dette er fyrste bok i ein krimparodi-serie om Herlov Holm.

  • Norsk tittel: Chagall stjålet
  • Forfattar: Anders Somby
  • Sjanger: Krim, Parodi
  • Antall sider: 249
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Anders Somby

Anders Somby bur i Oslo. Han har tatt hovedfag musikk på Universitetet i Oslo, og har komponert musikk opp gjennom åra. I 2020 kom han ut med sin fyrste roman på eige forlag. «Chagall stjålet» er den fyrste boka i serien om spesialetterforskar Herlov Holm.

Et sjølvportrett av Marc Chagall vert stjålet frå ein leilighet i Oslo. Eigaren av kunstverket, Eiva Hellande, ber privatetterforsker Herlov Holm om hjelp til å finna måleriet. Det uvanlige er at ho ikkje hugsar tjuveriet, sjølv om ho var til stades når det inntraff. Samtidig har assistenten til Herlov Holm, doktor Jon Matson, kommet attende fra ferie og ivrer etter å vise den nye barten han har dyrka fram. Med sin skarpe luktesans og sitt eineståande intellekt, vitenskapelige metoder, ein hang til bruk av sterke medikamenter og med kontroll på sin yngre assistent, skal Herlov Holm løysa mysterier som i utgangspunktet virker uforklarlige.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Chagall stjålet».

Dette er den fyrste boka i ein krimparodi med spesialetterforskar Herlov Holm i hovedrollen. Med seg har han doktor Jon Matson. Allereie her reknar eg med at da er fleire som kan tenke seg kva slags karakterer forfattar har funnet sin inspirasjon frå? Sjølvsagt er det Arthur Conan Doyle’s udødelege karakater Sherlock Holmes. Eg var jo litt spent på om ordet «elementært» var med i romanen, men det skal eg ikkje røpe her. Bok nr. 2 i denne serien er planlagt utgjeven august 2021.

Dette er ei roleg krimbok, der politiet speler tredje fiolin og knapt er nevnt, og det farlegaste våpenet i boka er ei krykke og ein teaser-pistol. Her er det hjernen og snakketøyet som gjer jobben.

Det vert ikkje lagt så stor vekt på å koma under huda på hovedkarakterene. Det er på det meir overfladiske at me vert kjent med dei. Me møter ein Matson som er frykteleg opptatt av ein nylig anlagt bart, riktignok ein litt tynn og pistrete, men likevel meiner han at det skal vere nok til å vekke kvinners interesse for han. Matson er óg den som er litt treig i oppfatninga, og da kjem mange spørsmål frå den kanten. Når da gjeldt Herlov Holm så har han fotografisk hukommelse, leser folk på ein måte ingen andre klarar, og har ein sylskarp hjerne, og eit auga og to for å oppdaga og skjøna alle detaljane.

Handlinga i boka foregår i Oslo. Forfattar har tatt med ting frå verkelegheita inn i sin roman. Tale Art Museum med Petar Tale i spissen er nevnt, og me får eit innblikk i eit sjølvportrett av Marc Chagall og masse om sentralstimulerende stoffer og verknadene av dette. Når da gjeld sjølvportrettet som er skildra i denne boka så er det ein fiksjon, men er tatt utgongspunkt i det originale sjølvportrettet frå 1915.

Plottet vart for meg litt tynt. Holm nyttar nokre bileter frå overvåkningskameraer og dermed drar konklusjonar som meir eller mindre løysar saka åleine. Joda, det er ein krimparodi, og eg skjønar at forfattar vel å overdrive, men eg følte likevel at balansegangen vart litt skeivfordelt. Det skal leggast til at eg syntes plottet fekk langt meir innhold utover i romanen.

«Jeg måtte late som ingenting, hadde Holm skrevet, så derfor gikk jeg videre med kofferten på slep. Antakelig litt fortere enn vanlig, og det førte til at jeg trådte feil på fortauet og snublet forover. Jeg slapp kofferten og tok imot fallet med hendene og det ene kneet. Etter fadesen reiste jeg meg fort og så meg nervøst rundt. Så børstet jeg bort litt støv fra det ene jakkeermet og buksebenet. Jeg kremtet og grep kofferten igjen, før jeg gikk litt stivt videre til blokken, der en vaktmester ventet på meg med brikken til Herlov Holms hus.»

Det er mange dialogar mellom Holm og Matson. Her synes eg forfattar har vert dyktig i å få fram korleis ein kom fram til ting, og kva som var grunnlaget for dette, gjennom alle spørsmåla Matson stiller Holm, sjølv om enkelte av framgongsmetodene kan vere under enhver kritikk. (Men med eit humoristisk syn er alt lov) Dialogane er meget godt skrevet og språket er veldig bra.

Det vert masse snakk rundt sentralstimulerende stoffer, sidan Holm har eit eige «laboratorium» på kjøkkenet sitt. Her driv han og eksperimenterer og lager eigne stoffer til forskjellige gjeremål. Og ein skal ikkje sjå bort frå at hans kjære venn, Matson, må lide litt under dette. Litt morosamt er det når kontaktpersonen i politiet svinger innom i ny og ne, og dei prøver febrilsk å gjøyme unna all brukerutstyret i ein fart.

Sjølve forbrytelsen kunne like godt minnet om noko B-gjengen eller Magica fra Tryll kunne funnet på. Men det fungerer, og er litt fascinerande. For stoffet finnes legalt i Noreg, og på ein måte er det seriøst og ekte, på ein anna måte ein parodi. God fantasi og godt jobba av Anders Somby der.

Skildringane i Osloområdet er forfattar sparsommelig med. Nokre adresser og gatenavn vert nevnt, men han har fyrst og fremst lagt vekk på dialogar mellom personar. Noke eg synes var heilt greit, for desse dialogane er verkeleg gode, og til tidar artige og overdrevne.

Medan ein les så sat eg og grubla på kven som lyger og kven som snakkar sant. Forfattar setter personar opp mot kvarandre, og meg som lesar midt i mellom. God teknikk og eit godt verkemiddel frå forfattar.

Boka er gitt ut på eige forlag, der forfattar står for det meste sjølv. I den forbindelse må eg få berømme språkvasken. Ein kan fort oppleve enkelte skrivefeil, men her er det prikkfritt.

Me treng fleire forfattarar som blandar inn litt parodi og humor i krimsjangeren, slik at bokelskere som normalt kanskje ikkje les så masse krim, kan få ein god og artig leseopplevelse, sjølv om det er utanfor komfortsonen i bokverdenen. Somby viser med denne boka at han absolutt har ei framtid som forfattar.

Dette var ein interessant og spennande debutbok. Lettlest krim med eit spøkefullt auge for detaljar. Kan anbefalast til alle som liker ein god parodi, eller ei lettlest krimbok med humor. Eg ser allereie fram mot neste møte med Herlov Holm.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s