Sukkeravhengig? Bli frisk uten sukker av Bente Josefsen

Få kontroll over din eiga sukkeravhengighet med denne informative boka.

  • Norsk tittel: Sukkeravhengig? Bli frisk uten sukker
  • Forfattar: Bente Josefsen
  • Sjanger: Helse, Mat
  • Antall sider: 285
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag

Bente Josefsen (Født 1974) er utdanna innen avhengighetsmedisin og har spesialisert seg på sukkeravhengighet. Ho er ein av Noregs fremste eksperter på området. Josefsen har hjulpet mange mennesker til å få eit betre liv gjennom kurs, foredrag og rådgivning. «Sukkeravhengig? Bli frisk uten sukker» kom ut i 2021.

I dag er det vanleg med kosthold som består av store mengder sukker og andre raffinere karbohydrater utan at ein forstår at det har ein samanheng med plager som humørsvingningar og lite energi. Sukkeravhengighet kan for mange vere altoppslukende og overskygge alt. Ved å bevisstgjøre ulike mattriggere og legge om kostholdet ved hjelp av dei ulike verktøya som er presentert i denne boka, kan du få livet ditt tilbake. Finn ut om du har ein sukkeravhengighet, og lær korleis du kan komme ut av det, og få kontroll over avhengigheten med denne boka.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sukkeravhengig? Bli frisk uten sukker».

Boka er delt inn i 6 deler. Dei tre fyrste delene er den «teoretiske» delen. Her vert det forklart kva sukkeravhengighet er, kva som skjer i hjernen og andre opplysningar rundt avhengighet og sukker. Del fire vert FUS-metoden nøye skildra. Korleis skal du koma deg ut av denne avhengigheten? Det får du svar på i denne delen. Del fem består av kva du kan forventa i tilfriskningsperioden, og i del seks er det oppskrifter på frokost/lunsj og middagsrester.

Mange tenker nok at dette er ei slankebok, men det er det ikkje. Dette er ei bok som viser metoder for å bli kvitt sukkeravhengighet og dermed få betre helse. Viss personer går ned i vekt pga dette, så er det sjølvsagt ein bonus, men alt av oppskrifter om kaker og bakverk er IKKJE tatt med i denne boka, da det kan trigge folk med sukkeravhengighet.

«Min anbefaling om å kutte ut sukker og andre raffinerte karbohydrater er faktisk ikke unødvendig strengt, det er tvert imot helt nødvendig for dem som har utviklet en sukkeravhengighet.»

Eg følte eg var tilbake på skulebenken i fyrste del av boka. Det var ein del begrep som måtte «lærast», og generelt masse teori om temaet. Men når ein les boka skjønner ein at det er viktig å forstå kva avhengighet er, og kva det gjer med tankesettet til ein person. Denne delen er skrevet med innlevelse og ein føler forfatterens lidenskap for temaet. Det er gode forklaringar og bruddstykker frå forfattarens eige liv, då ho sjølv har vert sukkeravhengig.

Forfattar har brukt studier og generell fakta som grunnlag for den informative teksten i boka. Ho skriv også om sine eigne erfaringar, og brettar ut livet sitt som sukkeravhengig på ein nær og fin måte. Ho har også med eksempler frå tidlegare klienter. Mange vil kanskje kjenna seg att i dette Josefsen skildrar.

Sjølvsagt er det metodene og verktøy ein kan bruke for å koma seg ut av denne avhengigheten som er den viktigste delen i boka. Denne delen er delt inn i tre underkategorier, og har fargekode på sidene, slik at du raskt kan bla opp i desse sidene. Her finn ein mange gode råd og tips med konkrete eksempler. Ein finn også ei liste over «ikke-mat» for dei med sukkeravhengighet, samt kva som er bra å ete.

Undervegs får ein mange aha-opplevingar, og logiske betraktningar ein ikkje tenker over i det daglege. Det er også ein test med ja/nei spørreskjema for å sjekke om du er sukkeravhengig eller ikkje. Ein finn også gode og enkle skildringar på kva avhengighet er, og kvar grensa for dette går.

Bente Josefsen skriv i boka si at for å få kontroll på si eiga sukkeravhengighet, så består det av 10% mat (sjølve grunnmuren), 40% mentalt, og 50% sosialt fellesskap med likesinnede. Dette virker logisk. Men eg saknar meir informasjon om dette med fellesskap i boka, då dette er det viktigste elementet for å klare å komme seg ut av avhengigheten. Det er eit lite kapittel om dette, men her kunne forfattar kanskje ha brukt litt meir tid på å komme med fleire konkrete råd og tips.

Denne boka er for alle, og ikkje kun for dei som er sukkeravhengig, sjølv om denne kategorien logisk nok vil få størst utbytte av boka. For det ligg så masse informasjon skrevet på ein slik måte at det er forståelig også for dei som ikkje er så bevandret i dette temaet. Ein finn mange gode råd og tips for å minske sukkerinntak, og ein får eit fokus på kva ein får i seg, og kva konsekvenser det får for kropp og tankesett.

Eg ser for meg at i f.eks ein småbarnsfamilie kan det vere vanskeleg å kutte ut alt av sukker og raffinerte karbohydrater. For dette med mattrigging vil nok vere utbredt i ein familie. Men denne boka kan uansett vere ein kickstarter for prosjektet til den som vil bli heilt kvitt sukkeravhengigheten.

Eg prøvde to tilfeldige oppskrifter i boka, for å teste ut maten. (Dette har ingen betydning for mitt terningkast av boka) Det vart laga kjøleskapgrøt med ristet kokos og kyllingbryst med brie, bacon og squashspagetti. Ingen i husstanden likte grauten. Det gjekk meir eller mindre rett i bosset. Middagen derimot, den var ein suksess. Felles for begge desse oppskriftene var at det var dyre ingredienser. Nokre har ein lenge, men ved førstegangskjøp vert det ein del utlegg.

Boka er særs informativ, opplysande og inkluderande, fargerik, flotte bileter og veldig oversikteleg. Denne vil mange få stor glede av, og den vil garantert hjelpe mange personer til ei betre helse og eit betre liv. Ikkje berre dei det gjelder, men også alle rundt vedkommande. Eg skjønar godt kvifor denne boka er blitt ein suksess allerede.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s