Vakre Vinger av Nina Bull-Engelstad

Ei selvutviklingsbok som vil treffe eit bredt spekter av personer.

  • Norsk tittel: Vakre Vinger
  • Forfattar: Nina Bull-Engelstad
  • Sjanger: Selvutvikling, Livsstil
  • Antall sider: 209
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: FRI Forlag

Nina Bull-Engelstad (Født 1989) er tidlegare håndballspiller og vert deltaker i realityprogrammet «Skårungen». Ho jobber som frisør og nå også forfattar. Ho gav ut selvutviklingsboka «Vakre Vinger» i 2021.

VAKRE VINGER hjelper deg å bli klar over hvilke grunnlag du tar valgene dine ut i fra. Nina Bull-Engelstad brenner for at du så tidlig som mulig skal bli kjent med deg selv og dermed kunne ta stegene i det som for deg oppleves som riktig retning. Dette er boka du leser når volumknappen må skrus opp, slik at du kan høre etter når den indre stemmen roper til deg. Det er boka du leser når du trenger en påminnelse om at du kan stole på deg selv, at det er en grunn til at du er som du er, og at det er en grunn til at du tenker som du gjør.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vakre Vinger».

Dette er ei selvutviklingsbok som setter fokus på at ein skal vere seg sjølv 100% i alle sammenhenger, og som handlar om å skape håp, verdier og ei inspirasjonskjelde til å leve det livet man ønsker.

Det finnes etterkvart ein god del selvhjelpsbøker tilgjengelig på bokmarkedet. Skiller denne seg ut? Ein ting er hvertfall sikkert og det er at den vil treffe eit bredt spekter av personer med sitt innhald.

Boka er delt inn i fem kapitler; Ekte, Skape, Leiken, Lyst, Frihet, der kvart kapittel har fem delkapitler. (Bortsett fra kapittelet Lyst, som har fire. Årsaken er eit fiffig påfunn av forfattar) Forfattar starter boka med 10 tips for å få mest ut av innhaldet. Dette er ein god start, og viser at Bull-Engelstad ynskjer at lesaren skal forstå og få mest mogleg ut av boka.

Med denne boka skal lesar forstå kor bra ein er, at ein skal kunne vere seg sjølv 100%, og vise kor fantastisk du er. Du sjølv og andre skal kunne sjå det fantastiske biletet av kven du verkeleg er, og det er dette biletet forfattar samanlikner med vinger. Vakre vinger. Desse vingene vil alltid vere fargelagt av korleis du behandler deg sjølv, og korleis du tenker om deg sjølv i forskjellige situasjoner. Det er opp til deg sjølv å tillate vingene dine til å bli både flygedyktige og gi dei eit fargespekter av dei sjeldne.

Det er faktisk okei å være litt rar.
Å være rar = å være annerledes
Å være annerledes = å være spesiell
Å være spesiell = å være unik

Nina Bull-Engelstad deler av sine eigne erfaringer i livet, og kjem med konkrete døme og råd for å bli ein betre versjon av seg sjølv. Skrifta er i kursiv der ho fortel ein historie. Ellers er det luftige avsnitt og gode overskrifter. Dette gjer at boka vert oversiktlig og lesevennlig. Ved kvart nytt kapittel er det ei lita gjennomgang over kva me har i vente for å pirre nysgjerrigheten til leseren. Og det lykkes ho med.

Boka er lagt opp slik at ein kan notere i den viss ein vil det. Ein må jobbe med seg sjølv, og bruke god tid på forskjellige innfallsvinkler og oppgåver. Det vert ein god del reflektering og selvransakelse i desse oppgåvene forfattar presenterer. Men det skal sies at det er mange gode poeng her, i tillegg til råd og tips. Det gav meg fleire aha-opplevingar om ting som ein ikkje tenker på i det daglege, og som ein kan ta med seg videre inn i kvardagen, utan at ein nødvendigvis har behov for å gjere dei store forandringene i livet.

Hvis du for eksempel overøser kjæresten din med gaver fordi du selv liker å få gaver, vil du ikke bli møtt med samme iver som du hadde håpet, dersom kjæresten setter andre kjærlighetsspråk høyere. Dette vil også dempe gleden med å gi gaver fordi du ikke får forventet respons. Prøv heller å gi det den andre trenger.

Forfattar går bredt ut, og skriv om så mange forskjellige aspekter i livet som omhandler ditt ytre og indre og dine omgivelser, at uansett kva stadium du befinn deg på i livet, så vil du finne noko av interesse i denne boka.

Nokre ting er nok enklere på papiret enn i virkeligheten, og enkelte av tinga ho skriv om kan vere tøft å fylgja slavisk. Ein må ha særs god selvbeherskelse, og ha mot til å tråkke enkelte på tærne for å oppnå satte mål. For enkelte er det kanskje den einaste løysinga for å få det best mogleg med seg sjølv, mens for andre så kan ein mellomting fungere like godt. Mulighetene er mange, og boka er eit fantastisk fundament for å få eit betre sjølvbilete og kunne vere deg sjølv i langt større grad enn det ein kanskje er idag.

Forfattar gjentar dette med kva personer du omgåes med, og kva innverknad dei har på deg. Er dei bra for deg? Bør nokre kuttes ut? Det vert mange refleksjonsoppgaver undervegs, og er ei bok som ein bør bruke god tid på.

Bull-Engelstad skriv om intuisjon, om å stole på deg sjølv og dine følelser, og ikkje minst om den påvirkninga den digitale kvardagen gjer med deg som person. Jaget etter følgere og likes er mange. Digital mobbing kan bryte ned dei fleste over tid, og det er ein tidstyv av rang.

Vi lever i en verden hvor vi hele tiden higer etter å bli bedre. Vi skal bli penere, vli tynnere og gjerne gladere. Vi higer etter å få flere likes. Vi vil hele tiden forbedre oss. På veien sammenligner vi oss med andre. Hva om vi i stedet kunne sammenligne oss med oss selv og vært takknemlig oftere? Takknemlig for det vi har og hva dagene bringer? Eller i hvertfall være takknemlig for at vi i stor grad kan påvirke hva dagene våre bringer oss?

Dette er ingen A4-bok. Heile boka oser av at forfattar har ein genuin interesse for temaet, og ein ser at ho brenn for å hjelpa flest mogleg på rett veg. Ein kan rett og slett ikkje unngå å bli inspirert. Her finn ein tester, plansjer, teikningar, oppgåver og spørsmål. På mange måter er dette ei arbeidsbok og eit fantastisk verktøy for dei som vil forandre seg sjølv, eller bryte ut av stien dei går på.

«Vakre Vinger» er eit strålende stykke arbeid. Dette er eit godt verktøy og eit solid fundament for dei som vil forandre på sitt eiga sjølvbilete og/eller væremåte. Nina Bull-Engelstad viser fantastiske formidlingsegenskaper med denne boka, og kan varmt anbefales.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s