#Naken av Nina Rossing

Ein uskyldig kveld tar ei ny vending når bilete og videoer vert spreidd, og kvardagen vendes på hovudet for dei involverte. Dette er ein ungdomsroman med eit dagsaktuelt tema.

  • Norsk tittel: #naken
  • Forfattar: Nina Rossing
  • Sjanger: Ungdom
  • Antall sider: 219
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Nina Rossing (Født 1976) jobber til dagleg som lektor på ein vidaregåande skule i Trondheim. Ho har gitt ut fleire bøker på engelsk, og debuterte på norsk med ungdomsromanen «#Kampklar» i 2019. I 2022 kom ho ut med «#naken».

Møt Thea, som er på jakt etter en gutt å ligge med. Det holder med en one-night stand, helst med en som er god til det, for å få kryssa av det siste punktet på lista som hun og bestevenninna lagde da de var ukule på ungdomsskolen. Møt Amund, som er ny på skolen og helst ikke vil bli lagt merke til. Men alle har fått med seg at han har kallenavnet Don Juan, og han virker som den perfekte kandidaten for Thea. På en av årets beste fester sniker Thea og Amund seg av gårde. Ingen av dem får med seg at noen filmer dem. Ikke før senere, da flere bilder og en video sprer seg blant elevene på skolen, og Amund begynner å motta trusler.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «#naken».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein ungdomsroman som omhandler mobbing og uthenging av personer digitalt.

Det er to hovedpersoner i boka, Thea og Amund. Dei har kvar sin vennegjeng og familie som er litt eksentriske på sin måte. Etterkvart kjem me under huda på desse to, og me får ta del i kvardag og tankesettet til personene. Begge er jeg-personer i boka.

Kapitlene veksler mellom Thea og Amund. Av og til overlapper dei, og då får me eit innblikk i samme sak sett frå to sider. Og nettopp dette er fascinerende lesning. Dei tolker situasjoner ulikt, og det som den eine tror, kan være langt fra sanninga.
Forfattar viser kor masse eit fyrsteinntrykk har å seia, og korleis ein person tar for gitt at «slik er det».

Amund ser også helt rolig ut, som om han kan alt om sex fra før. Han stirrer på bildene av fargerike kondomer, og jeg lurer på hvilken han foretrekker.

Romanen handler om ungdomslivet på videregående, der kantina er samlingspunktet og ofte blir brukt av forfattar. Thea har enda ikkje fått krysset av det siste punktet på ei liste ho laga saman med venninna si på ungdomsskulen. Det punktet er å ligge med ein person, og nå går ho inn med hud og hår for å få det oppfylt. Ho peiker seg ut Amund, som er uvitende om dette. Begge er av den litt sjenerte typen, og kommunikasjonen dei i mellom er til tider pinlig å lese. Når dei så finner tonen er det nokon som snikfilmer dei, og problema og angsten fyller kvardagen.

Romanen inneheld humor og ein del pinlige situasjoner der ein berre har lyst til å gjemme seg bak ei pute. Men fyrst og fremst omhandler det eit alvorleg tema. Mange barn, unge og vaksne opplever at bilete og videoer kjem på avveie eller at dei vert snikfilma og delt over internett. Dette er eit stort samfunnsproblem, og dei som deler tenker ikkje alltid over konsekvensene det får for vedkommende. I denne boka viser Rossing oss litt av kva som kan skje for den fornærmede part.

Familielivet til hovedpersonene er godt sammensatt og gjenspeiler samfunnet. Begge har skilte foreldre. Thea har ei mor som er ute å reiser mesteparten av året, og dermed må ho bu hos ein overbeskyttende far som nekter ho det meste, og som skal ha full kontroll på alt ho gjer. Amund har to mødre og ei bonus-mamma. Hans to mødre hauser kvarandre opp når dei er i samme rom, medan bonus-mammaen som oftest tar Amund sitt parti. Her har Rossing lagt opp til mange situasjoner der det vert konflikter innad i familien. Ungdommene er i ferd med å tre inn i vaksenlivet med festing og sex, men samtidig tviholder foreldra på siste rest av «barndommen» deira. Eg synes at forfatter har meistra dette på ein veldig god måte, og skildrer eit realistisk bilete på ein turbulent ungdomsperiode.

Pappa har så mange regler. Jeg gjør alle leksene og pålagt husarbeid, bla-bla-bla, meg jeg fester ikke, drikker ikke, ikke, ikke, ikke. Det er ingen som har det gøy med det regimet der. Fornuftig = kjedelig og uinteressant. Folk får aldri sjansen til å bli kjent med meg. Jeg vet nesten ikke hvem jeg er lenger, sånn som pappa driver på og sier nei til alt som lukter moro.

Rossing har eit ungdommelig og godt språk i boka. Kapitlene er merket med hashtag og overskrift på kva kapittelet handler om. Originalt og ungdommelig på samme tid. Kapitlene er passe lange, og i og med at dei veksler mellom personene, og nye situasjoner oppstår heile tida, vert det aldri kjedeleg. Språket er på ingen måte vulgært, og forfatter går aldri inn i nærgående sexskildringer, og kan i så måte fint lesast av alle ungdommer.

Eg synes at historia blir noko lineær. Det er ingen store overraskelser eller bi-historier, og slutten kunne vært gjort meir ut av i mine auge. Moralen og konsekvensene i historia kjem godt fram, men eg sakna likevel enda meir rundt dette med straffeforfølging og at forfatter hadde vist meir kva som skjedde rundt den eller dei som gjorde straffbare handlinger. Denne boka har ungdom som målgruppe, og mange ser nok på bildedeling som ufarlig, siden det er noko «alle» gjer, og det deles «berre» med kompiser og venner… Derfor skulle eg gjerne sett at Rossing var enda meir konsekvent når det gjaldt straff.

Å ha vener rundt seg når det stormer som mest er viktig. Det er denne boka eit godt eksempel på. For dei som ikkje har det samme nettverket, så kan utfallet bli ein heilt anna, noko me også får ein smakebit av i romanen.

Hjertet mitt hamrer så energisk at det aldri kommer til å stoppe. Jeg kommer ikke til å dø, og det går bare ikke, det går ikke, det går ikke an å leve med den filmen limt fast til hver millimeter av kroppen til evig tid.

Rossing jobber sjølv på ein videregående skule, og kjem med mange gode betraktninger rundt miljøet og ungdomslivet. Ho tar oss med inn i eit univers med gruppepress, det å passe inn, med kjærleik, vennskap, mistenkeliggjøring, hat, hevn, sjalusi og eit strevsomt familieliv for å nevne noko. Å være ungdom er ingen enkel jobb, noko me får beviset på i denne boka.

Å bli utsatt for ein krenkende handling, der alle rundt deg får mottatt bilde og videomateriale er ein stor belastning og mange spørsmål kverner i hovudet. Kven står bak? Kvifor? Kva vil vener og familie seie? Kan eg reise meg igjen? Vil det bli gløymt? Forfatter tar tak i fleire av desse problemstillingene, og skriv med stor innlevelse og viser at dette er noko ho bryr seg om.

«#naken» er ein dagsaktuell ungdomsroman. Med eit godt språk og gode betraktninger tar ho oss med inn i ungdomslivet på godt og vondt, der ho set søkelyset på eit stort samfunnsproblem, som mange ungdommar er involvert i. Boka kan varmt anbefales, og bør definitivt leses av ungdommen.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s