En nasjon i sjakk av Johan Høst

Ein særs spennende og actionfylt krimroman.

  • Norsk tittel: En nasjon i sjakk
  • Forfattar: Johan Høst
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 426
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Johan Høst ( Født 1971) er tekstforfattar, gründer og kreativ leder i eige reklamebyrå. Han er óg programleder for Norsk Tipping på NRK. «En nasjon i sjakk» er han fyrste krimroman, og kom ut i 2022.

Norges statsminister blir kidnappet. Terroristen stiller bare ett krav. At politikerne som sitter ved makten, spiller et sjakkparti om statsministerens liv. Brikkene representerer personer i statens tjeneste eller samfunnstopper. Hver gang terroristen tar en brikke, må et menneske bøte med livet.
Før det første trekket tas, stopper en trailer ved Stortinget, og hengerens vegger blåses av. På planet sitter statsministeren i et glassbur. Spillet er i gang. Det er også uret på bombedisplayet som henger rundt statsministerens hals. Beredskapstroppens Anton Block må kjempe en desperat kamp mot klokken for å stoppe drapene og redde det norske demokratiet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En nasjon i sjakk».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein intens krimroman med masse action og nerve.

Handlinga foregår rundt påsketider i 2022. Eg synes dette var eit godt valg då mange vil lese denne boka rundt påsketider, og at det er frem i tid, men likevel nært forestående.

I starten av boka vert ein bombadert med navn og titler på folk. Med tanke på at kvar svart brikke på sjakkbrettet representerer ein person, i tillegg til å introdusere eit etterforskningsteam, så vert det mange navn på kort tid. Nokre er viktige, medan andre er meir perifere. Her må ein være konsentrert medan ein les for å få med seg kven som er kven.

Det vert tidleg fart og spenning i boka. Statsministeren vert kidnappa, og snøballen byrjar å rulle. Terroristen krever at politikerne som sit ved makta, skal spele eit parti sjakk. Men dette er ikkje eit vanleg parti, for kvar svart brikke representerer ein person i statstjeneste eller samfunnstopp. Når kvit tar ein svart brikke, betyr det at ein person vert drept. Problemet for politiet er at dei ikkje veit kven som representerer hvilken brikke. Dei får dermed ei robotstemme inn på nettbrettet som leder dei til rett person. Klarar dei å redde nokon frå den sikre død? Og klarer dei å unngå tap og redde statsministeren?

De åtte offiserene representerer makten. To tårn, to hester, to løpere, en dronning og en konge. Hver av dem er en norsk samfunnstopp innen næringsliv eller politikk.

Politikerne står overfor mange dilemmaer og etiske debatter. Er statsministeren verdt meir enn dei 15 andre personene som representerer dei svarte brikkene? Skal ein ofre statsministeren for å redde dei andre? Dette er ein av mange spennende historier i boka.

Ein får knapt sett seg til rette for å lese før ein vert kasta rett ut i eit spennende, intenst og fartsfylt plott. Sjelden har eg lest ei bok som inneheld så masse action og som har eit slikt driv over historien. Det er ein klisjé å seie at denne boka klarer du ikkje å legge frå deg. Men slik er det faktisk med denne boka, og om ein skulle klare å legge den fra seg, så kverner historien ubevisst videre i hovudet.

Ein fylgjer dramaet på Stortinget parallelt med politietterforskninga og aksjonene til beredskapstroppen. Samtidig speler media ein viktig rolle i boka. Dei forlanger at politikerne og politiet ordner opp, og dei forlanger å få informasjon og pressekonferanser. Presset er enormt, og tiden er i ferd med å tikke ned mot null. Det er med andre ord ein god del sitrende spenning i historien.

Plottet er like genialt som det er originalt. Å bruke sjakk på denne måten er eit fantastisk stykke arbeid av Høst. Bilete av kvart trekk er plassert bak i boka, slik at ein kan fylgje med på «brettet» viss ein ikkje er komfortabel med sjakknotasjon. Desse bileta er det pluss og minus med. Veldig enkelt å få eit overblikk av muligheter og samtidig skjønne kompleksiteten av partiet. Men det er også eit minus, i og med at det er mange trekk og bilete på kvar side, og då kan ein nesten ikkje unngå å sjå fleire trekk samtidig, enten bevisst eller ubevisst.

Anton Block er aksjonsleder i beredskapstroppen, og saman med sin yngre kvinnelege kollega, Bjørk Jónsdottir, står dei overfor ein nesten umogleg oppgåve. Dei utfyller kvarandre godt, og innimellom får me også nokre små hint om at det er noko som plager Anton. Ein kjem aldri skikkelig under huden på desse personene, men i ei slik bok, er det heller ikkje nødvendig. Karakterene i boka er karismatiske og nokre er usmakelige, medan andre er hardtarbeidende og pliktoppfyllende. Enkelte morosamme kommentarer, eller rettere sagt mørk humor, vert det plass til, og skaper motvekt til ein ellers så dyster bok.

Enkelte vil nok sikkert lure på om denne kan leses uten at ein har noko som helst peiling på sjakk frå før av. Svaret mitt er ja, men litt av spenningsmomentet vil nok forsvinne, og ein vil også få nokre «kjedelige» partier i boka, sidan det er ein del sjakkprat innimellom. Men dette er likevel så intenst, så spennende og så utrolig fartsfylt at ein berre «må» lese den.

«Men gjennom mer enn tusen år har vi som nasjon vært gjennom store prøvelser og stått det av. Det har vi gjort gjennom å stå sammen. Vi sto imot den danske overmakten i 1814 og fikk vår grunnlov. Vi sto imot den svenske overmakten i 1905 og fikk vår selvstendighet. Vi sto imot den tyske overmakten i 1945 og fikk vår frihet. Igjen er det noen som forsøker å skremme oss, de vil frarøve oss vår frihet, svekke vårt demokrati og levesett. Men vi skal klare å stå imot! Fordi vi fortsatt står sammen.»

Sjakkpartiet i seg sjølv er også meget interessant. Høst tar utgangspunkt i eit parti som vekket stor begeistring i sjakkverdenen. Eg skal ikkje røpe kva for eit parti det var her, men det viser berre kor gjennomført denne boka er. I etterordet med sjakkmester Atle Grønn, fortel han om nettopp dette partiet.

Språket er flytende, kapitlene er korte og persongalleriet er stort og variert. Plottet er altoppslukende og det er ein page-turner av rang. Nokre scener fant eg urealistiske, men eg fekk aldri tid til å dvele over det, før neste actionscene var i gang.

Siste del av boka tar for seg årsakene til at personene er valgt som mål for terroristen. Denne delen var like spennende som resten av boka, og viser berre potensialet til forfattar Johan Høst.

Eg merka sjølv at i dei mest intense scenene, så leste eg ekstra fort for å sjå korleis det gjekk. Dette er alltid eit veldig godt teikn på at historia fenger. Med denne boka er standarden satt og lista lagt for krimsjangeren i år. Dette kan fort være årets bestselger, og det frå ein debutant. Wow.

«En nasjon i sjakk» er ein intens og fartsfylt krimbok med få eller ingen pustepauser. Dette er den ultimate boka for alle som er glad i sjakk og krim. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s