Ei sterk diktsamling som óg inneheld forteljing rundt det å få kreft.
- Norsk tittel: Arr
- Forfattar: Anneli Solberg
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall sider: 125
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Anneli Solberg
Anneli Solberg er lærer og veileder. Ho gav ut diktboka «Arr» i 2021.

Arr er om alt og alle som har satt spor. Om livredde larver, knurrende monstre, om sitroner, latter, og lilla tulipaner. Arrene tilhører fortida, likevel bærer vi dem med oss. Alltid.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Arr».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er både ei diktbok og ei forteljande bok. Med ein fin miks av dikt og forteljing, får me ta del i forfatters tøffe og spesielle perioder i livet. Den handlar ikkje berre om hennes liv, ho har også tatt med situasjoner frå personer ho har møtt på sin veg. Nokre av tekstane er tidlegare publisert på forfatters instagramkonto @ordjord.
Denne boka vart til medan Solberg var kreftpasient, og deretter måtte lære seg å leve med seineffekter etter kreftbehandlinga. Både fysisk og psykisk. Forfatter har skrevet ei nær, vond og sår bok om den indre kampen, om å holde maska utad og omgivelsene rundt ein kreftpasient.
Jeg spilte telefonsamtalen på repeat i hodet mitt. Den som offisielt gjorde meg til pasient. Jeg visste jo hva legen skulle si, likevel druknet jeg i en tsunami av tanker når hun sa det. Du må møte på sykehuset på mandag, avsluttet hun. Ja, vi får snakke mere da, jeg har ungene i baksetet her, avslutter jeg.
Det er svart/kvit bilete på nesten annenkvar side. Nokre bilete er motiv, andre er bilete som er tatt frå nært hald. Felles for dei alle er at dei er nøye utvalgt til teksten, og illustrerer den på ein symbolsk og vakker måte. Bileta forsterker det sterke innhaldet i teksten.
Sorgen er eit av temaene. Sorg over å miste sin vanlege og hektiske kvardag, sorg over å ikkje kunne være slik ein var, sorg over tapte øyeblikk og minner, og sorg over at livet snart kan være over. Men kva er eigentleg sorg? Anneli Solberg har på meisterleg vis klart å setja ord på dette også.
Sorgen har ingen ord. Sorgen kan ikke males, synges eller danses. Den har ingen lukt, ingen form eller farge. Sorgen er bare fraværet – tomrommet. Sorgen er det øyeblikket av stillhet før man trekker pusten igjen, den er nummenheten før man kjenner at man har slått seg. Så kommer den. For smerten kommer alltid. Rødglødende, altoverskyggende og opprivende.
Dikta er skrevet med sterke ord som setter seg i kropp og sinn. Det er ei tyngde bak orda som gjer at dei treff ekstra hardt. Dei er skrevet i form av fri-dikt og varierer i lengde. Det er ikkje overskrifter, men i denne boka er det eit godt valg å utelate dette. Dikta er plassert midt på sida, dermed fremstår det som luftig og orda vert dermed blikkfanget.
Ho skriv litt om det å bry seg. Ein treng nødvendigvis ikkje bruke så mange ord for å vise dette, men det betyr alt å berre være til stede. Ho tar óg eit lite oppgjer med «bedrevitere», dei som seier at alt kjem til å gå bra, hev hovudet, det nytter ikkje å grave seg ned osv..
Du kom
Du visste ikke hva du skulle si
men du hadde med lilla tulipaner
Det betydde alt
Selv årevis etter at tulipanene visnet i vasen
betyr det alt
Me får være med på legebesøket der ho får vite at ho har kreft, på sjukehuset for behandling. Me fylgjer ho gjennom ensomheten, gjennom hennes indre kamp, og gjennom møter med folk rundt seg. Samtidig handler ikkje alt om henne, noko ho blander så fint og stilfullt inn i teksten og dikta.
Det er mange gode betraktninger og tanker i teksten. Det er ei bok til ettertanke, og som setter følelsene i spill med sitt sterke bodskap og sine djupe ord og gode bilete.
Hovedtemaet er arr. Som Solberg så fint skriv det i innleiinga; «Arrene bærer vi med oss, men de tilhører fortiden.» Ho skildrer opp og nedturer fysisk, men ikkje minst psykisk. Eit menneskesinn er lunefullt, og det å sitte å sjå på at verda og kvardagen går videre som normalt utanfor vinduet, medan den som sitter innenfor kjemper sin livs kamp, må være ein tøff utfordring for kvart eit sinn. Og nettopp dette klarer Solberg å setja ord på. Det er vare, nære og sterke skildringer, med strålende bruk av metaforer.
Når de smeller døra etter seg og vandrer ut i den verdenen jeg ikke er en del av. For da kan jeg trekke pleddet tre centimeter nærmere haka, snu ryggen til rommet, stirre ut av vinduet og være akkurat like alene på utsiden som på innsiden. Da får jeg ro. Da kan jeg puste. I roen ligger også sorgen og venter.
Solberg skriv personleg, men likevel treff det bredt med sine ord. Eg klarte ikkje å legge boka frå meg før eg hadde lest den fra perm til perm. Det er ein fin raud tråd boka gjennom, og sjølv om det er ei bok der livet og døden går hånd i hånd, så er det óg ei bok om håp. Om å sjå dei små og store lyspunkta og gripe dei med begge hendene når dei kjem på din veg.
Ho avslutt boka med ein klar oppfordring, og runder dermed av historia si på ein flott måte.
Solberg er innom fleire ting gjennom sitt møte med kreften, og det er nok mange som vil kjenne seg att i teksten, og som vil finne det ekstra nært. Etter å ha lest denne boka sitter ein igjen med mange inntrykk. Ein får forståelse for at ein er ein fryktelig liten bit i eit gedigent puslespel. Men uansett kor liten brikke ein er, så er ein likevel veldig viktig for å få eit komplett bilete.
«Arr» er ei diktsamling som setter sine spor. Den er gjennomtenkt frå perm til perm, og er ei sterk bok om sjukdom, håp og død. Denne vil eg anbefale til alle, for den minner oss på kor skjørt livet er. Ta vare på øyeblikka og kvarandre.
TERNINGKAST: 5
Den flinkest Anneli i verden ❤️
LikerLiker