Ein oppvekstroman der handlinga foregår i eit lite fiskarsamfunn på byrjinga av 1950-talet.
- Norsk tittel: Når ramnen skrik
- Forfattar: Tordis Lunde
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 284
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Kolofon Forlag
Tordis Lunde (Født 1948) bur i Øygarden kommune, og har jobba blant anna som lærar og rektor. I 2009 gav ho ut biografien «Livslang kamp, en krigsseiler forteller», og i 2021 gav ho ut romanen «Når ramnen skrik».

«Når ramnen skrik» er ei forteljing om ikkje å høyre til. Det einsame strevet med å finne sin eigen veg. Ei jente med eit namn ho avskyr, eit barn i livskrise. Den tunge kampen i henne blir ein kamp om å vinne tilbake sin eigen vilje og seg sjølv. Såg du meg? spør jenta. Tradisjon og gudstru står sterkt i det vesle fiskarsamfunnet der jenta veks opp tidleg på 1950- talet. Alle er dei underlagt naturen sine luner. Storm og stille, flo og fjære. Snøfokk og nordlys, midnattssol og mørketid. Havet spelar ei hovudrolle i livet til jenta.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Når ramnen skrik».
Dette er ein oppvekstroman som er lagt til Nord-Norge ein gang på tidleg 1950-talet. Boka er skrevet på nynorsk.
Boka startar med at jenta returnerer til heimbygda si etter å ha vert borte i 20 år. Vonde minner velter opp i ho når ho nærmar seg Øya. Så startar forfattar forteljinga om denne jenta frå ho var 5 år, og opp til konfirmasjonsalder, før ho avslutter boka med å fortsette frå der boka starta. Dette var eit veldig godt trekk. Forfattar pirrer nysgjerrigheten til leser før ho går attende i tid.
Jenta er hovedpersonen. Ho har eit namn som ho sjølv avskyr. «Namnet skjemmer ingen» er vel eit ordtak, men dette gjeld tydeligvis ikkje for jenta. Ho kunne heite kva som helst anna, enn det grufulle namnet foreldra gav ho. I boka omtales ho som jenta, og om me får vete namnet til slutt skal ikkje eg avsløre her, men at jenta har traumer om namnevalget foreldra gav ho, er det ingen tvil om.
Ho har tre småbrødre, der den eine dør like etter fødsel. Dette skal få store fylgjer for oppveksten.
Malvin, den minste broren hennar ligg i kassen. Det må vere han. Han ligg på ei kvit pute. Kassen, det er kista som Malvin skal til himmelen i. Mamma løfter skjelvande vekk lommeduken med blondekant som har lege over andletet til Malvin. Jenta vil la vere å sjå, men ser likevel.
Jenta slit med å finna sin plass i samfunnet. Ho har ingen nære venner, og dei få ho har omgang med, gjer narr av ho og ler av ho. Den einaste ho kan være 100% seg sjølv med, er hesten. Den er hennes store trøst når det blåser som verst i livet. Men kva må til for at denne lille jenta skal få kunne være seg sjølv utan at andre legg seg opp i det? Det er ein tøff kamp ho må gjennom, der gråten og smerten brenn i ho.
Boka inneheld det meste av livets opp og nedturer. Frå sorg og dødsfall, til kjærleik og latter. Moren til jenta får ein alvorleg psykisk knekk når det eine barnet hennes dør, og dette fører til at jenta og broren lider under dette. Borte er den trygge kvardagen med ei livsglad mor som styrer og steller i hus og heim. Når er det den fem år gamle jenta som må ta seg av mange ting i heimen. Etterkvart kjem moren seg litt over den verste sorgen, men ting blir aldri som før. Korleis påverker dette jenta videre i livet, og korleis vert forholdet mellom mor og dotter på sikt? Dette er spennende spørsmål som vert besvart utover i romanen.
Faren er ofte på fiske, og det er bestefaren jenta ser opp til. Han er snill og omtenksom, der andre forsømmer ho. Han tar ho med på forskjellige gjeremål, og lærer ho forskjellige ting. Samspelet mellom desse to er vakkert, og ein kan sjå for seg dei to som går og trasker rundt på øya, medan praten går. Lunde har skapt karakterer med motsetninger, der nokre er tvers gjennom hyggelege, medan andre er rake motsetninga. Ho speler på følelsene til leser, og enkelte scener vil skape sinne, tristhet og smil.
