Uten samtykke av Siri Fossing

Ein god krimroman der journalisten Emilie Engen er i hovedfokus.

  • Norsk tittel: Uten samtykke
  • Forfattar: Siri Fossing
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 219
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Pagina Forlag

Siri Fossing (Født 1971) jobber som journalist. Ho har tidlegare blogga om kvardagsmat over fleire år. I 2016 gav ho ut matboka «En bit av Sørlandet» sammen med Ida Monrad Haugen. «Uten samtykke» som vart utgitt i 2021, er hennes fyrste kriminalroman.

Våren er kald og sommeren lar vente på seg i den døsige sørlandsbyen Tvedestrand. Men både befolkningen og lokalavisa våkner til liv når en kvinne blir funnet drept. Politiet har få spor å gå etter, og etterforskningen er tidkrevende. Etter hvert får politiet flere alvorlige hendelser på bordet.
Journalist Emilie Engen i Stranna Blad har flyttet hjem fra Oslo. Hun sliter med å finne fotfeste i sin nye tilværelse. Når avisa får en drapssak å dekke, går hun sine egne veier for å finne svarene på hva som har skjedd i skyggesidene i byen sin. Men det er vanskelig å se hva og hvem som skjuler seg i det mørkeste mørket.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Uten samtykke».

Dette er ein kriminalroman med fokus på journalist som skriv om drapssaker.

Ei kvinne vert funnet drept, og dottera blir meldt sakna. Dette vekker sjølvsagt alle instinkter i journalisten Emilie, og resten av staben i redaksjonen. Ho byrjar å spørre og intervjue folk i kretsen rundt den avdøde, og forsøker samtidig å finne ut kva som har skjedd med den sakna dottera. Samtidig så opplever Emilie at nokon truer henne både fysisk og psykisk. Er det ein samanheng her? Vil ho eventuelt finne ut kva og kven før det er for seint?

Tidleg i boka får ein ein liten forsmak på litt psykologisk thriller-element, når Emilie opplever å bli truet. Det er ein del nerve og spenning iblandet journalistikk-jobbing med krimelement, utan at politiet er i fokus i denne krimromanen. Me fylgjer fyrst og fremst Emilie, som lager saker på det som skjer i avisredaksjonen der ho jobber, og reiser rundt å intervjuer folk, og graver djupt for å få fram sanninga rundt drapet og forsvinninga.

Hun krabbet bakover og ut døra, og la seg over på siden av trappa på utsiden. Gråten kom i store skjelv, hun fikk nesten ikke puste. Hun måtte samle seg. Hun jobbet hardt for å få kontroll over pusten. Trakk den i dype drag igjen. Tre ganger etter hverandre. Så hylte hun det hun klarte.

Det er relativt mange personer som er med i romanen, og det gjer at det også er ein god del potensielle gjerningspersoner. Fossing har kommet opp med eit godt plott, og ho held leser på pinebenken nesten til siste ord er lest.

Bokas største styrke er at forfattar, som er journalist, skriv om ein journalist. Me får eit godt innblikk i arbeidskvardagen, dynamikken i ein avisredaksjon, og pågangsmot og nysgjerrigheten til ein gravejournalist. Me fylgjer journalistene sin jakt på gode storyer, og får eit innblikk i dei forskjellige vinklingene dei har på sakene.

Hovedkarakteren er 32 år gamle Emilie Engen. Ho har flytta heim frå Oslo, og jobber som journalist. Litt etter litt får me meir bakgrunnsinformasjon, og ein vert kjent med karakteren og skjønar kvifor ho opptrer og reagerer på ting som oppstår undervegs. Som med mange andre, har Emilie opplevd mange skjebner opp gjennom årene. Ho er hardtarbeidende, og liker å gå eigne veger for å få mest mogleg informasjon, noko ikkje alle liker like godt.
Eg saknar kanskje litt meir skepsis rundt dette å snakke med ein journalist i ei drapssak, der drapsmannen eller kvinnen, fortsatt går laus… Mange vil nok vere litt meir tilbakeholden i ein slik situasjon?

Det er korte setninger som var litt uvant for min del, men ein kjem fort inn i språket. Kapitlene er korte, og når boka er på litt over to hundre sider, vart denne fort lest ut, noko som må tolkes positivt. Eg synes det var litt varierende kvalitet på historia. På sitt beste er den virkelig strålende, men det er eit roleg tempo i romanen, og når forfattar tar det ytterligere ned eit hakk her og der, vert det nokre dødperioder i boka. Når det i tillegg var ein del skrivefeil (i fyrste del av boka), så stoppa leserytmen opp enkelte plasser.

Det er ei sakte oppbyggende historie med mange involverte. Som journalist må ein også skrive om andre saker som berører lokalmiljøet. Nokre veger krysses, mens andre er blindgater. Det store spørsmålet er kven som snakker sant, og kven som har ting å skjule.
Eg synes Fossing har stålkontroll på plottet. Det er kanskje ikkje det djupaste og mest innfløkte plottet eg har lest, men det fungerer utmerket til denne type krimroman.

Krimsjangeren treng ikkje å berre bestå av politiarbeid og bestialske drapsskildringer. Forfattar viser med denne boka at ein kan skrive gode krimbøker utan nevnte ingredienser. Eg håper det kjem fleire krimromaner frå Fossing.

«Uten samtykke» er ein interessant krimroman, der dialogene er naturlege, språket er ein journalist verdig, og persongalleriet er spennende. Eg synes dette var ein god krimdebut frå Siri Fossing. Anbefales.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s