Poesi om havet av Elisabeth Naustdal Stormark

I denne diktsamlinga har forfattar tatt utgangspunkt i havet, når ho skriv om si eiga tilhørighet til sjøen og havet i flotte metaforiske vendingar.

  • Norsk tittel: Poesi om havet
  • Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
  • Sjanger: Poesi & Lyrikk
  • Antall sider: 86
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Tekst Forlag

Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

I denne diktsamlinga skildrar Stormark havet slik ho ser da med sine eigne auge og innerste tankar, og ho har lytta til orda som kjem til ho. Ho skildrar alt frå frådende hav som brusar og slår inn mot land, til avslappande bølgeskvulp i solnedgang. Dette klarar ho å gjera metaforisk om til eigne opplevingar i livet sitt. Her vil mange kunne kjenne seg att.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Poesi om havet».

Navn på dikta foran i boka står hulter til bulter på sida. Det er som om bølger har pløyd inn over sida og røsket dei med seg ut igjen. Eit artig verkemiddel.

Kvart ord og setning i boka har ein stor betydning i forfatterens liv, og skapar bilete og gjenkjenning også hos lesaren. Det er fascinerande å lesa korleis ein kan bruka havet som ei metaforisk reise i eit liv. Eit eksempel er undervannsstrømmer som fører ho av sted og drar ho lenger ned i dypet, og fram til turkisblå sjø som glitrar i sola, og kvit sand sliper beina. Dette er berre litt av innholdet i diktet «Havets betydning» som eg syntes var det sterkaste i boka.

«Undervannsstrømmer fører meg av sted.
Tungt det er. Har ikke krefter mer,
blir dradd lengre ned i dypet.
Til noen løfter mitt hode.»

Også i denne boka er det malerier og bilete knytta til mange av dikta. Eg skulle gjerne sett at dei dekka ei heil side, slik at dei kom meir til sin rett. For det er flotte abstrakte malerier, der blåfargen går igjen. Skulle også gjerne sett at forfattar gav navn til bileta sine.

Eg er imponert over korleis nokre setningar i kvart vers kan utgjera eit heilt liv. Med få ord og setningar har ho beskrevet ein periode i livet som gjekk frå det dypeste mørket, og til å komma seg med hovudet over vatnet igjen, og alt med havet som eit bilete på livet.

Sidene og dikta er minimalistiske og det er eit stilreint oppsett. Dei er ikkje nødvendigvis på rim, men meir ein filosofisk og sjelelig tilnærming. Dette er ei bok der du berre kan bla opp på ei side og lese eit tilfeldig dikt, men likevel sjå samanhengen i eit større bilete, også i ditt eiga liv. Ved kvar gjennomlesing finn ein stadig nye tydingar, noko som gjer at boka kan lesast mange ganger.

Havet gjer ikkje forskjell på folk, dette er ein plass for alle. Her er alle likeverdige. På sjøen og havet kan ein finne trøst og sinnsro, men også aggresjon og frådende sinne. Dette er nokre av bodskapa forfattar får fram med sine dikt.

Eg håpar at mange får opp augene for desse flotte bøkene Elisabeth Naustdal Stormark har gitt ut. Forhåpentligvis kjem det fleire utgivelsar frå forfattar.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s