Edvardsen skildrar korleis ho hadde da når ho sleit psykisk, og korleis ho har da no, i denne sterke diktsamlinga.
- Norsk tittel: Livets opp – og nedturer
- Forfattar: Charlotte Hagen Edvardsen
- Sjanger: Dikt, Poesi
- Antall sider: 31
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Tekst Forlag
Charlotte Hagen Edvardsen (Født 1992) kjem frå Hadeland. Ho har alltid likt å skrive, og den interessa har økt med alderen. Ho brenn for psykisk helse, noko også diktsamlinga «Livets opp – og nedturer» (2021) som er hennes fyrste utgivelse, er eit godt eksempel på.

I denne boka finner du dikt som skildrer korleis forfattar hadde det da ho sleit psykisk, og korleis ho har da no. På baksida av omslaget står det følgende: «Det var en vanskelig tid for meg da jeg slet psykisk, og er stolt over her jeg står i dag. Jeg håper du får ett lite innblikk i hvordan jeg hadde, og har det nå. Jeg håper også at det gir deg motivasjon og inspirasjon til og ikke gi opp med det du eventuelt sliter med.»
Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Livets opp – og nedturer».
Dette er ei diktbok med 20 dikt, samt for og etterord frå forfattar. Men ikkje la deg lure av at boka ikkje har så mange sider, for innholdet rommer noko stort.
No er det vel slik i dag at mange ikkje eingong tenker tanken på å kjøpe og lese ei diktsamling. Det er ein sjangar som nok er litt innsnevret, hvertfall for den litt yngre garde. Men denne boka er eit godt bilete på at eit dikt ikkje nødvendigvis er fullt av svevende ord og vanskeleg å forstå seg på. Gi sjangeren ein sjanse, og start med denne boka.
Da fyrste eg la merke til med boka var omslaget. Dette er eit strålende og symbolsk bilete. Få eit fundament, og legg stein på stein. Og det er nettopp da denne diktsamlinga handlar om. Nemleg å ta eit steg om gongen, legga på ein stein no og då.
I forordet skriv forfattar opent og ærleg om si fortid. Om depresjon, om mobbing på skulen og om lav sjølvtillit. Det gjekk så langt at ho vart innlagt på psykiatrisk sjukehus. Etter utredninger fekk ho diagnosen dystemi. Ein dag bestemte ho seg at nok var nok og tok i mot all hjelp ho kunne få. For eit par år sida starta ho å skriva dikt, for å skildra denne perioden. Og det er dette som er resultatet av denne diktsamlinga.
Boka er utan overskrifter. Dikta er plassert midt på kvar side, med eit symbol under. Enkelt, nakent, men særs virkningsfullt. Da er ingen tvil at desse orda treff meg som lesar langt inni sjela.
Dikta er ikkje berre dikt, men også gode råd og kanskje starten på eit nytt tankemønster og levesett for den som slit. I så måte er denne boka eit veldig viktig bidrag. Denne boka gir den psykiske helsen eit ansikt. Den er modig skrevet av ei som sjølv har vert i det mørkeste mørke.
«Jeg vet du har det tøft
Jeg vet du har det vondt
Du kjenner tårene presser på.
Bare gråt. Ikke vær redd.
Det er greit, kjære deg.
Iblant er det godt – bare la tårene trille nedover kinnet
Det er lov
Bare gråt.»
Eg les om kor godt da er å sova, å sleppa tankejaget for ein periode når hjernen tar ein liten pause. Eg les om at ho ligg i fosterstilling og alt er svart. Eg les om dei små lyspunkta ho finn i naturen, den fine løvetannen og den fine solnedgangen etter ein god dag. Men fyrst og fremst les eg om ei veldig modig dame som formidlar eit viktig budskap på ein særs sterk og virkningsfull måte.
Ein kan kjenne smerte bak kvart eit ord på dei dikta som er skrevet i ein mørk periode. samtidig kan ein kjenna og føla håpet der ho er i sine betre periodar. Ei spire av håp. Eit lys i enden av tunnelen. Desse dikta vekslar mellom håp og mørke, mellom eit rop om hjelp og takksemd for ein klem eller eit smil.
Denne diktsamlinga er utan tvil den sterkaste eg har lest. Denne vil eg varmt anbefala, uavhengig om ein slit psykisk eller ikkje. Og kanskje kan den hjelpa ein person som har det tungt til å koma på rett spor tankemessig.
TERNINGKAST: 6
Takk for en flott omtale av boka mi 🙂
LikerLiker