Nora og korona av Siri Sjøgren Selmer

Ei strålende barnebok om koronapandemien sett gjennom eit barns auge.

  • Norsk tittel: Nora og korona
  • Forfatter: Siri Sjøgren Selmer
  • Sjanger: Born og unge
  • Antall sider: 125
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Manuskript Forlag

Siri Sjøgren Selmer er statsviter, og har tidlegare publisert ein rekke kronikker i landets største aviser. Ho debuterte som forfattar med barneboka «Nora og korona» i 2022.

En dag kommer en usynlig fiende til Norge, og Noras verden blir snudd på hodet. De voksne sier at korona ikke er farlig, men skolene blir stengt og man skal holde en meters avstand og vaske hender hele tiden, for ellers kan folk dø. Og som om det ikke er nok, må alle barn bare velge én venn å være sammen med. Gjett hvem som ikke blir valgt .. Men Nora er ikke den som gir opp så lett! Sammen med familien sin gjør hun det beste ut av situasjonen – og får noen nye venner på kjøpet. Nora og korona handler om vennskap, om utenforskap og om hvordan det er å være redd for noe man ikke forstår.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Manuskript Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nora og korona».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman om eit barns opplevelse av koronapandemien, og passar for barn frå 6 år og oppover.

Me møter sju år gamle Nora. Ho går i første klasse, og me kan sjå med ein gong at ho vert urettferdig behandla av sine klassekamerater. Nora har ein raud stressball som ho knepper på når ting er litt vanskeleg, men ein dag kjem det ein gut og river stressballen frå ho samtidig som han dytter ho i magen. Frå denne dagen av føler ho at stressballen er inni magen sin. Når pandemien kjem med full styrke inn over landet vårt, kjenner Nora på angsten, bekymringa og stressballen i magen hennes beveger seg heile tida. Dette er historia om da korona vart ein del av dagliglivet sett frå eit barns synspunkt.

Det er alltid eit spenningsmoment å sjå om forfatter treff målgruppa si med slike bøker. Det er ein kunst å skulle forklare eit vanskelig tema på ein enkel måte. I denne boka skal ein også forklare det gjennom augene til ei sju år gamal jente. Har forfatter lykkes?

Boka er skrevet slik at forfattar har tatt med dei viktigste punktene under pandemien. Den fyrste tida, panikken, nedstengning av samfunnet, heimeskule, 17 mai og bursdagsfeiring, kohorter, avstand, angsten for å få korona, og redselen for å smitte andre.

Alle jentene i klassen er sure på henne, fordi det er bursdagen hennes snart, og så kan hun bare invitere noen få.
De er tretten jenter, og alle vil vite hvem som blir invitert, men det vil ikke Nora si, for hun vet ikke, og de skal ikke holde noen utenfor. Det står i klassereglene, men statsministeren sier de bare kan ha fem i bursdag, og det sier kongen og. Det er Nora sikker på. Og hun vet ikke hva hun skal gjøre.

Det er flotte virkningsfulle svart/kvit teikninger. Illustratør Camilla Freng Billett har vert dyktig på å skape sinnsstemning i illustrasjonene. Det levnes ingen tvil om korleis karakterene opplever situasjonen dei befinn seg i, noko også borna vil oppdage lett.

Opplevinga av at det er eit barn som opplever tingene er definitivt til stede. Det er eit fantastisk språk som passer utmerket til målgruppa. Vanskelege ord er enkelt forklart, og bodskapet kjem veldig fint fram. Selmer har også klart å bruke metaforer som born kan assosiere seg med, og skaper med dette ein umiddelbar kontakt med både leser og lytter.

– Luringer, sier Oscar fra gulvet, men så smiler han, og da ler Marta og. Og latteren farer ut av henne som rader med såpebobler fra en såpeboble-pistol.

Enkelte kapitler var det kanskje litt masse rein tekst i, så barn som leser sjølv kan finne dette litt «uoverkommelig» og gi litt opp. Her skulle eg gjerne sett at det var enda fleire illustrasjoner eller at kapitlene var delt enda meir opp, for å skape ein mestringsfølelse av det å fullføre eit kapittel under ei lesestund. For vaksne som leser så er det stort sett ein heilt grei lengde i ein travel kvardag.
Sidan det er ein del personer med, så hadde det ikkje skadet å hatt ein liten introduksjon av dei foran i boka, så borna kunne blitt litt kjent med dei før historia starta.

Forfatter skildrer pandemien på ein strålende måte. Ho bringer fram det mange allerede har fortrengt, og gir det eit ansikt til dei som gikk gjennom det, men også til kommende barn som har høyrt om det, men ikkje opplevd det.

Selmer har tatt med familie i historien der det også er eldre mennesker som bur i hus med unge. Der må ein ta ekstra hensyn og ein opplever ein meir hysterisk mor enn hos Nora. Dermed får me heile følelsesregisteret, panikken og den overforsiktige delen av pandemien servert også. Dette er veldig bra og danner eit meir heilhetlig bilete av situasjonen som var.

Gjennom denne historien viser forfatter kor viktig det er å snakke med borna når ting oppstår. Dei kan plukke med seg bruddstykker av samtaler frå vaksne, frå det dei høyrer av andre og fra TV, og setje det saman på ein feil måte… Dette vil skape unødvendig frykt og angst som dei går rundt og bærer på, som Nora gjer i denne boka. Dette er eit meget godt og viktig bodskap i boka.

Da ler alle tre. Men stressballen til Nora dirrer i magen, for tenk om det er korona på melken! Tenk om det er korona overalt, sånn som mammaen til Sofie sier. Da kan den jo komme hjem til Nora, og feste seg til mamma, og gjøre mamma syk, og da kan hun dø, faktisk. Det sa doktoren på TV.

Nora er ein fantastisk karakter, som ein umiddelbart får stor medfølelse med. Ho er redd, og angsten ligg som ein levende vegg utanpå ho. Ho blir utstøtt av venninnegjengen, men likevel gir ho ikkje opp, og den omsorgen ho har for andre mennesker er berre vakker. Det er også artig å sjå dynamikken i familien. Ho har fem søsken, der fire av dei bur heime, og to foreldre som er opptatt av jobb. Det vert mange små og store konflikter som eg tipper ein kvar forelder har opplevd.

«Nora og Korona» er ei barnebok der forfattar til de grader har lykkes med både språk og bodskap. Ho setter fokus på den angsten og bekymringa born opplevde under koronapandemien. Historia er litt trist og veldig sjarmerende. Dette er ei bok eg varmt kan anbefale videre til både born, unge og vaksne, for her vil ein få mange kjekke lesestunder. Ein fantastisk debutroman frå forfatter Siri Sjøgren Selmer.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar