Boka inneheld 37 enkelthistoriar frå ein sjukepleiers kvardag. Hendingane har eit vidt spekter, der både medmenneskelighet og fagleg kompetanse går hånd i hånd.
- Norsk tittel: En sykepleiers hverdag
- Forfattar: Anders Christoffersen
- Sjanger: Dokumentar, Helse
- Antall sider: 199
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Cingulum Forlag
Anders Christoffersen er utdanna hjelpepleier og sjukepleier, og sommeren 2021 vert han ferdig utdanna lege ved Universitetet i Pécs. Han debuterte som forfattar i 2021, med dokumentarboka «En sykepleiers hverdag».

Jobben som sjukepleiar er svært variert og full av utfordringar. I denne boka tar sjukepleiar Anders Christoffersen oss med på innsida av det norske helsevesenet. Me fylgjer ham i arbeid på legevakt, akuttmottak, nyfødtintensiv, ambulanse og psykiatrisk avdeling.
Gjennom enkelthistorier får du et innblikk i korleis sjukepleiarar døgnet rundt jobber med å redde og bevare liv i Helse-Norge. I boka blir du med når sjukepleiar Anders passar på premature barn på nyfødtintensiven, rykker ut på hjertestanser, tar imot sjuke og skadde på legevakta og mykje meir. Ein sjukepleiars kvardag gjev deg etitunikt innblikk i norsk helsevesen.
Koronapandemien som ramma Noreg i 2020, auka presset på helsevesenet vårt. Anders var på frontlinja både på legevakta, koronalegevakta og teststasjoner. Det presset sjukepleiarar og annet helsepersonell opplevde, skildres unikt i eit av bokens kapitler.
Sjukepleiaren er der når du vert født, og fylgjer deg ut av livet når du ein gong sovner inn. Mange trur muligens de veit kva en sjukepleiar arbeider med – men veit de egentlig det? Når du les denne boka, vil du blir overrasket over omfanget av arbeidet landets sjukepleiarar utfører, og det ansvaret de faktisk har.
Boka inneheld Anders sine personlige opplevingar og er skrevet med stor åpenhet og ærlighet.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En sykepleiers hverdag».
Boka har 37 enkelthistoriar, i tillegg til generell informasjon som for- og etterord, og kva ein sjukepleier er og kan oppleva. Historiene har eit vidt spekter. Alt frå forsøk på gjenoppliving, vere eit medmenneske, måtte roe ned aggressive personer som er ruspåvirka, til å starte behandling på ein person med lungeødem på over 6000 meter høyde i Sør-Amerika.
Historiene er samla opp gjennom hans åtte år som sjukepleiar. Dette er historier som har gjort sterkt inntrykk på forfattaren på både godt og vondt. Han skriv ikkje berre om eigne bragder, men også om episoder der han tabba seg litt ut, eller vurderte situasjonen feil. Dette skaper ein viss balanse i boka, og gjer den meir spanande. Når ein byrjar på eit nytt kapittel veit ein ikkje utfallet, då forfattar har tatt med både skyggesidene og solskinnshistoriene frå yrket.
Navna er sjølvsagt fiktive, og han har måtte begrensa sine skildringar for å ikkje bryta taushetsplikta og personvernet. Likevel klarar Christoffersen å skapa eit godt bilete av situasjonen, og me kjem nært innpå kvar enkel hendelse. Likevel skulle eg gjerne sett at da var skrevet meir rundt enkelte av kapitla. Nokre kapitler er sterk lesning, og har tydeleg gått inn på forfattar. Korleis har dette påverka han som menneske når det skjedde og i ettertid? Da savna eg å få eit skikkeleg svar på.
«Vi lærte mye nyttig på universitetet, jeg hadde flinke lærere, professorer, veiledere og kontaktsykepleiere. Men ingen lærte meg hvordan en møter en voksen kvinne med et gråtende barn i armene som er mishandlet av ektemannen. En pasient som er skadet av en av sine aller nærmeste, og som ikke har noe sted å gå.»
