Carl Fredrik Skog har sittet 10 år i fengsel for eit drap han ikkje har begått. No er han ein fri mann, og hevnens time er kommet….
- Norsk tittel: Lang lang rekke
- Forfattar: Bjørn Bakken
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 338
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Bjørn Bakken
Bjørn Bakken (Født 1956) har bakgrunn som lærer, kulturkonsulent, kinosjef og rektor. Bakken er også mannen bak bokbloggen Bjørnebok. Han debuterte med «Lang lang rekke» som kom ut i 2020.

Carl Fredrik Skog har sittet inne i 10 år for eit drap han aldri har begått. Dei tok ifrå han alt. I løpet av desse ti åra har han planlagt den ultimate hevn på dei som stod bak. No er han endeleg tilbake til der alt skjedde. Men dei veit han kjem…
Renate Gundersen har blitt førstebetjent og har lova seg sjølv at ho aldri skulle vende tilbake. Men no er ho her, på jakt etter sanninga etter farens siste drapssak, der han la igjen eit brev til Renate. Jakta er i gong.
Jeger og bytte. Drapsmann og offer. Kven heier du på?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar på PDF. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lang lang rekke».
Boka starter med ein liten prolog og nokre kapitler bak i tid. Så forflyttes historien til 2019, og derifrå held forteljinga seg i nå-tid.
Det er ein mørk og dyster krimroman Bakken serverer. Fyrst og fremst handlar det om mishandling, voldtekt og drap på unge kvinner i eit hallik og prostitusjons-miljø. Dette er likevel ikkje ein A4-krim. Her veit me kven som dreper og kvifor. Me fylgjer også politiet parallelt, men av kanskje litt andre grunner enn da ein i utgangspunktet skulle sett for seg.
Realismen er vel så som så. Dette er fyrst og fremst rein fiction, men det fungerer utmerket. Det er eit godt driv i historia. Spenningsmomenta kjem på løpende bånd, og ein får stadig nye vendingar og overraskingar. Plottet er godt, og språket flyt meget bra.
«Disse naglene er sylskarpe, og det er mothaker på dem. Når du først får en slik i foten vil du aldri få den ut igjen. Den må skjæres ut. Nå vil jeg senke deg langsomt ned igjen, og når det kommer til et visst punkt vil tyngden av kroppen din kvele deg sakte men sikkert med den reimen du har rundt halsen. Eneste måten å unngå det på er å stå på gulvet. Men det vil gjøre fryktelig vondt. Så hva skal du gjøre? Et umulig valg.»
Hovedkarakterane er godt skildra, sjølv om eg gjerne skulle blitt litt betre kjent med dei. Kva har forma dei som menneske, og kva ligg til grunn for at dei gjer som dei gjer?
Handlinga foregår stort sett i Kristiansand. Ein og anna utenlandstur vert det, men det er ikkje skildra slik at folk vil kjenna seg att. Forfattar har lagt sjølve plottet til grunn, og bruker tid på det, framfor å skildra omgivnadane til det gjenkjennelege.
Da er sjeldan ein får sympati med ein drapsmann, men i denne boka så får ein det. Og eg storkoste meg etterkvart som handlinga trer klarare og klarare fram. For i starten er ein litt usikker på kva som har skjedd, og kven som er involvert. Det snur ganske kjapt, og ein skjønar at dette er ein sak som vil få enorme konsekvensar for alle involverte.
Me les om eit brennande hat og ein person som er særs hevngjerrig. Bakken skildrar også kva som skjer når personar kjem under eit stort press. Alle midlar vert tatt i bruk for å koma seg heilskinna ut av ein vanskeleg situasjon.
Tittelen blir gjentatt fleire gonger i boka, og ein skjønar kvifor den har fått dette navnet. Eg likte denne boka veldig godt, og den var vanskeleg å legga frå seg. Sjølv om ein veit store deler av innholdet, aner ein ikkje kva utfallet blir.
Det er ei røff bok, med episodar og skildringar som kan vere litt i overkant for enkelte. Men viss du syns dette er greit, kan eg varmt anbefale denne boka. Bjørn Bakken har med denne boka skrevet seg rett inn i toppen på den norske lista av krimforfattere. Eg håper verkeleg det kjem fleire bøker frå denne forfattaren.
TERNINGKAST: 5