Fanget i englestøv-nettet av Ole J. Andersen

Politietterforskar Koivo har akkurat gått av med pensjon då han får ei sak i fanget. Denne skal bringe han langt inn i underverdenen i eit berykta narkotikamiljø. Dette er bok nr. 6 i serien om Koivo.

  • Norsk tittel: Fanget i englestøv-nettet
  • Forfattar: Ole J. Andersen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 415
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Elefantus Forlag

Ole J. Andersen (Født 1950) bur på Sokna i Buskerud. Han har 40 år bak seg i politiyrket, og er spesialutdanna innen rus og narkotika. Han debuterte som forfattar allereie i 1979 med boka «Politihistorie for Hønefoss». I 2013 kom han ut med sin fyrste bok om eks-politimannen Koivo. «På ville veier – mot ukjent mål» er bok nr sju i denne serien, og kom ut i 2020.

Koivo har akkurat gått av med pensjon når han får eit oppdrag frå kriminalsjef Håkonsen. Etter ein del overtalelse går Koivo med på å etterforska eit mistenkeleg dødsfall. Den lokale kriminaliteten er i ferd med å ta seg opp, og denne gangen vert den kobla til hovedstadens aggressive og organiserte kriminalitet. Koivo finner raskt ut at nokon ikkje vil at han skal fortsetta etterforskinga, og han får truslar mot seg. Det skal visa seg at eit langt større bilete skjuler seg bak dette mistenkelige dødsfallet. Han må kjempa mot ein sleip forsvarar, ein egenrådig politijurist og ein veldig taus tiltalt hovedmann i jakta på sanninga. Det skal også vise seg at Koivo skal få hjelp frå veldig uventa hold.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fanget i englestøv-nettet».

Dette er bok nr. 6 i serien om politietterforskaren Koivo. Denne gongen tar forfattar Ole J. Andersen oss med til 1990-tallet, da kosovo-albanere stod for masse av narkotikainnførselen og omsetninga i Oslo-området.
For dei som ikkje er kjent med denne forfattaren frå før, kan eg seia at han er kjent for sine rusrelaterte krimromaner. Han har 40 år bak seg i politiet og er spesialutdanna innan rus og narkotika. Så her får me eit ærleg og nært bilete på eit stort samfunnsproblem.

Som i dei andre bøkene i denne serien, er språket veldig enkelt og særegent. Det er kanskje ikkje den beste boka eg har lest språkmessig, men det er så stor innlevelse frå forfattar, at ein vert riven med.
Koivo er ein karakter som har meir omtanke for ofrene enn for seg sjølv. Han vil alle godt, og er ein særs skarp fyr med mange jern i elden. Samspelet med krimsjef Håkonsen er eit kapittel for seg sjølv. Eg tar meg sjølv i å riste oppgitt på hovudet av den merkverdige lite forståelsesfulle krimsjefen.
Koivo vert me godt kjent med, også som privatperson. Dei andre karakterane er meir på det overfladiske planet, men sidan det er narkotika og rusrelaterte temaer som er hovedfokuset, så er det heilt greit.

Også i denne boka er det overskrift ved kvart kapittel. Dette bringer gode barndomsminner frå bøkene om Hardy-Guttene. Når ein les overskrifta veit ein kva ein har i vente. Nokre er kanskje litt avslørande, men samtidig trigger det interessen til å måtte lese enda eit kapittel.

«Håndjern var unødvendig å bruke. Krimsjefen stolte på Ronny, og Ronny hadde respekt for politiet, særlig krimsjef Håkonsen. Krimsjefen ble ansett for å være rettferdig, ærlig og en mann som holdt det han lovte. De fleste hadde stor respekt for ham. Og det til tross for at han daglig beveget seg inn i et uærlig og kriminelt miljø.»

Me får ei grundig innføring av «englestøv», eit stoff som har ein heilt spesiell bakgrunn og verknad. Forfattar gir oss mange interessante opplysningar om narkotika, kriminaliteten frå aust-Europa, prosessen i straffeutmålingssaker og drar også inn fakta frå réelle hendingar. Samtidig så føler eg at han sporer litt av til tider. Det er både ein roman og ei faktabok. Her skulle eg gjerne sett at Andersen konsentrerte seg om historia, og heller la til alle fakta og opplysningar i ein eiga del bak i boka.

Andersen tar også eit oppgjer gjennom Koivo med forsvarsadvokatar, systemet i politiet, rettsorgana, og han kjem også innpå dette med at politijuristar som kanskje ikkje har etterforskingsutdannelse, som skal sitta på eit kontor og heva seg over erfarne spesialutdanna politifolk. Påtalemakta og politiet står i sterk kontrast til kvarandre. Dette er ting som skapar konfliktar i handlinga og er små bi-historier.

Eg finn ikkje alt like realistisk. Eit politi som fylgjer kun eit spor, ein krimsjef som av og til kan virke direkte uerfaren og lite engasjert, og nokre hendingar som eg syntes var oppkonstruerte og lite troverdig. Men dette er 90-talet, og for alt eg veit så kan dette vere nærare sanninga enn da eg innbiller meg.

Hendingane er meir voldelege i denne romanen. Her er inndriving av gjeld, skremming, truing, fysisk vold og drap nærast daglegdags . Dette forsterkar inntrykket av desse tøffe åra på 90-tallet, då fleire aktørar tok seg inn på det illegale markedet i Osloområdet. Andersen skildrar desse miljøa på ein meisterleg måte. Dette er noko han brenn for og som står nært hans hjerta. Og da kan ein lesa mellom og i setningane.

Som nevnt er dette ein rusrelatert krimroman. Den skiller seg dermed litt ut frå resten av krimbøker. Etterforskning og rus er nøkkelord, så ikkje forvent heseblesende action. Forfattar skildrar kva konsekvensar rus skapar, og kva det gjer med eit menneske. Ikkje berre på kort sikt, men også på lang sikt. Dette er ein serie som eg vil anbefala vidare.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar