Kjærligheten dør aldri, Flammevinger, Hjerteslag av Rebecca Blix

Dette er tre meget sterke diktbøker om kjærleiken, sorgen og saknet etter at forfatters store kjærleik brått vart revet bort.

  • Norsk tittel: Kjærligheten dør aldri, Flammevinger og Hjerteslag
  • Forfattar: Rebecca Blix
  • Sjanger: Poesi, Dikt
  • Antall sider: 37, 38 og 39
  • Utgivelsesår: 2020, 2021 og 2022
  • Utgiver: Rebecca Blix

Rebecca Blix (Født 1976) har alltid hatt stor lidenskap for å skrive. Ho har tidlegare skrevet noveller for magasiner. No er ho forfattar og frilansskribent for eget firma. Ho har gitt ut diktsamlingsbøkene « Kjærligheten dør aldri» (2020), «Flammevinger» (2021) og «Hjerteslag» (2022).

Desse tre bøkene har ein ting til felles, dei handlar om kjærleik, brå død, og følelsen av å befinne seg midt i eit levende mareritt. Diktene handler om å miste den personen man skulle gifte seg med, fremtiden som ble borte, hjemsøkende drømmen, sorg og savn. Og ikkje minst.. Om det å elske noen høyere enn himmelen.

Desse bøkene er leseeksemplarer frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kjærligheten dør aldri», «Flammehav» og «Hjerteslag».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er tre diktsamlinger som skildrer sorgen og saknet etter at forfattar mistet sin sjeleven og elskede. Han gjekk brått bort, og ho sit att med ein bunnlaus sorg.

Eg må fyrst få nevne at eg ikkje kjem til å setja terningkast på desse bøkene. Eg klarer ikkje å setja karakter på eit anna menneske sin kjærleik og sakn etter ein brå bortgang av sin elskede.

Omslagene av bøkene er magiske. Det er eit blikkfang av dei sjeldne, og eg har aldri før sett slike omslag på diktbøker. Ein vert automatisk dratt mot bøkene, og er ein strålende inngangsport til eit særdeles sterkt innhald.

Den fyrste boka, «Kjærligheten dør aldri», inneheld mange dikt på rim. Likevel er teksten forteljande setninger, og ein kan få ein følelse av å lese ein sjølvbiografi, i positiv forstand. Dei to andre bøkene innehar meir konkrete setninger utan rim, men er likefullt forteljande.

Det er luftige sider der teksten er i fokus. Det er enkelt og effektfullt. Det er ingen tegnsetting i bøkene. Kvar setning starter med stor bokstav, og det føles stilreint og riktig.

Det er særs sterke dikt, og ein kan formelig både sjå og føle tårene hennes som må ha dryppet ned på papiret/ tastaturet medan ho skreiv bøkene.

Forfattar går i kjelleren psykisk etter dødsfallet. Alt er mørkt og det å miste sin sjelevenn er altoppslukende. Det er hjerteskjærende og ein kan ikkje anna enn å bli beveget av den poetiske skrivestilen og formidlingsevnen ho fører. Orda går rett inn i hjerterota.

Det hvite sengetøyet er vått
Gardinene blafrer i vinden
Ringen som skulle bli giftering glitrer i solen

Jeg snur meg mot din side i sengen
Strekker hånden ut etter deg
Men plassen din er tom

Fordi du er død…

Utdrag frå diktet «Fordi jeg er død»

Ein får eit innblikk i korleis livet var før, under og etter dødsfallet. Ho var ikkje til stede når han brått døde, og dette er ekstra sårt. Likevel klarer ho å mane fram bilete av situasjoner som i utgongspunktet nesten er umogeleg å videreformidle. Det er poetisk stor kunst og her bøyer eg meg i støvet av formidlingsevnen.

Eg vil trekke fram eit dikt som eg fant særs interessant. Dette diktet viser den store kunnskapen Blix har ved å bruke poetisk metaforer til det fulle. Ho skriv i nåtid og i fortid for å fremme det sterke bodskapet. Dette er eit meget godt virkningsfullt verkemiddel som setter følelser i sving. Legg særleg merke til den siste setninga i sitatet under, der ho avslutter i nåtid.

Jeg savner berøringen din
Som sendte bobler gjennom kroppen min

Jeg savner kroppen din
Som var så varm, livgivende og fin

Jeg savner hjerteslagene dine
Som slo videre gjennom mine

Men jeg savner aldri sjelen din
For den er evig smeltet inn i min

Utdrag frå diktet «Savnet»

Alle dikta handler utelukkende om hennes kjærleik, sorg og sakn til sin kjære. Gjennom desse tre bøkene får me eit innblikk i deres kjærleik til kvarandre, og kor masse han betydde for ho. Det er nakent, sårt og ekte.

Blix vakler mellom bunnlaus sorg, gode og varme minner og gleden av at dei ein gong skal møtes att og leve saman i evigheten. Ho skildrer kor godt det var å legge seg for kvelden, for i draumane fekk ho møta han igjen. Måten ho skildrer sine draumar på er levende og naturleg. Det er ingenting ved desse dikta som føles falskt eller unaturleg.

Det er deilig å vite at du fortsatt er her
Å vite at hver gang jeg glir inn i drømmeland
Så venter du på meg der
Klar for timer med nærhet og kjærlighet

For akkurat som i hjertet mitt
Så lever du alltid i drømmene mine

Rebbeca Blix har gjennom desse tre diktsamlingene skrevet seg rett inn i min liste over særs talentfulle forfattere. Dette er dikt som alle vil bli beveget av. Det vil treffe deg med full kraft, og setje sine spor lenge etter at siste dikt er lest. Sjølv om det er eit hjerteskjærende innhald, er dette diktsamlinger som verkeleg fortjener å nå ut til mengden. Anbefales på det aller varmeste.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s