Privatetterforskar Olivia Henriksen må finne ut kven eller kva som lagar kornsirkler i ein åker. Saken tar ei dramatisk vending når ho finn ein død person inni kornsirkelen.
- Norsk tittel: I de beste sirkler
- Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 320
- Utgivelsesår: 2018
- Utgiver: Juritzen Forlag
Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller. I 2020 gav ho ut romanen «Petra Pettersens perfekte plan».

Denne gongen har privatetterforskar Olivia Henriksen fått ein mystisk sak i fanget. I kornåkeren til Erling og Vigdis Svingen har det oppstått merkelige kornsirkler. På ein av sine nattlige spaninger ved åkeren finn Olivia ikkje berre ein kornsirkel, men også ein død person, som ligg naken og i ein heilt spesiell posisjon. Olivias jobb er å etterforska kva eller kven som lagar kornsirkelen, men ho klarar sjølvsagt ikkje å halda seg vekke frå drapssaken. Personen som vart drept hadde mange fiender, så Olivia må spane blant lokalpolitikere, miljøvernere, fallskjermhoppere og UFO-entusiastene i sin jakt på ein morder.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «I de beste sirkler».
Dette er bok nr. 5 om privatetterforskar Olivia Henriksen. Sidan bøkene bygger vidare på relasjonar, anbefalar eg å lesa dei kronologisk.
Kjølner er kjent for å ha eit tema i sine bøker, gjerne eit samfunnsengasjerande tema. Og det er intet unntak i denne boka. Det er stor motstand mot kommunesamanslåing i bygda. Men som alle andre plassar, er det grupperinger som kjemper for samanslåing. Det handlar også om utbygging, utanomjordiske vesener, lokalpolitikk, miljø og masse om kornsirkler.
Politietterforskninga av drapet kjem heilt i skyggen i boka. Som lesar anar ein ikkje kor nærme eller langt unna politiet er ei oppklaring. Her skulle eg gjerne sett at det kom fleire hint utover i boka frå politiet med Evert i spissen. Men kanskje også litt logisk sidan det er Olivia sin etterforskning av kornsirklene som er fokuset i boka..
Til tidar kan det verta litt vél masse om kornsirkler, slik at da vart nokre kjedelige partier for min del. Kjedelig i den forstand at da var lite framdrift. For ordet kjedelig kan egentleg ikkje brukes i bøkene til Kjølner. Humoren i dialogane og dei treffande samanlikningane frå kvardagslivet kjem som perler på ei snor.
I denne romanen er verken Mona (venninna til Olivia) eller Torstein (politimann og kjæresten til Olivia) med. Begge er utenlands, så her må Olivia klara seg sjølv denne gongen. Det fungerer fint, men saknar likevel dei humørfylte og morosame dialogane mellom Olivia og Mona frå tidlegare bøker. I stedet er det hotellets kokk og altmuligmann, Alfred, som er ein meir framtredande person i denne boka.
Ein kjem ikkje unna alle desse morosamme betraktningane og personane Kjølner drar inn i sitt univers. UFO-entusiaster, medlemmer av Treklemmer-foreningen, og ein innpåsliten journalist er nokre av personane i denne boka. Og sjølvsagt har Olivia sine tankar og meiningar om desse gruppene og personane.
Det er ingen tvil om at forfattar Lene Lauritsen Kjølner er inspirert av Agatha Christie. Her finn ein mange likheter. Drapsgåta er kanskje ikkje like samansatt og omfattande, men det tar Kjølner igjen med sine humoristiske betraktningar og gode dialogar. Språket er særs lett og samtidig særegent. Ein kjenner fort att bøkene og språket til Kjølner.
Viss du er glad i krim, men er lei av eller ikkje likar alle actionscenene og dei groteske drapsskildringane ein kan finna i enkelte bøker, så bør du sjekke ut denne serien. Her er det sommer, sol og masse Prosecco frå idylliske Ankerholmen. Men ikkje la deg lure av «innpakningspapiret», for inni historiene ligg det gode plott og velkomponerte etterforskningssaker.
TERNINGKAST: 4+