Aspenes tar oss gjennom dei fire årstidene og dei fire følelsene; glede, sorg, sakn og håp i denne diktboka.
- Norsk tittel: Fire årstider, fire følelser
- Forfattar: Åshild Aspenes
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 95
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Åshild Aspenes
Åshild Aspenes (Født i 1963) etablerte i 2019 ei side på Facebook, der ho byrja å legga ut dikt og små historiar på rim. Responsen lot ikkje venta på seg, og etterspørselen etter ei bok vart såpass stor at Aspenes har valgt å gi ut denne diktboka.

Gjennom 80 dikt tar Åshild Aspenes oss med i ein kvardag av glede, sorg, sakn og håp. Dikta rører ved noko i hjarta og sjela, samt gir rom for refleksjon og ettertanke. Fra beskrivelser av naturens endring gjennom fire årstider, til fire følelser. Det er med andre ord eit stort spenn i tematikken.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fire årstider, fire følelser».
Boka er delt inn i 4 hoveddeler. Vår, sommer, haust og vinter. Kvar årstid har rundt 19-21 dikt. Til saman er det heile 80 dikt, men har alle dikta tilknytning til årstida? Tja, nokre er sesongbasert, mens andre er kanskje litt meir tilfeldig plassert inn i ei årstid.
Nokre av dikta er på nordlandsk dialekt, mens resten er på bokmål. Av dei dikta som er på dialekt, skjønte eg bodskapet, men sleit med tydinga på nokre få ord. Men dette trekk ikkje ned for min del.
Innholda i dikta er særs varierande. Morosamme, nære og vare, melankolske og tankevekkande, død og sakn. Så spennvidda i dikta er store. Frå naturstemning, til glede, latter og tårer. Det er óg gode bodskap i mange av dikta.
«To med kjærlighet for hverandre
som jubler sammen når alt er bra
Og som kan tilgi med åpne armer
for noe dumt som den andre sa
Det skaper trygghet, du tør å leve
når du blir elsket for den du er
Og det er gøyere å skape minner
med en som er der og står deg nær»
Forfattar mimrar også litt om tida som var. Tida før det digitale har overtatt kvardagen.
Da diktet eg likte best, er nok også da tristaste som er i denne diktsamlinga, nemlig tapet av eit nyfødt barn. Da er eit sårt og trist dikt, men likevel er det så inderlig fint skrevet. Dei seier at eit bilde seier meir enn tusen ord. Men sannelig kan nokre få diktlinjer gjere samme nytten.
Så er det store spørsmålet da, om denne diktsamlinga skil seg ut frå andre diktsamlingar? Til da vil eg egentleg svara nei. Dei fleste dikta er skrevet på rim, og da gjerne kryssrim. (Annenkvar linje slutter på eit ord som rimer) Men det som gjer denne boka litt spennande, er den store bredda og variasjonen i dikta.
Årstidene er godt representert her, men ellers er det dikt utan nokon raud tråd. Nokre er skrevet med eit glimt i auga, slik at ein berre må trekka på smilebåndet.
Dikta er skrevet slik at det knapt er eit einaste kommateikn eller punktum i boka. Nokre flotte små bilete er det også i boka. Da er med andre ord ei stilrein bok, utan noko forsøk på å gjera den «prangande og overdådig». Her talar dikta for seg sjølve.
At Aspenes er flink med ord og rim er hevet over enhver tvil. Rytmen i dikta er veldig bra, og mange av dikta fortel ein historie, og ikkje berre klisjeer som er satt saman på rim. Eg vil tru at alle som har følgt ho på facebook, kjenn igjen språket i dikta.
Eg vil anbefala å gå inn på facebook og søkja etter «Åshild Aspenes diktsamling». Her får du eit godt innblikk i kva du har i vente i denne diktboka. Eg er sikker på at me har fleire bøker i vente frå Aspenes.
TERNINGKAST: 4+