Planktonmannen av Frode A. Brøndbo

Naturvitenskapelig fakta ispedd krim, mystikk og spenning i denne nye barnebokserien om etterforskeren Benny Bang.

  • Norsk tittel: Planktonmannen
  • Forfattar: Frode A. Brøndbo
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 103
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Papir Forlag

Frode Alexander Brøndbo (Født 1974) er bosatt i Trondheim, der han jobber som norsklærer på ein videregående skule. Han har tidlegare jobbet som redaksjonsassistent i Forlaget Oktober. Han gav ut barneboka «Planktonmannen» i 2021.

Marinbiologen Nils Vater har laget en stor oppfinnelse. Merkelige ting skjer utenfor kontoret hans om natten og han mistenker at noen er ute etter å få kloa i den. Nils ønsker å komme tyvene i forkjøpet og kontakter etterforskeren Benny Bang i politiet. Han finner raskt ut at noe faktisk er forsvunnet. På den andre siden av fjorden kommer Benny og Nils på sporet av en mystisk forsker som døde for snart hundre år siden. Det de finner ut er ikke til å tro og det leder frem til spørsmålet: Er det noe poeng i å leve evig?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Papir Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Planktonmannen».

Dette er ei barnebok med ein spennende kriminalsak, og passer for barn mellom 8-13 år.

Her møter me på politietterforsker Benny Bang og marinbiologen Nils Vater, i tillegg til politisjefen Olga og nokre få andre meir perifere personer. Benny vert kontakta av Nils om eit mulig tjuveri FØR det har skjedd. Benny tar saken, men logisk nok møter han motbør hos sin sjef om å prioritere saken. Dermed gjer Benny som han tydeligvis ofte gjer; han går sine eigne veger, og saman med Nils forsøker dei å komme til bunns i denne litt merkverdige saken som har oppstått. Undervegs møter dei på bjeffende hunder og personer som ikkje finnes.

Noe beveget seg ute på fjorden. Et sjømonster kom til syne i det mørke vannet og buktet seg innover mot bryggekanten. Det hadde et ovalt skall med to følehorn som stakk ut til hver sin side på et merkelig, rekelignende hode, og en tykk og bred hale krummet seg som en hummer. Fire edderkoppaktige bein ble brukt til å skyve skapningen fremover i vannet.

I kvart kapittel er det ein illustrasjon. Og nettopp desse illustrasjonene fortjener å få nokre ord. Her har illustratør og kunstner Oscar Reitan gjort ein strålende jobb. Dei er teikna med ein tjukk svart penn, og inneheld gjerne fleire teikningar og tydingar i ei og samme teikning. Desse var verkeleg interessante og eit aldri så lite blikkfang, sidan dei er teikna i ein litt utradisjonell form.

Forfattar har brukt havet som tema. Her blir barna introdusert for nye ord og begrep med fokus på det som lever i havet, og da gjerne det me ikkje kan sjå med det blotte auge. Eg synes at Brøndbo forklarer ord og uttrykk på ein veldig fin og naturleg måte. Han gjentar gjerne noko utover i boka, slik at barnet skal både lære seg det, men og kanskje føle på ein mestringsfølelse av å skjønne innhaldet av ordet. Eit virkelig godt verkemiddel.

– Hva er det vi ser på skjermen? spurte Benny nysgjerrig.
-Plankton, forklarte Nils. – Eller nærmere bestemt zooplankton.
-Hva er egentlig zooplankton? Det høres ut som en planktondyrehage.
Zoo betyr rett og slett at disse planktonene ikke er planter, men dyr. De er mikroskopiske dyr som lever i havet. Det betyr altså dyreplankton.

Det er få personer med i historia, og barna bør ikkje ha noko som helst problem med å fylgja med på kven som er kven. Hovedkarakterene er Benny og Nils. Her sakna eg opplysninger om utseende og alder. Eg kan ikkje huske å ha lest noko om korleis dei ser ut. Ja, barn har ein tendens til å skape eit eget bilete, men det hadde ikkje gjort noko å hjelpt dei litt på veg på dette området.
Olga var også ein spennende karakter. Ho virka bister og sint, og her har forfattar lagt grunnlaget for å skape interessante motsetninger mellom Olga og Benny.

Boka har eit relativt lite format og er lett, noko som gjer at dei minste barna lett kan holde boka og lese sjølv. Ellers er kapitlene passelig lange, og språket står fjellstøtt.
Sjølv om det er gode forklaringar, så kan det vere at plottet kanskje kan gå litt over hovudet på dei minste. Men dette er fyrst og fremst ei lærerik og spennende bok, og med litt hjelp frå ein vaksen, så vil også dei minste ha stor glede av «Planktonmannen».

Forfattar skildrar livet og næringskjeda i havet på ein interessant og spennende måte, ispedd mystikk og krimelement retta mot born. Pedagogisk læring på høgt plan med andre ord.

Dette er fyrste bok om Benny Bang, og slik eg leser det så kjem det fleire bøker i denne serien. Eg liker at det vert gitt ut seriebøker for barn, då det er lettere å få dei til å lese ei bok der dei allerede kjenner til personer og univers.

«Planktonmannen» er ei interessant krimbok for barn. Her vert pedagogisk læring fletta inn i spenning og mystikk, og barna vil garantert få ei kjekk lesestund med denne boka. Anbefales.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar