Den usynlige datteren av Liz Webb

Dette er ein velskrevet og godt komponert spenningsroman, som skiller seg ut frå mengden.

  • Norsk tittel: Den usynlige datteren
  • Original tittel: The Daughter
  • Forfattar: Liz Webb
  • Sjanger: Spenningsroman
  • Antall sider: 410
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Liz Webb er tidligare ballerina, og har hatt ei rekkje jobber før ho vart romanforfattar, blant anna manusredaktør og radiodramaprodusent for BBC. Ho debuterte med spenningsromanen «Den usynlige datteren» i 2022.

Hannah Davidson har en far som er rammet av demens, en bror som er TV-stjerne og som hun ikke har kontakt med lenger, og en mor som ble myrdet da Hannah var barn. Drapssaken snudde opp ned på familielivet deres. Som voksen er hun til forveksling lik moren. Og hun er nå på samme alder som moren var da hun ble drept. Hannah har bestemt seg for å finne ut hva som egentlig skjedde med henne. Men grensene mellom mor og datter blir snart uklare, og Hannah oppdager at hun står i fare for å tape det farlige spillet hun har satt i gang.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den usynlige datteren».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein spenningsroman med thriller-element, humor og dødelig alvor.

Hannah Davidson er ei 37 år gammel dame, som har flyttet tilbake til barndomsheimen i London. Faren er rammet av demens, og har i tillegg prostatakreft. Moren døde da Hannah var 14 år gammel, eit dødsfall som har satt kraftige spor i familien. Broren, Reece, er skuespeler og TV-stjerne, og dei har ikkje snakka saman på over 15 år. Dødsfallet til moren vart etterforska som drap, der ektemannen var mistenkt for ugjerninga. No er Hannah vaksen, og ho har bestemt seg for å forsøka å finna ut kva som eigentleg skjedde, før faren forlater denne verdenen. Ein skjønar fort at dette er ein skakkjørt familie, med mange skjeletter i skapene.

Jeg-personen og hovedkarakteren er Hannah. Dette er ein person me vært meget godt kjent med, og ein lever og ånder gjennom hennes auge og tankar. Det er ein solid oppbygd karakter, med mange personlighetstrekk. Ho vert meir og meir lik moren, og bestem seg for å ta på seg hennes klær og sminke, og gå i hennes fotspor. Men det er ting som skurrer, og som ligg og vaker under overflata. Kva er forhistorien til Hannah? Forfattar skildrer fleire sider av henne som gjer til at ein vert usikker på den psykiske helsetilstanden hennes. Karakteren er dynamisk og utvikler seg gjennom romanen, i likhet med fleire av karakterene i boka.

Boka starter som ein heilt vanleg roman. Etterkvart som historia byrjer å skride frem, skifter den over til spenningsroman og ein får samtidig ein thriller-følelse der tempoet skifter stadig vekk.

Det er få actionscener, men til gjengjeld ligg det eit spenningsmoment mellom linjene. Ein kjenner spenninga kjem krypende, og med stadige tvister og overraskende vendinger vert boka aldri kjedelig.

Etterkvart som historia skrider frem, kjem det stadig fleire opplysningar rundt familien. Hannah har blitt holdt skjermet for ting som skjedde i hennes oppvekst, og ho får stadig nye spor og hemmeligheter servert i fanget. Nokre vil ryste hennes kvardag og fundament, andre vil være ein åpenbaring for å skjøna samanheng.

Smerten, sjokket, vantroen mamma må ha følt da hun forsto hva som var i ferd med å skje, så hvem som gjorde det, fattet det forferdelige og utilgivelige i de siste bevisste sekundene før livet ebbet ut – uansett hva mamma selv hadde gjort.

Det er eit flytende godt språk, med solide skildringer og gode dialoger. Plottet er bra, sjølv om enkelte nok vil lukte lunta før siste side er lest. Men siden det er fleire overraskelsesmoment i boka, veit ein aldri om det kjem ein siste tvist på slutten. På denne måten held forfattar på spenninga, og klarer samtidig å skape forvirring hos leser.

Faren er dement, og veksler mellom å leve i fortid og nåtid. Han er ofte tilbake til den tida der hans kone vart drept eller tok sitt eige liv. Her klarer Hannah og eg som leser å få bruddstykker av kva han opplevde rundt dette. Veit han meir enn det han lot som på den tida?

Jeg ser på pappas magre bein, husker da de var muskuløse og raske, stirrer på de flekkete, krokete hendene, jeg husker dem brede og kraftige, hever det tårevåte blikket mitt til den lilla venen som kroker seg over den høyre tinningen hans, husker den vital og pulserende i øyeblikk av anstrengelse – eller sinne. Jeg lener meg nærmere og hvisker det spørsmålet jeg aldri har latt meg selv stille på tjuetre år. «Pappa, drepte du mamma?»

Ein får stadige tilbakeblikk i form av tanker og minner som særskilt Hannah og broren Reece har. Dette er eit godt verkemiddel for å skape ein heilhetlig historie, utan at ein må poengtere tidsaspektet i teksten.

Eit aspekt som Webb bruker til fulle, er korleis minna frå barndommen spriker så forskjellig for dei to søskena og faren. Er den eine farga av den andre sine minner, eller er det sinnet og tankespinnet opp gjennom årene som speler karakterene eit puss? Det er ei intens reise i eit menneskesinn me vert vitne til. Kven snakker sant? Kven kan ein stole på? Og på toppen av dette kjem det psykiske inn i biletet. Det vert med andre ord mange spørsmålsteikn for leseren undervegs, som gjer til at det vert ein medrivende roman.

Hvis jeg bare hadde hatt en enkelt filmrull med «sannheten», kunne jeg ha skaffet meg en stor, stripete popkornbøtte og fem liter Coca-Cola Zero, nei, faen ta, ordentlig Coca-Cola, dette er en feiring, finne den perfekte plassen midt på midterste rad og spilt den om og om igjen, viss på at jeg endelig så på Det – Som – Faktisk – Hendte. Jeg må finne den filmrullen før pappa dør, uansett hvem som har hovedrollen.

Eg følte det vart enkelte langdryge utgreiinger som stoppa opp progresjonen og tempoet. Det ligg heilt sikkert ein tanke bak det, men eg klarte ikkje å plukke opp den tankegangen på kvifor enkelte ting var nødvendig å ha med. Om det var for å skape eit meir heilhetlig bilete på situasjon og karaktersetting skal ikkje eg svare på, men for min del stoppa det litt opp her og der.

Hannah er ein samansatt karakter med mange sider. Desse motsetningene er fantastiske. Den herlige ironien, den bastante væremåten, hennes utbrudd og spydige kommentarer, det hatefulle blanda med det moderlige og omtenksomme.. Ytterkantene er milevis unna kvarandre, og er nesten ein roman i seg sjølv.

Boka veksler mellom å være ein spenningsroman og ein vanleg roman. Det fungerer veldig bra og viser den store breidda i forfattarskapet til Liz Webb. Ein skulle tru at denne forfatteren hadde skrevet mange bøker allereie, så dette er særs imponerende til å være debutroman.

«Den usynlige datteren» er ein gjennomgang av ein skakkjørt familie, menneskesinn og tankespinn. Den er velkomponert og innehar eit mektig språk. Liz Webb er ein forfattar ein garantert vil høyra meir om i framtida. Anbefales på det varmeste.

PS: Boka kom ut i Storbritannia i mai i år (2022), og lanseres på norsk 5. September.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar