Driva – Urtekona ved det magiske fjellet av Gunhild Haugnes

Året er 1349 og landet rammes av pest. Samtidig får Driva ei krevjande livsoppgåve frå den norrøne gudinna Frøya. Dette er bok nr 3 i serien om Frøyas døtre.

  • Norsk tittel: Driva – urtekona ved det magiske fjellet
  • Forfattar: Gunhild Haugnes
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 387
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vikinga Media

Gunhild Haugnes (Født 1964) er bosatt på Rykkinn. Ho har jobba som journalist i mange år. I 2013 debuterte ho som forfattar med boka «Døtre av Norge». I 2017 gav ho ut den fyrste boka i ein serie av sjølvstendige romaner som har fått navnet Frøyas døtre. «Driva – Urtekona ved det magiske fjellet» er bok nr. tre i denne sagaen.

Året er 1349. Driva nyter dei siste sommardagene på setra, heilt uvitande om at ein frykteleg pest har råka landet. Driva mister alt, inkludert seg sjølv. Ho er ikkje den ho trudde ho var.
Ho er Frøyas datter, og får ein særs krevjande livsoppgåve av den norrøne gudinna. Samstundes skal ho tjena Nordens mektigste kvinne.
Men fyrst av alt må ho forlata alt og møte ei stygg kone ved da magiske fjellet, Snøhetta. Dette vert starten på ei lang og tøff reise for den unge Driva.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Driva – urtekona ved det magiske fjellet».

Dette er den tredje boka i ein serie om Frøyas døtre. Dei er frittståande, og kan dermed fint lesast kvar for seg. Denne boka tar for seg svartedaudens tidsalder.

Når ein høyre om norrøne guder og gudinner, så forventar ein kanskje magi, slåsskamper og action. I denne boka er det litt magi, men veldig lite slåsskamper og action. Dette er fyrst og fremst ein roman om Driva, den unge jenta som etterkvart vert ei moden dame. Ho har fått ei livsoppgåve frå sjølvaste Frøya, som ho må fullføra.

Driva er hovedkarakteren i boka. Ei sjølvstendig kvinne som er standhaftig og tolmodig i si oppgåve ho har fått tildelt gjennom samtalar med andre kloke kvinner og i syn og drøymar. Men utover i boka brukar forfattar også masse tid på Margrete Valdemaradatter, den mektige dronninga. Dette er ein person som forfattar har henta frå historiebøkene.

Romanen er basert på historiske fakta med fri diktning. Her finn ein reelle personar, riktige årstall for hendingar, og korrekt informasjon om sleksskap og titler. Det som imponerte meg aller mest i denne romanen, er den meir eller mindre usynlege linja mellom reelt og fiksjon. Her har Haugnes vert særs stødig og ho viser sin store kunnskap og lidenskap til den norrøne tida.

Haugnes skildrar eit samfunn som er i splittelse, og kor mennesker trur at Gud straffar dei med denne pesten, pga mennesker som syndar. Så korleis passar då Driva inn i dette samfunnet? Ho som driv hor og kan forvekslast med ei heks med sine kunnskaper om urter og magi?

Fyrste del av boka handlar om pesten som kom til Noreg i 1349. Her finn ein meget gode og såre skildringar om tapa, og den konstante frykta for at det kan råke kven som helst. Minner egentleg litt om den tida me er inne i no med covid-19. Ein finn fleire fellesnevnarar i historia. Så sjølv om tidsforskjellen er stor, er problematikken likevel dessverre kjent.

«Selv ikke de skarpeste sverd, lanser eller piler kan stoppe pestene. En snikende motstander. I kampen mot den er selv de mektigste menn sjanseløse, selv ikke krigere, konger og prester spares. Pestene slår bredt rundt seg, råker både høy og lav. Bønner til Gud hjelper heller ikke.»

Boka inneheld ein del om maktkamp om tronen i særskilt Noreg, Sverige og Danmark. Dette var jo eit hett tema på denne tida, og som opptok dei aller fleste. Det var mange år med urolegheiter etter at pesten hadde lagt frykteleg mange gårder og bygder aude og forlatt, noko som gjekk hardt utover økonomien, også blant dei adelege.

Ein kan lesa om Hyrrokin, Kong Snø, Frøya, Midgardsormen, Yggdrasil og Visbur for å nevna nokre norrøne navn og vesener. Dei er alle historisk korrekte, og utgjer ein naturleg del av handlinga i romanen. Og sjølvsagt er urtenes kraft, magi og volver og jotner også med.

Eg følte da til tidar vart for masse navn, familier og slektskap å holda styr på. Eg vart litt frustrert og til slutt gav eg opp å holda fylgje med forfattar på dette området. Men Haugnes skal absolutt ha ros og kreditt for at ho har stålkontroll på dette boka gjennom, og eg er sikker på at dei som har kunnskap og interesse om historia frå denne tida, vil ikkje ha problem med å fylgja forfattar. Ein anna ting som forvirra meg var ei tidsreise 1000 år tilbake i tid. Dette er heldigvis noko som berre går over nokre få kapitler, men her må ein konsentrere seg for å få med den bakenforliggende formidlinga og handlinga.

Da som slo meg i denne romanen er den kvinnelege dominansen. Sjølv om det er konger, rådsmenn og sønner som er dominante personer, toner Haugnes desse ned. Ho trekk fram dei kvinnelege personane, og gjer dei eit ansikt. For da er ingen tvil om at allereie på den tida var det dominante kvinner med stor makt. Men i historiebøker og andre romaner, er det som oftast den mannlege maktelita som vert trekt fram. I så måte var det spennande å få ei anna vinkling frå ei tid som er godt dokumentert i historiebøkene.

Eg vert aldri komfortabel med å lesa om barn ned i åtte årsalderen som vert drapsmenn, jenter i ung alder som vert lova bort til giftarmål, og som giftar seg rett etter fyrste blødning, for då vart dei sett på som kvinner og klar for ektesenga. Men det er ein del av denne tidsperioden, i likhet med masse død og fordervelse, pest og kriger, plyndring og voldtekter.

Boka omhandlar tida frå 1349 til 1412. Tidsperioda er slavisk, med unntak av ei tidsreise tilbake i tid. Kapitteloverskrifter har årstall, så for meg som lesar var da enkelt å fylgja utviklinga.

Dette var mitt fyrste møte med forfattar og hennes univers, men eg la fort merke til det gode språket og det lette drivet i boka. Den store historiekunnskapa (eller strålende research) lyser i mot meg som lesar. Dette er ein person som tydeleg har lang erfaring med språk gjennom sitt arbeid som journalist.

«Driva – urtekona ved det magiske fjellet» er ein roman som mange vil trykke til sitt bryst. Den treff kanskje den kvinnelege lesar best, men dette er ein roman med historisk korrekte opplysningar som eg kan anbefala alle å lesa.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar