Arwin og skyggealven av Lisette Askø

Arwin må flytta til ei ukjent tanta når foreldra havnar i ei ulykka. Her får han veta om ein stor hemmelighet som vil forandra livet hans totalt. Dette er fyrste bok i ein trilogi for ungdom.

  • Norsk tittel: Arwin og skyggealven
  • Forfattar: Lisette Askø
  • Sjanger: Ungdom, Roman
  • Antall sider: 248
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: CreAlea Forlag

Lisette Askø (Født 1981) kjem frå Askim. Ho er utdanna innen teater og grafisk design. Til dagleg jobbar ho med bokdesign. Askø debuterte som forfattar i 2012 med ungdomsboka «Synnes puslespill». Sidan den gong har ho blant anna gitt ut fleire ungdomsbøker, barnebøker og stått bak ei rekkje antologier.

Livet til 13 år gamle Arwin Dahl vert snudd på hovudet når moren døyr i ei ulykke, medan faren havnar i koma. Alwin må dermed flytta til den ukjente tante Mille i Askim. Her finn han seg godt til rette, sjølv om saknet etter foreldra, og spesielt moren er frykteleg stort.
Etterkvart får han veta at moren har holdt noko hemmeleg for han i alle år. Dette skal føra Arwin ut på ei reisa han aldri kunne ha drømt om på førehand.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Arwin og skyggealven».

Dette er fyrste bok i ein trilogi, og er mynta på personer i aldersgruppa 11-16 år, samt unge voksne.

Det vert tidleg kjent i boka at Arwin føler seg annleis, og at det kun var moren som eigentleg godtok han for den han var. Derfor var kontakten med moren langt større enn hos faren. Så når moren dør i ei ulykke, er sorgen og saknet frykteleg stort hos Arwin. At faren ligg i koma, men tilstanden er stabil, er ei mager trøst. Her synes eg forfattar får fram saknet på ein fin måte, og han får lov å sørga på sin eigen måte hos tanta si.

Sidan Arwin har følt seg annleis, så er eit miljøskifte godt for han, og han vert særleg godt kjent med Tomas, Elena og Lennart. Dette vennskapet vert så sterkt at dei går gjennom ild og vatn saman seinare i boka. Så vennskap er eit viktig element i denne ungdomsromanen.
Det er også litt kjærleik inni biletet, men dette er overfladisk og lite prioritert av forfattar i denne boka. Men kanskje da kjem meir i fortsetjinga?

Etter kvart som romanen skrider fram, får eg assosiasjoner til bøkene om Narnia og Harry Potter. Her er det eit skjult land som åpenbarer seg, der mørke og onde krefter vil ta over, og mystikk ligg som eit bakteppe gjennom heile historia. Da går på evner og magi for å prøve å forhindre at det onde vinn over det gode.

Eg føler at noko av innholdet vil gå over hovudet på dei yngre lesarane. Da er ein del litt vanskelege begrep og utgreiingar som kan vere vanskeleg å forstå for dei yngste i denne målgruppa for boka.
Eg synes også at nokre av skildringane kunne vert korta ned på, då det ikkje hadde all verden å seia for sjølve historia. Drivet og spenninga i boka stoppar litt opp med dette.

Arwin er hovedkarakteren og me får eit godt innblikk kva person dette er gjennom handlingar og tankar og indre følelsar, men oppfører han seg som ein 13-åring? Eg meiner at Lisette Askø har laga eit realistisk bilete av ein ungdom. Ein person som er usikker, men samtidig bestemt, lett rødmende i kleine situasjonar, og har mange følelsar gåande samtidig.

«Han tenkte på faren sin, og at han ville si til ham at han brydde seg om ham, og Arwin tenkte på moren sin. Morens milde smil og latter. Han prøvde å se for seg ansiktet hennes, og oppdaget at han nesten ikke husket det. Kanskje husket han det til og med feil. Han ble usikker, og han ble sint. Han kunne ikke ligge her og dø uten at han husket hvordan morens ansikt så ut.»

Når da kjem til miljøskildringar og eit heilt nytt og fantasiaktig univers, er det ikkje alltid like lett å formidla eit indre bilete ut til lesaren. Eg synes Askø har lykkes med dette. Ein får eit godt inntrykk av korleis da ser ut rundt Arwin, og eg likte særskilt ein særs klaustrofobisk scene, der eg kjente at eg verkeleg var til stede i situasjonen.

Språket er godt, og ein ser at dette ikkje er den fyrste boka ho skriver i denne sjangaren. Med sine 46 kapitler bør da ikkje vere avskrekkande for ungdommen. Sjølv om dette i utgangspunktet er ei ungdomsbok, er det nok mange vaksne som også vil finne denne boka interessant. Boka slutter slik at ein får ein avslutning, men samtidig er da enkelte lause trådar som gjenstår, noko som gjer at eg vert nysgjerrig på fortsetjinga. Og da er eit godt utgangspunkt for den neste boka.

Forfattar visar med denne boka at fantasien hennes er stor, og eg kan garantere at røtter aldri vert da samme etter å ha lest denne romanen. Da er ein god idé, og ein god start på ein trilogi.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s