Gi meg en sjanse av Kristine Begot

Ein fantastisk samtidsroman om to vidt forskjellige samlivsforhold.

  • Norsk tittel: Gi meg en sjanse
  • Forfattar: Kristine Begot
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 244
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Sirkel Forlag

Kristine Begot debuterte med samtidsromanen «Gi meg en sjanse» i 2022.

To unge mennesker, Aina og Even, kaster seg ut i et skjebnesvangert parforhold, hver på sin kant.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Gi meg en sjanse».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein samtidsroman som omhandler to vidt forskjellige par.

Aina er ei 24 år gamal dame som har sin inntektskilde foran eit web-kamera, der ho viser seg fram i lettkledde kostymer. Via chattekanaler holder ho sine betalende gjester engasjert. Ho er utstøtt av familien, og grunna sin arbeidssituasjon og bygdesladder om horeri, får ho ingen jobb. Plutseleg ein dag er det ein mann som tar kontakt med henne gjennom chattekanalen, og tilbyr ho eit nytt liv med han i England. Aina kaster seg ombord i eit fly og setter kursen mot kjærleiken frå ein framand mann og eit liv utan dansing foran web-kamera.

Even er full når han får hjelp frå vakre Rakel. Ho blir med han heim, og søt musikk oppstår. Sjølv om det er eit turbulent forhold, ligg det gjensidig kjærleik til grunn som dei bygger videre på. Når dei etterkvart lærer kvarandre å kjenne, oppdagar dei sider ved kvarandre som kan setja forholdet på spel.

Me fylgjer to parallelle historier der den eine omhandler Aina og Alex, og den andre Rakel og Even. Dette er to forhold som oppstår litt ut av ingenting, der alle kaster seg inn i forholdet på kvar sin måte og med forskjellige motiv.

Han tiltrekker henne nesten som et narkotisk stoff. Hun blir høy av å lytte til ham fortelle om seg selv og sitt liv. Hun kunne ha lyttet til ham døgnet rundt og ofret hver eneste nattesøvn. Han fylker henne med dopamin og hun har en følelse av at han også har blitt avhengig av henne.

Eg visste ikkje kva eg gjekk til når eg byrja på denne boka. Ikkje kva den handla om, ei heller noko om forfattar. Men allerede i dei fyrste kapitlene var eg solgt. Språket er fantastisk, og ein vert dratt rett inn i samlivssituasjonene til desse to parene. Drivet i historia er altoppslukende og karakteroppbygginga er av topp klasse.

Karakterene er levende og ein vert særs godt kjent med våre to hovedpersoner i Aina og Even. Ein får eit meget godt innblikk i livene deira, og ein lever med dei boka gjennom. Dei er så levende og så ekte skildra at ein føler at ein er i same rom som dei, og at dei vert bekjente.

Overskriftene i kapitlene inneheld ein setning frå kapittelet og pirrer nysgjerrigheten med ein gong, og fører til at ein berre «må» lese eit kapittel til. Kapitlene er relativt korte og sjølv om det ikkje alltid skjer så masse, så ligg det noko å murrer i bakgrunnen og med fantastiske dialoger og språk så er det ein page-turner av rang.

Kor spennende er det egentlig å lese om to vidt forskjellige samliv? I utgangspunktet høyres dette litt kjedelig ut, men det er så mange ingredienser her som gjer til at ein vert målbundet av romanen.

De er begge fanget i den tunge luften. Den gjør det vondt å puste, vanskelig å finne lindrende ord, vanskelig å definere hva som er normalt og ikke. Hvordan kan man egentlig vite hvorvidt det hun føler er normalt, og hvordan en normal person ville ha reagert på hennes utsagn?

Det handler om å finne den store kjærleiken. Men det er noko som heiter kjærleik gjer blind, og enkelte ser ikkje faresignalene i forholdet. Men kven er det som lurer kven? Nye situasjoner og problem oppstår, og det er fascinerende å sjå korleis dei ulike karakterene responderer i gitte situasjoner. Eg liker også måten forfattar har skildra kvinnene og mennene i romanen. Det er litt dristig for ei kvinne å ha nærgående skildringer av ein manns følelsesliv og tankesett. Men eg synes ho treff meget bra, og skaper eit realistisk bilete av forholda og av karakterene.

Bokas store styrke er karakteroppbygginga. Sjeldan har eg lest ein roman som har så gjennomtenkte hovedpersoner. Kvar ting dei gjer, kvar tanke som suser gjennom hovudet på dei virker som det er ein plan bak. Forfattar har ikkje overlatt noko til tilfeldighetene, og det oser kvalitet og research på kvar eineste side, og i kvar einaste setning.

Eit menneskesinn er lunefullt. Kor godt kjenner ein egentleg eit menneske? Kor enkelt er det å manipulere sin makker, sin elskede? Kor langt er ein villig til å gå for å oppnå det ein vil? Det er så mange små og store spørsmål i boka, at ein aldri går lei. Og like imponerende er det korleis forfatter får fram sine bodskap og korleis ho klarer å mane fram bilete av eit menneskesinn.

Alt han i utgangspunktet ikke liker, vennene hennes, musikksmaken, livsstilen hennes, ja, alle slike detaljer hviskes bort det sekundet han tenker på den deilige kroppen hennes, den søte lukten av parfyme, sjampo og fuktighetskrem, smaken av leppene hennes, lyden av stemme, den sjarmerende latteren, og følelsen av det myke håret og den varme huden. Hun er så full av energi, så full av liv, så full av lidenskap. Aldri har han vært så betatt som nå.

Begot legg stor vekt på korleis fortid preger nåtid i sin roman. Gamle sår som aldri gror, og som ligg der som ein verkebyll og berre venter på å sprekke. Det følelsesmessige aspektet i eit forhold er meisterleg skildra. Alle har sin bagasje, men nokon er meir skada av fortida si enn andre. Dette påvirker eit forhold og er grobunn for krangler og sårbarhet.

Eg var spent på slutten, om den ville leve opp til resten av innhaldet. Heldigvis er det ingen tidleg A4-avslutning og ein vert dermed holdt på pinebenken til siste setning er lest. Så kjem tankene, spørsmåla og refleksjonene over romanen ein nettopp har lest. Den vil være med deg ei god stund etter at du er ferdig med den.

Den store forteljarstemma og den såre fremtoninga i teksten er ein fryd for auga. Eg må seie at eg er særs overrasket over at boka vert gitt ut på eit lite forlag. Denne romanen er like god, om ikkje betre, enn det som vert utgitt på dei store forlaga.

«Gi meg en sjanse» er ein fantastisk relasjonsroman. Den innehar eit språk og handling som er av topp klasse. Det er berre til å rydde plass i kalenderen og setje av tid til å lese romanen. Wow, for ein forfattardebut av Kristine Begot!

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s