Sikkert en klemmefamilie av Elin F. Styve

Ein underholdende roman om jakten på det perfekte familieliv og den berømte fasaden som må holdes oppe utad.

  • Norsk tittel: Sikkert en klemmefamilie
  • Forfattar: Elin F. Styve
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 236
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Elin F. Styve

Elin F. Styve (Født 1968) jobbar til dagleg med leiarutvikling i helsesektoren. Ho gav ut romanen «Sikkert ein klemmefamilie» i 2022.

Når utruskapsbarnet Una som vaksen bestemmer seg for å gjera alt ho kan for å sameinast med faren, er det med ei kjensle av at noko viktig manglar i livet hennar, og ho kjenner seg einsam i lag med mora. Faren er den kjende sjølvhjelpseksperten MotivaTor, og Una følger med på alt han gjer, gjennom YouTube og sosiale medium. Inspirert av dei oppmuntrande livsråda hans finn ho mot til å oppsøka han for å få bli ein del av livet hans, trass i åtvaringar frå sine nærmaste. MotivaTors svoltne sjølvbilde får næring av beundringa han møter hjå publikummet sitt. Men samsvarer merkevaren med hans faktiske liv og personlegdom? Undervegs i jakta på faren erfarer Una at alt ho har drøymt om, ser annleis ut enn det ho forventa. Når ho blir kjend med halvbroren Kalle, tar trua hennar på faren ei dramatisk vending, og ho gjer eit avgjerande val.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sikkert en klemmefamilie».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman på nynorsk med fokus på familieforhold og lengten etter å ha ein far og familie i livet sitt.

Una er ei 24 år gamal kvinne som jobbar som sjukepleiar på ein psykiatrisk klinikk. Ho tenker tilbake på den tida då far hennar, den kjente sjølvhjelpseksperten Tor Høyseth, var til stades i livet hennar. Ho minnes ein tur i dyreparken og ein telttur som det siste minnet. No vil ho forsøke å komme nærare faren, men ho slit med å finne rett tilnærmingsmåte. Una er dagleg innom youtube-kanalen til faren, og sluker kvart einaste ord han kjem med. Ho føler han snakker til henne, og har allereie eit klart bilete på korleis mottakinga kjem til å bli, og kor godt det skal bli å verte involvert i hans familie.

Boka tar for seg sosiale medier, og det glansbiletet som dannes gjennom dette. Det er til tider eit satirisk blikk på bransjen som Tor Høyseth representerer, og ein kan ikkje anna enn å smila over dobbeltmoralen som føres i romanen.

Me fylgjer Una og faren parallelt. Faren er gift, og har to døtre og ein son. Han er suksessfull, og reiser rundt og holder foredrag. Han er ein mann som folk ser opp til og som dei ser på som ein inspirasjonskjelde. Men bak denne glamorøse fasaden med eit lykkeleg familieliv og eit liv utan bekymringar, skjuler det seg meir enn ein skulle tru. Me får ta del i privatlivet hans, og me lærer fort at ikkje alt tåler dagens lys.

Der moren til Una er traust og kjedeleg, er faren rake motsetninga. Hvertfall i Una sitt hovud. Både moren og bestevenninna, Angie, ber ho om å holda seg vekke frå faren. Men ho høyrer ikkje på desse råda, og snart har ho satt i gong ein domino-effekt som ikkje lar seg reversere. Faren har utelatt henne frå sitt liv, men ironisk nok er det han som motiverer ho til å ta kontakt gjennom YouTube-videoene sine.

Faren er heilt motsatt. Ho ser han, les om han, han er så langt fra beige som det er mogleg å komma. Han er sjølve regnbogen av kreativitet og initiativ, ein som kan med ord og folk, som står for noko, betyr noko for andre. Ein kunstnar, det er det han er.

Handlinga foregår for det meste i nå-tid som er 2015, men eit og anna kapittel tar oss tilbake til 90-talet. Romanen er skrevet i tredje-person perspektiv, og innehar relativt korte kapitler.

Me les om ei dotter som vert heilt oppslukt i sitt forsøk på å verte gjenforent med faren, at det går utover dei rundt ho og jobben. Eg synes at forfattar har klart å mane fram eit strålende bilete på eit menneske som lengter etter kjærleik og anseelse av sin far. Måten Styve skildrer familielivet på, er både fengende og fengslende på ein gong. Den er solid gjennomført, sjølv om eg sat att med fleire spørsmål på slutten.

Historien er artig og interessant. Den innehar underfundige betraktninger og skildrer eit samfunnsbilete som mange vil kjenne att, der alt skal vere plettfritt utad. Samtidig er det eit underliggende alvor som kjem sakte, men sikkert, sigende innover medan ein les. Kva skjer med ein familie når det plutseleg dukkar opp eit ukjent menneske og seier at ho er deira halvsøster?

Det tar tid før han skjønnar kva ho seier. Han reiser seg så fort at hovudet svimlar. Telefonen glepp ut av handa. Pusten samlar seg til ein knute midt i halsen, han må svelga for å løysa opp blokkeringa og få lufta ned i lungene. Han gløymer å slå av fjernsynet før han går med lange, tunge steg ut i bilen.

Språket er meget bra, og det er mange fine betraktninger og ord til ettertanke. Lengselen etter det perfekte liv er vel noko dei fleste kan assosiere seg med. Men det er ytterst få, om nokon, som får det oppfylt, sidan ein heile tida strekk seg etter noko meir. Hovedkarakteren i denne boka har allereie sett for seg korleis det skal bli, men det er sjeldan det materialiserer seg slik ein håper på. Elin F. Styve gir oss ein god pekepinn på det i denne romanen.

«Sikkert ein klemmefamilie» er ein roman mange kan assosiere seg med. Jakten etter det perfekte familielivet og måten ein skaper eit glansbilete av eit familieliv utad i sosiale medier, er nokre av ingrediensene. Dette var ei meget underholdende bok med ein alvorleg undertone.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar