Gresset på andre siden av Arild Svendsen

Josef Gahre er ein ung mann som velger å emigrere til Amerika på slutten av 1860-talet. Me får bli med han på ferda i denne historiske romanen.

  • Norsk tittel: Gresset på andre siden
  • Forfattar: Arild Svendsen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 228
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Arild Svendsen er barnevernpedagog og har arbeida innen offentlege helse- og sosialetatar. I 2017 debuterte han som forfattar med romanen «Brevet». «Gresset på andre siden» er den fyrste boka om Josef Gahre.

Etter at eldstebroren og faren omkommer på sjøen, bestem Josef seg for at han ikkje vil bli sjømann, men det er få andre arbeidsmoglegheiter på heimstaden. Så Josef Gahre emigrerer til Amerika, kun 18 år gamal. På overfarten vert han kjent med Leif Blørstad, som har vert barnevandrar og bærer på ein stor og mørk hemmelighet. Dei får seg jobb i Chicago og tjener godt, men dei vil utforske meir av dette storslåtte landet, og fortsetter over prærien til Sioux Falls i Dakotaterritoriet. Her tar Leif seg land, og slår seg ned. Josef prøvar å få seg jobb som smed, samtidig som han reagerar på diskrimineringa av minoritetsgrupper.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Gresset på andre siden».

Denne historiske romanen tar for seg åra mellom 1867 til 1873, kor me fylgjer reisa til Josef Gahre frå eit fattig liv på landsbygda i Noreg, til store og mektige Amerika. På overfarten vert han kjent med Leif, som også vert ein viktig person i boka.

Forfattar skildrar eit tøft og slitsamt liv i Noreg på slutten av 1860-talet. Fattigdommen var stor, og det var ein kamp kvar dag for å få nok mat på bordet til ein storfamilie. For kva skjer når hovedforsørgjar i huset plutseleg vert borte? Ikkje berre må kona i huset holde sorga i sjakk, men ho må også jobbe ekstra hardt kvar dag for å overleve. Dette skildrar Svendsen på ein framifrå måte. Sorgen ligg som eit tjukt teppe over enka, Amalie, som også må sjå sin næraste sønn traske nedover bakken, på vei mot Amerika. Vil ho nokon gong få sjå han att? Den følelsen kan ikkje ha vert særlig god.

«Åssen trur du det føles når du er åtte år og får beskjed om at du ska dra hjemmefra og vere borte nesten eit halvt år? At du skal gå mange mil gjennom villmark med ulv og bjørn, uden voksne? At du skal bu hos folk du ikkje kjenne? Det er grusomt, skal jeg si deg.»

Arild Svendsen har tatt seg god tid til å skildra overfarten til Amerika. Dette var på den tida dampskipa gjorde sitt inntog i sjøfarten. Sjølv om overfarten vart drastisk korta ned i reisetid, var det likevel særdeles kummerlege forhold med død og fordervelse. Denne delen av boka syntes eg var den beste og mest spennande, sidan det var meir detaljerte skildringar.

Da som ofte kan irritere i enkelte romanar, er når hovedperson reiser til ein anna plass, så mister ein også fokus på familien som sit att. Svendsen har derimot ikkje gått i denne fella, og kjem titt og ofte tilbake til familien som sit att i Noreg. Dette fant eg fornøyelig og eit godt trekk av forfattar. Dialogane mellom familiemedlemmene er skrevet på sørlandsdialekt. Dette skaper ein viss tilhørighet til plassen dei kjem frå, og det er ingen problem å skjønne ord eller innhold.

Eg skulle ynskja at da var meir detaljert frå dagleglivet og samfunnet både i Noreg og Amerika, sidan dette er historie som omfavnar våre forfedre. Men eg skjønar at dette er ein roman som skal vera lettlest og nå ut til flest mogleg lesarar. Det er uansett ingen tvil om at Svendsen sit inne med masse kunnskap frå denne perioden i norsk historie.

Det er ein sterk roman som skildrar livets lyse og mørke sider. Frå håp og nytt liv, til sorg og død. Gode venskap og kjærleik oppstår, medan andre falmar. Me får også eit innblikk i urbefolkningas kamp for å beholda sine territorier, og maktkampa mellom desse og «dei kvite».

Dette var ein veldig solid og god roman frå den tida nordmenn emigrerte til Amerika i hopetal. Ein oppfylgjar til denne boka skal allereie vera påbegynt. «Gresset på andre siden» kan eg varmt anbefala vidare.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar