En liter blod av Gry K. Karlson

Jørgen vert forelska i feil kvinne, og dermed vert han dratt inn i ei verd beståande av livsfarlege situasjonar og blodige konfliktar i denne fantasyromanen for ungdom (og voksne).

  • Norsk tittel: En liter blod
  • Forfattar: Gry K. Karlson
  • Sjanger: Ungdom, Fantasyroman
  • Antall sider: 336
  • Utgivelsesår: 2016
  • Utgiver: Lyst Forlag

Gry K. Karlson (Født 1980) bur i Sveio kommune i Vestland Fylke. Ho jobbar i SIM (Sunnhordland Interkommunale Miljøverk), og driv Stutteri GK, der ho blant anna avlar varmblodshestar. Ho debuterte som forfattar i 2016 med boka «En liter blod», som er ein vampyrroman for ungdom. Boka «Øya på sokkelen» kjem ut i 2021, og er den fyrste boka i ein planlagt trilogi om Månetetragonene.

Jørgen Syvertsen er ein heilt vanleg person, som forelskar seg i feil kvinne. Han vert særs betatt av den farlege vampyrkvinna, Khazeema. Sjølv om det kan koste ham livet, er han villig til å gjere alt for å vinne Khazeema’s hjerte. Gjennom henne vert han også kjent med Bombos. Vennskapet skal vise seg å vere livsnødvendig, men Jørgen trekkes djupare og djupare inn i vampyrenes verden, ein verden bestående av konstante farlege og blodige konflikter. Politiet er på jakt etter den eller dei som står bak fleire bestialske drap, og Jørgen får skylda for ugjerningane og må flykta frå politiet. Kan han stola på at vampyrane lar han vera i fred?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Gry K. Karlson. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mi eiga subjektive vurdering av «En liter blod».

Dette er ein vampyrroman for ungdom. Eg meiner den passar meir til eldre ungdomar og den voksne lesaren. Da er mange skildringar om drap, lemlesting og til og med halshugging. Blod speler sjølvsagt ein aktiv rolle i denne boka, og det er ikkje mangel på skildringar av dette. Enkelte sexscener har det óg blitt plass til.

«Med fullsatt tannsett, glefset hun seg fast i den blottlagte halsen og begynte å drikke. Tennene traff hovedpulsåren og blodet veltet inn i munnen. Det hun ikke rakk å svelge, sildret nedover kroppen hans og ble til en dam på fortauet. Det tok ikke lang tid før mannens øyne ble blasse og han segnet om.»

Litt lange kapitler vil nok gjera at nokre ungdomar kan vegra seg litt for å lesa denne. Men til å vera ei ungdomsbok er denne veldig spennande, og med eit godt språk og ein god historie, er det nok mange som vil like denne boka.

Eg syntes det vart litt langdrygt til tidar. Nokre partier kunne kanskje vert litt korta ned, utan at det hadde gått utover innhold og formidling. For min del vart det litt vél masse blod og kampscener etterkvart. Men igjen, dette er ei vampyrbok, og vil nok falle i god smak hos folk som elsker den type bøker.

Karakterane er litt variable. Følte eg ikkje fekk heilt «vampyrfølelse» av alle. Men vampyren Albaron var verkeleg ein fantastisk karakter, der Karlson har klart å skapa eit meget godt bilete av denne vampyren. Bombos er ein anna karakter som visar litt medmenneskelighet og ein får ein viss sympati for han, utruleg nok. Sjølvsagt har mange av karakterane superkrefter, som er både spennande og typisk for denne sjangeren.

Skildringane i slagsmåla er detaljerte, og nokre av idéane i boka er originale. Men eg sakna ein meir raud tråd gjennom boka. Fyrste delen av romanen sleit eg litt med å forstå heilheten, men heldigvis veks historia utover i boka, og den ender opp i ein grand finale med ein spennande slutt.

Til å vera ein debutroman er dette ein veldig god start på ein forfattarkarriere frå Gry K. Karlson. No har eg vert så heldig at eg har fått lest «Øya på sokkelen», som er den fyrste romanen i ein planlagt trilogi, og kan bekrefta at progresjonen er veldig bra. Eg ser fram til fleire bøker frå denne forfattaren i framtida.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar