Ein biografi frå ein av våre siste gjenlevende krigsseilere.
- Norsk tittel: Krigsseiler
- Forfatter: Oscar Anderson & Roger Albrigtsen
- Sjanger: Biografi, Dokumentar
- Antall sider: 162
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Forlaget Kristiansen
Oscar Anton Taumer Anderson (Født 1921) er bosatt i England, men født og oppvokst i Noreg. Biografien «Krigsseiler» som kom ut i 2024, er hans debutbok i ein alder av 102 år.
Roger Albrigtsen (Født 1971) kjem frå Evenes i Nordland. Han bur no i Porsanger, Finnmark. Han har skrevet ein rekkje bøker om norsk krigshistorie, særskilt frå Nord-Norge. I 2020 gav han ut ‘Krigsseilere fra nord – Finnmark», den fyrste boken er om finnmarkinger, de to kommende er om henholdsvis tromsværinger og nordlendinger. I 2021 gav han ut «Krigsseilere fra nord – Troms», og i 2022 kom den tredje og siste boka ut i denne serien; «Krigsseilere fra nord – Nordland». Saman med Knut Flovik Thoresen gav han ut dokumentaren «En skjult tragedie – Øksfjordraidet 1941» i 2022. I 2023 gav han ut «Krigsseilere fra Trøndelag».

102 år gamle Oscar Anton Taumer Anderson ble i august 2023 kjent i media som krigsseileren i fare for å havne i campingvogn på grunn av kostnadene for sykehjemsplassen hans i Storbritannia. Et historisk og enstemmig stortingsvedtak om å sikre våre få gjenlevende krigsseilere i utlandet en verdig alderdom kom endelig på plass den 9. april 2024. I denne boken forteller han om oppveksten på Tjøme, krigsseilas, hvalfangst og livet selv. Dette er en åpen og ærlig beretning om en vanlig mann med uvanlige opplevelser. Oscar Anderson var en av våre sjøfolk i seilas med livet som innsats under hele krigen.
Denne boka er eit leseeksemplar frå redaktør. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Krigsseiler».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein biografi der me får eit innblikk i den 102 år gamle norske krigsseilerens’ liv, frå barndomsåra og fram til dags dato.
Roger Albrigtsen har fått oversendt Anderson sine memoarer, og gjennom desse og samtaler med ham og Oscars kone, June, har Albrigtsen vert redaktør for denne boka.
Boka er skrevet i jeg-format, og det er Oscar Anderson sine ord me les. Han vart født i 1921 på Tjøme. Ein røff oppvekst, der særskilt han og faren ikkje kom godt overens, førte til at han fekk seg tidleg jobber. Som 15 åring tok han si fyrste hyre på båt.
Det er eit innhaldsrikt liv Oscar har levd så langt. I 2024 runder han heile 103 år, og er ein av Noregs siste gjenlevende krigsseilere. Det er også ein mann som heilt sikkert snuser på tittelen om Noregs eldste forfatterdebutant.
Anderson gir oss små glimt av blant anna oppvekst, livet som sjømann, kjærleiken og ellers det ein møter på i livet. Noko er av det interessante slaget, andre ting er nok meir spennende for familie og dei som kjenner vedkommende.
Når han kjem på båt, så skildrer han det daglige livet ombord. Som nykommer fekk han alle drittjobbene, og når han i tillegg ikkje hadde satt sjøbein enda, så vart det ein del skremmende opplevinger på opent hav. Desse skildrer han på ein livaktig og god måte, og ein ser at dette har satt sine spor hos han.
Kraften i bølgen var så stor at jeg ble slynget mot veggen og tilbake i rekkverket. Luften ble slått ut av lungene. I et øyeblikks desperasjon kjempende mot de frådende vannmassene, tenkte jeg at dette overlever jeg aldri.
Me fylgjer hans virke som sjømann gjennom krigsårene. Ein del hendinger måtte han gjennom. Desse er meir forbigått i stillhet, og her kjem Albrigtsen inn med sin eminente kunnskap om krigens dager, og fyller opp med opplysninger. Eg skulle veldig gjerne sett at Anderson skreiv meir utfyllende om dagene under den andre verdskrig, for det skrapes kun på overflata.
Det handler også ein god del om personen Oscar Anderson. Her får me ta del i kjærleikslivet, der piker, vin og sang var ein del av ein sjømanns liv. Anderson viser også at han er ein rettferdighetens mann, ved å stå opp mot urettferdigheten som rådet blant kapteiner og dei som jobba på båten. Han legg ingenting i mellom, men samtidig har han ein del svin på skogen sjølv…
Jeg var ung og enslig, jeg bodde på dyre hoteller, og jeg hadde en jente i hver havn. Selvfølgelig høres dette ut som en drømmesituasjon, men dette var ikke en bærekraftig livsstil.
Det er ein lineær tidslinje i boka og oppsettet er oversiktlig. Relativt korte kapitler med mange bilete, gjer til at boka er lettlest og me får eit visuelt innblikk i tingenes tilstand.
Gjennom stemma til forfatter får me eit godt bilete på korleis samfunnet fungerte opp gjennom åra, og korleis arbeidsvillkåra ombord på båt har forandret seg over tid.
Det er satt av ein god del plass til den skammelige og urettferdige behandlinga krigsseilere fekk etter at krigen var over, og dei returnerte attende til Noreg. Anderson var ein av desse, og ein treng ikkje briller for å sjå at mottakelsen han fekk når han returnerte til Tjøme, gjorde ham bitter.
Det er også andre bidragsytere i boka. Blant anna finn ein eit godt forord av forfatter Tania Michelet, dottera til Jon Michelet. Ein finn også eit kapittel om historia til plassen Tjøme under krigsåra, som er utarbeida av militærhistoriker Tormod Christiansen. Her ligg det masse informasjon som kan være interessant for allmenheten.
«Krigsseiler» er ein biografi som rommer eit levd liv. 102 år gamle Oscar Anderson fortel om sine opplevingar i møte med opp- og nedturer, som etterkvart setter sine spor. Det er ei lettlest bok, som mange vil få stor glede av å lese.
BOKA VERT LANSERT 30.05.24
TERNINGKAST: 4
Legg inn en kommentar