Alle yrker har sine sider som folk flest ikkje tenker over. Men få yrker krever meir av ein person, enn i helsesektoren. Ein feil her kan få fatale fylgjer, og i verste fall føre til dødsfall eller skader livet ut. Dei jobber under eit konstant press, særskilt no under koronaperioden. Forfattar har kun eit kapittel som omhandlar koronaepedemien. Dette synes eg var eit klokt valg, då korona ikkje er ein normal kvardag, men eit ekstraordinært forløp. Men til gjengjeld er kapitelet om koronaen sterk lesing.
Ein finn mange sterke skildringar her, mest i form av kjensler til pasienter og pårørande. Men da er logisk nok enkelte skildringar om skadeomfang som kan gje enkelte bilete på netthinna, som kan vere litt i overkant for dei som slit med å sjå blod og skader i verkelegheita. Men dette er kvardagen til ein sjukepleier, og må sjølvsagt vere med i denne type bok.
Christoffersen skildrar eit yrke som er utsatt for verbal og fysisk vold. Alt frå drapstrusler mot seg og familien, til å få slag og spark retta mot seg. Politiet må ofte tilkallast, og ein allereie hektisk kvardag kan bli kaotisk på nokre få sekund. Han skildrar óg ein ukultur blant vaksne oppegående mennesker. Personer som tenker på seg sjølv, og som skjeller ut sjukepleiarar på legevakta, då dei meiner dei tydeligvis er fyrst i køen. Forfattar forklarer tydeleg prioriteringsprosessen på legevakt i denne boka. Les den, og du vil forstå kvifor du kanskje må venta.
Christoffersen gjentar fleire gonger i boka dette med å sjå pasienten. For som han skriv så fint; Nokre gonger er det å bli tatt på alvor behandling nok i seg sjølv. Og her er han inne på eit vesentleg poeng, og eg er glad for at han framhever dette. Han skryt over det norske helsevesenet, men samtidig er han klar på at da alltid er rom for forbetringar.
Forfattar skildrar mange skjebnar. Nokre er flotte og morosamme, andre er grusomme og hjerteskjærende. Ein del barn er involvert på forskjellige måtar, og da gjer alltid eit ekstra sterkt inntrykk. Han skriv om ein hektisk kvardag, overarbeiding og lange vakter. Likevel må ein oppretthalda fokus og sjå mennesket bak sin sjukdom. Mange tøffe valg må takast, noko som óg blir godt skildra i boka.
Ingen tvil om at Christoffersen byr på seg sjølv i sin jobb som sjukepleier. Han skriv om hendingar der eit trylletriks eller da å laga eit ballongdyr og to, kan roe ned eit barn, sågar ein vaksen, og hjelpe til å skape relasjon og tillit til pasienten.
Språket er lett, og forfattar har gode skildringar rundt kvar hending. Ein og anna ting er skrevet med eit lite glimt i auga, og ein kan ikkje gjere anna enn å smile. Nokre episodar hugsar han betre enn andre, men uavhengig av historien, får ein eit meget godt innblikk i ein sjukepleiars kvardag i denne boka.
Til tross for den travle kvardagen, yrkets mørke bakside, dei same pasientene som lager problem og er ufine og voldelege, til tross for lite tid og oppfylgjing til kvar pasient, så elsker forfattar Anders Christoffersen yrket, og det vises som ein raud tråd boka gjennom. Han skryt av sine kollegaer og er stolt over å vere ein del av helsevesenet. Dei gjer ein uvurderleg jobb, og eg håper neste gong du er i kontakt med ein sjukepleier, at du viser respekt og takknemligheit. Du vil garantert gjere det etter å ha lest denne boka, for den set ting i perspektiv.
«En sykepleiers hverdag» er ei bok til ettertanke, og eit viktig bidrag til å forstå yrket fullt ut. Den er skrevet med innlevelse, og gjev eit balansert bilete på kva ein vanleg kvardag kan innehalde. Den bør vere eit must for studentar innenfor helsesektoren. Men dette er ei bok som alle vil ha interesse av å lesa. Me er alle på ein eller anna måte avhengig av ein sjukepleier i løpet av livet. Les denne boka, så forstår du kvifor dei vert kalla «engler i hvitt».
TERNINGKAST: 5+