Korrektur av et sorgens kapittel av Eivind Riise Hauge

Rorgen er plassert i fengsel. Igjen. Vil han få ein rettferdig rettssak, eller vil fortida forhåndsdømme han? Dette er ein roman sett frå ein innsatt sitt ståsted.

  • Norsk tittel: Korrektur av et sorgens kapittel
  • Forfattar: Eivind Riise Hauge
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 219
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Eivind Riise Hauge (Født 1980) har studert ved Skrivekunst-Akademiet og har gitt ut bøker i ein rekkje sjangrer. Hauge har bakgrunn frå rusomsorg, og jobber på bibliotek i eit fengsel på Vestlandet. Han debuterte med novellesamlinga «Victor Tukmakovs siste vinter» i 2010. Sidan har han gitt ut romaner, skuespel og fleire novellesamlingar. I 2021 kom han ut med romanen «Korrektur av et sorgens kapittel».

Ein person med kallenavnet «Rorgen» sitter inne. Varetekt. Han sitter å venter på at rettsaken mot han skal starte. Da er ikkje fyrste gong han sitter inne. Han kjenner rutinene og folkene. Likevel er det noko som er annleis denne gongen. Gjennom denne fengselsfuglen fortel forfattar Eivind Riise Hauge ei historie sett frå ein innsatt sitt ståsted. Ei stemme til dei som ikkje vert høyrt, og hvertfall ikkje trodd på. For alle er vel uskyldig til det motsatte er bevist? Dette er Rorgen sin forteljing, hans frie forklaring.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Korrektur av et sorgens kapittel».

Dette er ei bok som eg overhodet ikkje hadde sett for meg skulle vere slik den faktisk er. Den er meget spesiell, og er på mange måter unik. Her har Eivind Riise Hauge verkeleg gått eigne veger i denne romanen.

Me vert kjent med Rorgen. Ein gjengangar i fengselet. No er han dømt for ein alvorleg forseelse, og advokaten hans har bedt han om å skrive ein fri forklaring. Og det er nettopp det han gjer. Denne boka er hans frie forklaring, frå a til å. For i denne saka er det ord mot ord, og spørsmålet blir da om han får ein rettferdig saksgong, eller om fortida hans allereie har dømt han skyldig. Kva skjer med eit menneske som sitter inne i ei lita celle, fratatt all frihet?

Me les om ein far som forsvant frå livet hans i ung alder, om juling han fekk som barn, der alt starta. Han satte fyr på eit falleferdig fjøs. Eit fjøs som skulle rives til slutt likevel. Men politiet henter han inn. Utenfor murane venter kjærasten hans Jenny, og deiras son, Krister. Men kor lenge vil dei venta på han? Dette er starten på Rorgen si til tidar rystande historie.

«Det betyr altså at jeg blir liggende i sengen mens omgangsvennene i politi, påtalemyndighet og domstol ordner med livet mitt. Og ingenting vet du om dette, ditt eget liv, når du ligger sånn, utover en glassklar erkjennelse av at den neste dagen nok blir lik den forrige, og at livet er en sirkel hvor du uten unntak vender tilbake til deg selv.»

Rorgen bagatelliserer delvis eigne handlingar. Samtidig les me om ein lege som diagnostiserer han med personlighetsforstyrrelser, noko som gjer at dette ligg i mappa hans for ettertida. Han får dermed eit stempel i panna av politi, samfunn og rettsvesen. Eg kan sjå for meg at dette er ein problemstilling med rot i verkelegheita.

Det er ingen kapitler i denne boka. Berre ei lita stjerne her og der som skiller avsnitta. Språket er til tidar litt «bad boy»-aktig, litt røft i kantene. Forfattar brukar også eit og anna ord som ein vanleg person kanskje må slå opp i ei ordbok for å finna tydinga på, men dette er imidlertid ikkje noko stort problem. Riise Hauge har óg med fleire engelske strofer fra Mark Knopfler-sanger rundt om i romanen.

Forteljinga er eit kapittel for seg sjølv. Rorgen skriv ned sin forklaring, men samtidig føler eg at han sit og snakker direkte til meg som lesar. Og nettopp denne historia er særs spesielt fortalt. Det er ikkje sjeldan at Rorgen sporer av. Plutseleg sitter han og meir eller mindre filosoferer, eller skriv/snakkar om heilt andre ting, før han igjen kjem inn på rett spor. Tankane og tilbakeblikka/historiene hans er overalt, hulter til bulter, og veldig ofte les ein setninga: «kommer til det», altså meir om dette seinare. Det er fascinerande å lesa, for sjølv om han ofte sporer av, så vert det aldri kjedeleg eller uoversikteleg.

Medan eg leste denne boka, så fekk det tankene til å gå til alle som sitter bak murene, eller som på ein eller anna måte har falt litt utenfor den «vanlege normen» folk lever etter. Alle har ei historie, og det er nok mange som vert forhåndsdømt. Dette fekk meg til å tenke på det berømte sitatet i skuespillet «Jeppe på bjerget»; «Alle vet at Jeppe drikker, men ingen stiller spørsmålet om hvorfor Jeppe drikker». Slik er det nok også i dag. Ein veit kanskje kven og kor, men ikkje alltid kvifor. Gjennom denne boka får me veta kvifor Rorgen gjer som han gjer, og tenker som han tenker. Her er det mørk humor, varme og hat. Det er til og med eit matoppskrift i boka. Det er også spark til enkelte reelle privatpersoner og samfunnsgrupper, noko eg meiner kunne vert tona ned litt, då dette kanskje er litt over kanten for enkelte.

På overflata er hovedpersonen ein tøff fyr, sidan han må spele tøff i fengsel for å overleva. Men under overflata kan han tenke som ein liten gut, vere omsorgsfull og engasjert. Dette gjer jo sjølvsagt at ein får ein viss sympati med vedkommande, sjølv om enkelte av handlingane hans ikkje kan forsvarast. Men forfattar skal ha ros for å skapa eit nyansert bilete og vektlegga fleire sider av same person.

Denne boka er annleis, og kan fort vere ei bok du enten liker eller ikkje liker. Eg likte den hvertfall, og den setter tankane i sving. For det er lett å forhåndsdømme folk. Spesielt i enkelte grupper i samfunnet. Dei får veldig lett eit stempel i panna. Denne boka er i så måte eit viktig bidrag til nettopp å unngå dette.

«Korrektur av et sorgens kapittel» er spennende, den setter følelsene i sving, er morosam, filosofisk og innheld viktige bodskap. Vil du lese ein litt annleis roman, eller rett og slett berre lese ei godt skrevet bok? Sjekk ut denne.

TERNINGKAST: 5

2 kommentarer om “Korrektur av et sorgens kapittel av Eivind Riise Hauge

  1. Tine 27/01/2021 kl. 17:55

    Veldig kjekt å lese omtalen din! Jeg leste boken i helgen og har skrevet om den, men ikke lagt det ut enda. Vi er hjertens enig i at dette er en roman helt for seg selv, og at hjertet mitt går til de som sitter i fengsel.

    Liker

    • bokbloggeren 27/01/2021 kl. 17:57

      Gleder meg til å lese din omtale! Ja, dette var ein annleis roman. Men det er også befriende at forfattere tenker litt utenom boksen.

      Liker

Legg igjen en kommentar