Jenta i Bikuben av Astrid Aasen

Emma begår lovbrot og vert sendt til Bikuben, ein leir for uskikkelege ungdomar. Vil ho klara å koma seg ut derifrå?

  • Norsk tittel: Jenta i Bikuben
  • Forfattar: Astrid Aasen
  • Sjanger: Ungdom
  • Antall sider: 157
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Astrid Aasen

Astrid Aasen er fra Bergen, men bur no i Ålesund. Ho er utdanna lege. Ho har alltid drøymt om å gje ut bok, men har mangla den gode historia og idéen. Når den endelig dukka opp, kunne ho ikkje la sjansen gå frå seg. Resultatet vart «Jenta i Bikuben» som vart gitt ut i 2020.

Emma er 18 år og lever i eit samfunn dominert av fitness og sosiale medier. Pratham Mikula har vert president i Noreg i snart 5 år, og har innført Sunnhetsregimet. Det er nulltoleranse for alkohol, så når Emma bryter loven etter ein fest, vert ho sendt til Bikuben, som er ein leir for uskikkelige ungdommer. Her står utfordringane i kø for Emma. Både president Mikula og Dronningen kjem på banen, noko som ikkje gjer det lettare. Ho får mange år i straff, og einaste måten å komma seg ut att, er å vinna konkurransar inne i Bikuben. Her vert ho kjent med Jakob, som også vert hennes mentor. Vil dei klara å få nok poeng som gjev dei fridom?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jenta i Bikuben».

Dette er ei futurisk og dystopisk ungdomsbok for aldersgruppa 12-16 år. Noreg er blitt ein republikk, og presidenten har innført eit særs strengt mat og treningsregime i landet, der alle ungdommer som ikkje fylgjer lova, vert straffa med å bli sendt til Bikuben, der Dronninga ventar.

« -Her i Bikuben er du, jeg og alle de andre ungdommene på en måte Dronningens «arbeidere». Målet er at vi skal vise at vi har en nytteverdi i samfunnet, akkurat som biene. Slik mange planter er avhengige av insektbestøvning, er fremtidens samfunn avhengig av oss.»

I enkelte partier vart det kanskje litt for masse teknisk og futurisk. Eg følte at det ikkje samsvarte heilt med resten av innholdet. Sakna også litt meir informasjon om familiene til desse ungdomane som er blitt installert i Bikuben. Kva tankar gjer f.eks foreldra seg om at deira kjære er blitt henta inn? Er det skambelagt?

I denne boka er det smartklokker, apper og virtuell verkelegheit som er hovedtema. Fokuset er sunnhetsregime, der alle er opptatt av sunn mat og trening. Og sjølvsagt sosiale medier. Sjølv om handlinga er futurisk, så er den likevel særs dagsaktuell.

Eg må seie at forfattar har ein livlig fantasi. Historia er original og godt komponert, med nokre overraskelser undervegs, kjærleik og vanskelege valg som må takast. Emma vert til tider revet mellom to leirer, og valga ho må ta vil få konsekvenser både for ho og andre. Slik er det ofte i verkelegheita óg.

Språket er enkelt, og skil seg ikkje noko særleg ut frå andre ungdomsromaner. Men historia er såpass original og nyskapande, at dette er ei bok som ein vil huska i lange tider. Bier og bikuber vert nok ikkje det samme for meg etter å ha lest denne.

Eg trur at «Jenta i Bikuben» passar best for jenter. Men i og med at det er tekniske duppeditter inni biletet og litt science-fiction element, kan den vere ei bok også gutar vil lika. Dette er ei original og lettlest bok for ungdom.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s