Rasende binne av Ingebjørg Berg Holm

Njål og Nina kjempar ein innbitt kamp for å få foreldreretten til lille Lotta, samtidig som dei sloss om å få den eine ledige plassen som leder for eit forskningsprosjekt på Svalbard. Og i skyggene lurer presten Sol, Njål’s tidlegare kone i denne psykologiske spenningsromanen.

  • Norsk tittel: Rasende binne
  • Forfattar: Ingebjørg Berg Holm
  • Sjanger: Roman, Psykologisk spenning
  • Antall sider: 319
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad & Bjørke

Ingebjørg Berg Holm (Født 1980) bur i Bergen, og er utdanna interiørarkitekt. I 2015 debuterte ho med boka «Stjerner over, mørke under». Med denne boka vant ho Maurits Hansen-prisen. «Barføtt over isen» kom ut i 2018, og «Rasende binne» i 2021.

Presten Sol og forskaren Njål var lykkelig gift. Men sidan Sol ikkje kunne få barn, så røyk forholdet. Njål fant kjærleiken med stipendiaten Nina, og saman fekk dei ei dotter. Men etter fødselen forandra Nina karakter, og nå kjempar Njål og Nina ein innbitt kamp for foreldreansvaret for lille Lotta. Samtidig kjempar begge om moglegheita til å fullføra eit forskningsprosjekt på Svalbard. Eit prosjekt dei har samarbeida om tidlegare, men som berre éin av dei kan leda. Om natta står Sol utanfor leiligheita til Njål og draumar om eit liv med Njål og barnet…

Denne boka er eit forhåndseksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Rasende binne». Boka lanseres 11.01 2021.

Dette er den tredje romanen frå Ingebjørg Berg Holm. På omslaget står det at denne boka er ein «rå psykologisk spenningsroman». Eg vert alltid litt skeptisk når psykologisk og spenning/thriller nevnes i samme setning. For det er ein fryktelig vanskeleg sjanger å lykkes fullt ut i. Skil denne seg ut fra mengden?

Romanen startar med at eit lik ligg i eit kaldt snølandskap. Så hoppar forfattaren åtte månader tilbake i tid, nærare bestemt våren 2019 i Bergen. Her treff me Sol, Njål og Nina. Dei har i store delar av boka kvar sine kapitler, så me blir veldig godt kjent med karakterane.

Nina slit med ein form for fødselsdepresjon og har hatt tankar om å drepa barnet sitt, Njål på sin side har hatt nokre episodar som han sjølv ikkje er stolt over. Og forfattar kjem stadig inn på ei «hending» som ingen av dei vil bringa fram. Samtidig kjempar begge for foreldreretten og beskyldningane byrjar å gjera livet surt for dei begge. Kven fortjener eigentleg foreldreretten for barnet? Som lesar så vil du bli dratt mellom desse to. Eg skifta medlidenhet for ein person fleire gongar.
Begge har skjelett i skapa som dei ikkje vil skal koma ut i offentlegheita. Samtidig lurar presten og feministen Sol i bakgrunnen. Spelet er i gong.

«Jeg sier til meg selv at drømmen var som Ninas tvangstanker. Hennes angst etter fødselen, de bildene hun fikk i hodet. Fullstendig tabu. Og helt normalt. Sa internett, sa jordmora. Sa jeg til Nina.»

Eg syntes boka starta omstendelig og lurte på kvifor forfattar brukte så masse tid på å skildra psyken og tankane til personane. Etterkvart skjøna eg at dette faktisk var handlinga og hovedinnholdet i boka. Dermed vart boka med eit meir interessant. Eg hadde nok sett for meg ei anna type bok før eg starta å lesa, men eg likte boka betre og betre utover.

For her har Berg Holmen verkeleg gått under huden på hovedpersonane, og det er definitivt psykologiske elementer med i denne boka. Men er du ute etter action og sitrende spenning, er nok ikkje denne boka den fyrste eg ville ha lest. For her er det fyrst og fremst tankegongen på eit psykologisk plan til eit menneske som er i fokus.

Ein kan formeleg kjenna på sårheita frå begge partar i ei barnefordelingssak. Samtidig kjem sinnet og menneskesinnets tankar fram. Kor langt er ein person villig til å gå for å få ansvaret for sitt eiga barn? Eg synes forfattar har belyst dette på ein mørk og særs god måte.

Det er ein del svulstige skildringar i boka. Nokre er over streken for da ein normalt les om i romaner. Berg Holm har dratt strikken langt, og provoserer til tider med si historie. Men i denne boka fungerer det. Det glir strålende inn i det psykologiske og mørke spelet. Etterkvart kryp historia sakte men sikker under huda på meg som lesar, og eg klarte ikkje å legga den frå meg.

Sluttpartiet av boka følte eg vart litt vél fort ferdig. Ting har bygga seg opp over lang tid, så eg vart litt skuffa over slutten. Men eg skjønar tankegongen og poenget. Skildringane frå Svalbard er gode, og ein kan føla på mørket og det snødekte og iskalde landskapet.

Denne boka handlar fyrst og fremst om skildringar av menneskesinnets mange lunefulle tankar. Forfattar graver seg djupt ned i dette, og ho gjer det på ein meisterleg måte. Ein får eit perspektiv på saker frå tre forskjellige ståsteder. Dette engasjerer og utvidar historia på ein solid og god måte. Språket er særs godt, og skildringane skapar ein del forstyrrande bilete i hovudet på meg som lesar. Noko som må seiast å vere positivt i ein slik type bok.

TERNINGKAST: 5

3 kommentarer om “Rasende binne av Ingebjørg Berg Holm

  1. Tine 08/01/2021 kl. 17:27

    Flott omtale! Jeg har lest de to forrige romanene hennes, og likte nok dem bedre enn denne. Hang meg nok litt for mye opp i at dette skulle bli spennende 🙂
    Har skrevet om boken, men venter på sperrefristen 🙂
    God helg fra Bergen!

    Liker

    • bokbloggeren 08/01/2021 kl. 17:31

      Takk for da. 😊

      Alltid spennende å lesa kva andre skriv og meiner om bøker, så gleder meg til å lese ditt syn på boka.

      Liker

      • Tine 08/01/2021 kl. 17:50

        Rett etter jeg la ut kommentaren om sperrefrist, skjønte jeg at det er jo i dag 🙂 Vel, vel, har blogget i dag, så det får bli i morgen.
        Ha en fin fredagskveld!

        Liker

Legg igjen en kommentar