Fjellets visdom av Elisabeth Naustdal Stormark

Ei reise inn i den metaforiske verdenen mellom fjell og menneske. Dette er eit poetisk kunstverk av forfattar.

  • Norsk tittel: Fjellets visdom
  • Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 45
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Elisabeth Naustdal Stormark

Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho gav óg ut «Kunstens virkning på oss», «I lyset av fullmånen» og «Fjellets visdom» i 2021. Ho har óg gitt ut CD og lydfiler. Stormark har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

Frå innleiinga: «Da jeg var ute og gikk til Kallestadvik lot jeg meg fascinere av fjellet/fjellsidene og dets vakre mønster. Da kom ideen om å lage kunstfotografi og poesi/refleksjoner til. Jeg ble nysgjerrig på historien til fjellet. Jeg fikk høre at det fra fjellsiden ble sprengt ut til steinblokker til bruk av en molo ved sjøkanten. Gjennom egne kunstfotografier forteller jeg historien om meg med utspring i fjellet, og dets visdom.»

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fjellets visdom».

Dette er ei diktsamling med 21 dikt og refleksjoner, og tilhøyrande nærbilete av fjellstrukturer.

Det fyrste som skiljer seg ut frå hennes tidlegare utgivelser, er formatet på boka. Denne er laga i A4-format, og det synes eg var eit godt valg. Bileta vert større, og ein vert møtt av luftige sider, noko som passer denne sjangeren. Denne boka er også gitt ut på eget forlag, så her er det forandringer å spore.

Ein del av bileta er litt uklåre. Det kan virke som dei er zoomet inn, eller blåst opp i ettertid for å passe til bokas format. Men ein ser likevel symbolikken i bileta, og ein skjønar kvifor akkurat det biletet er valgt til det spesifikke diktet. Eit par av dikta har ikkje bilete, og der vert ein møtt med ei blank side.

Forfattar bruker fjellet og dens mønster som metaforer for livet, hennes oppvekst og indre uro, men fjellet er også gropunktet for healing og ro. Eg må seie det er fascinerende å sjå kor masse tekst og kloke ord og tanker Stormark får ut av eit fjell og dets overflate, utan å gjenta seg sjølv til det kjedsommelige.

Fjellets visdom og visdommen inni meg.
Begge forteller sin historie.
Gjennom alle årstider står vi støtt.
Viser oss som vi er.

Det ekte og genuine. Vi byr på oss selv.
Arrene på innsiden og utsiden er der.
Bærer preg av er levd liv her.
Begge har fått hard medfart.

Utdrag frå diktet «Min visdomskilde»

I utgangspunktet er det fri-dikt, men eit og anna rim finn ein innimellom. Enkelte er også reine refleksjoner, men likevel poetiske. Ho bruker både «vi» og «jeg», når ho skildrer livet og menneskesinnet. Men det handlar mest om hennes liv, sjølv om ein kan kjenne seg att i fleire skildringar. Det er imponerende å lese korleis forfattar assosierer ting rundt seg, og trekker linjer til sitt eiga og andres menneskesinn og liv.

Metaforene er store og mektige. Ho skriv om sprekker i fjellet, som gjenspeiler sprekker i hennes eiga liv. Som med eit menneske, så kan eit fjell vere roleg på overflata, men kva befinn seg under? Det finnes grotter, hull og hulrom i fjell, som er mørkt og dystert. Stormark har klart å bestige sitt indre fjell, noko som må sies å vere eit strålende metaforisk bilete. På mange måtar utleverer forfattar seg i denne diktboka.

Det jeg har fått med meg hjemmefra fikk konsekvenser for meg gjennom livet.
Det var ikke så solid. Jeg var skjør og sårbar, og var for lyder.
Jeg opplevde alle nyansene av livet. Jeg var høysensitiv.
Jeg var en reddhare.
Hadde et perfekt ytre, hvor jeg levde et liv på overflaten.

Utdrag frå diktet «Grunnfjellet i oss»

Energi er eit viktig tema i denne boka. I fleire av dikta handlar det om energi og mønstre. Mønstrer som er blitt skapt gjennom tusenvis av år, og som er djup healing for hennes sjel.

Nok ein gong viser Elisabeth Naustdal Stormark sin kunstneriske og poetiske side på ein veldig fin måte. Dette er ei produktiv dame, som har mange jern i elden, og som har fleire utgivelser på gang. «Fjellets visdom» er ein imponerende metaforisk reise.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s