Jenta lever i si eiga verd, med sine eigne sanningar. Utan nokon mor eller far. Ho har inga snill tante eller bestemor. Berre bestefar er der for henne. Og hesten. Bestefar minner henne på at ho må vere seg sjølv og alltid hugse kvar ho kjem frå og kvar ho høyrer til.
Gudstrua i slekta står sterkt. Emissærer kjem til øya med jevne mellomrom, for å preike om Gud og bibelen. Desse folka skal få ein viktig rolle i romanen. Heile familien til jenta lever og ånder for trua, men særskilt er det ei tante av jenta som kjem med formanende gudsord og truer ho med diverse bibelsitater. For jenta er dette skremmende å høyre på, og ho gjer det ho kan for å vere ei snill pike. Eg synes forfattar verkeleg har klart å skape eit realistisk bilete av ei lita jentes tanker og væremåte.
Etterkvart som jenta vert eldre, forandrer ho væremåte og tankegangen sin. Er gudstrua så skremmende? Vert ho straffa om ho ikkje fylgjer det som står i bibelen? Etterkvart står ho opp mot foreldra på trass, men samtidig slit ho med samvittigheten sin, og stadig kikker ho opp på Jesus-biletet som heng på veggen. Ho trekk seg stadig lengre og lengre vekk frå gudstrua, men våger ho å la være å tru? Dette er ein spennende bi-historie, der ho utvikler seg, men samtidig er ho den lille jenta innimellom.
Språket er flytende, og særs virkningsfullt. Det er skrevet på ein lettfattelig måte, og drar leseren inn i universet på ein strålende måte. Relativt korte kapitler, og luftige avsnitt gjer romanen meget lettlest.
Eg likte skildringene rundt naturen og havet. Eit lite fiskarsamfunn i nord som ligg på ein værutsatt plass. Stormer som raser, bølgespruten som slår langt innover land, snøkavet som oppstår, fiskere som må vente ved kaia til været har løyet. Forskjellen på vår og sommer, lys og varme, kontra haust og vinter, kulde og mørke er enorm. Det skaper ei verkeleg god ramme for resten av historia. Strålende utført arbeid frå Tordis Lunde.
Jenta kan så vidt skimte fiskebåtane på vågen gjennom snøføyka som har klistra seg til glasruta. Som levande, store troll slit båtane i fortøyingane mellom dei kvite skumtoppane.
Nokre hendingar i romanen følte eg var litt overfladiske og særskilt eit kapittel følte eg var skrevet som fyllstoff. Nå kan det sjølvsagt vere at eg ikkje har sett ein eller anna samanheng, og at det var eit viktig kapittel å ha med.
Eg sleit litt med å heilt skjønne moren til jenta. Ho varierer frå å forsømme jenta, til å elske ho slik ei mor skal. Var moren slem og ond, eller hadde ho ein grunn til å oppføre seg som ho gjorde? Men det er ingen tvil om at jenta ikkje følte på kjærleik og nærleik i sin oppvekst, men var moren så annleis enn mange andre mødre på 50-talet?
Jenta blir sett på som annleis, både av foreldra og av lokalbefolkningen. Men ho oppfører seg slik av ein grunn. Dette får meg til å tenke på det berømte sitatet frå eit relativt kjent skodespel; «Alle veit at Jeppe drikker, men ingen spør hvorfor Jeppe drikker». Slik er det også her. Alle ser at jenta oppfører seg litt annleis, men ingen spør kvifor eller korleis ho har det. Det er vondt å lese, og viser berre at ein aldri skal dømme ein person ut frå væremåte utan å kjenne bakgrunnen for dette. Forfatter tar opp temaer som er like aktuelle idag som det var på den tida. Det er fascinerende og litt skremmende på ein gong.
«Når ramnen skrik» er ein oppvekstroman som skaper følelser. Den er velskrevet og har eit veldig enkelt, men virkningsfullt språk. Forfattar Tordis Lunde viser eminent forteljarstemme i denne romanen. Denne kan verkeleg anbefales.
TERNINGKAST: 5