Ein teikneserie med fantastiske illustrasjoner og ein interessant fantasy-historie for eldre born og unge.
- Norsk tittel: Oppfinneren – Jakten på evighetsmaskinen
- Forfatter: Lars Henrik Eriksen
- Sjanger: Teikneserie, Fantasy, Barn og unge
- Antall sider: 142
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS
Lars Henrik Eriksen (Født 1985) er illustratør og teikneserierskaper. Han debuterte med «Oppfinneren – Jakten på evighetsmaskinen» i 2022, som er fyrste bok i ein fantasy-serie.

Oppfinnerspiren Kobolt Kogg bor sammen med moren sin på en liten øy, der beboerne livnærer seg av jordbruk med hjelp av kjempeskilpadder. Alle er fortrolige med sin plass i den rolige landsbyen, med unntak av Kobolts bestefar. Han er øyas store oppfinner, og ser aldri ut til å la en sprø idé kunne bli liggende i skuffen. En dag utforsker Kobolt og hans gode venn Linnea en av bestefarens maskiner helt alene. De mister kontrollen og forårsaker en eksplosjon som rammer dem begge. Kobolt havner i rullestol. Han er likevel fast bestemt på å oppnå drømmen sin. Drømmen om å bli en oppfinner.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Egmont Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Oppfinneren – Jakten på evighetsmaskinen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er fyrste bok i ein fantasy-teikneserie om Kobolt Kogg. Boka passar for eldre born og ungdommer, men også vaksne kan ha stor glede av serien.
Fantasien er på topp i denne boka, og ein finn klare fantasy og sci-fi element. Me vert invitert inn i eit univers der skilpadder og skilpaddeskall vert gjort stor nytte for seg. Landsbyen me vert kjent med heiter Mata-Mata, og her bur blant andre oppfinnerspiren Kobolt Kogg, som er hovedkarakteren i serien. Kobolt er ein nysgjerrig unge som bruker bestefaren som inspirasjonskjelde når det kjem til oppfinninger. Det bur ein god del barn på øya, men hans beste venn er Linnea. Dei to er eventyrlystne og går inn i verkstaden til bestefaren, der Kobolt forsøker å bruke ein av oppfinningene på eiga hånd. Det skulle dei aldri gjort…
Bestefaren er ein karismatisk karakter, og ein litt sånn Reodor Felgen-type. Han er ein person som er bestefar-aktig, men samtidig er han ein einstøing som bur for seg sjølv ytterst på ei knaus. Hans oppfinnelser er ofte storslåtte og forut for si tid, noko som gjer at innbyggerne er skeptiske til han. Når det så går galt, og to unger vert alvorlig skada i verkstaden hans, vender landsbybeboerne sin vrede mot han. Ein får jo medlidenhet med han, for alt han vil er landsbyens beste. Men kva skal han gjere no? Det er fleire slike dilemmaer i historia, der personer vender seg mot kvarandre, og det skapes konflikter og vert til interessante bi-historier.
Dette kan ikke repareres med skruer og muttere. Eier du ingen skam? På grunn av deg er ikke bare datteren min skadet, men også ditt eget barnebarn! Det familien din trenger er at du drar. Langt vekk.
Teikningane er strålende. Dei er fargerike og forklarende, der særleg ansiktsuttrykka vert i fokus når det drar seg til. Men i ganske mange av dei har Eriksen tatt med omgivelsene, og det er her eg virkelig storkoste meg. For her er det små detaljer som umiddelbart skaper ein følelse av her er det lagt ned mykje arbeid i kvar einaste teikning. Detaljer som er morosamme og totalt uinteressante for sjølve historien, men som likevel skaper ekstra liv i illustrasjonene. Så her kan ein finne mange små «kinderegg» gjemt i teikningene. Artig påfunn og eit godt verkemiddel.
Skilpadder er gode nyttedyr i landsbyen. Desse varierer enormt i størrelse og bruksmåter. Dei største er nesten som et stort hus, og skallene fungerer blant anna som tak på husene, som ryggsekk og korg, og til og med som lampeskjerm. Det er mange detaljer å studere, så her håper eg leseren tar seg tid til å sjå nærare på illustrasjonene og ikkje berre pløyer gjennom boka.
Eg følte det var eit par dialoger som var litt vanskelige å fylgje med på, særskilt der det er mange snakkebobler i samme teikning. Eg måtte lese den fleire ganger for å få sammenhengen i samtalen.
Etter kvart som historia skrider frem, gjer forfatter eit hopp 5 år fram i tid. Kobolt er blitt ein ungdom, og det skal verte spanande å sjå i dei kommende bøkene om også tankemønster og uttrykksform endrer seg hos han.
Dette er bok nr. 1 i serien og me får derfor ingen avslutning i denne boka. Men det er ein veldig god introduksjon til serien, og som garantert vil gi mersmak sidan historien er interessant og unik.
«Oppfinneren – Jakten på evighetsmaskinen» er ein fantasy-teikneserie som innehar fantastiske teikninger, og ein solid grunnhistorie som forfattar kjem til å spinne videre på i de kommende bøkene i denne serien. Dette er ei bok som kan anbefales videre til eldre born og ungdom, men også til voksne.
TERNINGKAST: 5