Nr. 27 av Karl Otto Vibran

Totto er 11 år og har heile livet foran seg. Men plutseleg får han sterke magesmerter og vert innlagt på sjukehus. Det viser seg å vere ein alvorleg sjukdom og legane gir han etterkvart opp. Dette er ein historie basert på verkelege hendingar.

  • Norsk tittel: Nr. 27
  • Forfattar: Karl Otto Vibran
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 249
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Forlagshuset Publica

Karl Otto Vibran har studert journalistikk, filosofi, sosiologi, prosjektledelse og programmering, og har en mastergrad i statsvitenskap. Dei siste åra har han vert «elev» på forfatterskolen.no. Dette er hans debutroman.

Totto er ein 11-åring som er frå Vormedal utanfor Haugesund. Ein vårdag på 60-talet, like før 17.mai, får han store magesmerter. Han vert innlagt på Haugesund sjukehus. Dei finn ut at dei ikkje kan hjelpa han der, så han vert vidaresendt til Radiumhospitalet i Oslo. Her vert han skrevet inn som pasient nr. 27. Totto kjempar lenge for livet, men legene gir han opp til slutt, og han havner i «dødsbunken» til sjukehuset. Foreldra blir sønderknuste. Faren til Totto gir imidlertid ikkje opp tanken på å sjå sonen sin frisk ein dag. Totto sjølv drøymer om å få komma tilbake til Vormedal og spele fotball igjen med kameratane sine.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nr. 27».

Denne boka skal vere basert på verkelege hendingar.
Forfattar har skrevet dei fleste dialogane med Totto og faren med haugesundsdialekt. Sidan eg sjølv er vestlending så skjønte eg alle ord og uttrykk, men ser at dette kan by på litt småproblem for enkelte lesarar, men eg trur dei aller fleste kjem fort inn i skrivemåten.

Me vert kjent med 11 år gamle Totto, som vert alvorleg sjuk og blir innlagt på sjukehus. Her går han gjennom store prøvelsar og strevsomme undersøkingar og operasjonar. Men det er også lyspunkt innimellom, morsomme betraktninger frå eit sjukehusliv, og eit og anna påfunn vert det også tid til.

Boka er delt inn i fire deler, og det er 59 kapitlar totalt, noko som gjer den lettlest. Det eg likte spesielt godt med denne boka, var at forfattar har navnet på den personen det skal handle om som overskrift ved kvart kapittel, og alle hovedpersonane, altså Totto og foreldra hans, Otto og Tullemor, skrives i «jeg»-format. På denne måten kjem eg som lesar nærare kvar person og kva dei tenkjer og føler. Det vert også lettare for ein forfattar å uttrykke seg på denne måten. Veldig bra.

Handlinga foregår på 60-talet, og behandlingsmetodane var ikkje slik dei er idag, men oppførselen til legane kan nok enkelte dessverre oppleva den dag i dag. Det er ein indre strid på sjukehuset blant legane, der medisinar som kan ha positiv effekt, men som ikkje er dokumentert, vert ikkje eit tema å testa på ein dødssjuk pasient. Det er til tider hjerteskjærande lesning.

«Jeg kjente tilstanden hans fysisk, i magen. Det var forferdelig å se ham sånn og ikke kunne gjøre noe som helst. Gjøre noe som monnet. Det å være hjelpeløs tilskuer til at barnet ditt svinner hen foran øynene dine, må være det verste en far eller mor kan oppleve. Den følelsen unner jeg ikke mine verste fiender.»

Totto har to søsken som eg gjerne skulle blitt meir kjent med. For kor masse visste dei egentleg om sjukdommen til Totto? Eg hadde håpa på å få deiras tanker og følelsar om da å ha ein dødssjuk bror. Foreldra veksla på å vera hos Totto, noko som ikkje kunne ha vert noko enkel tid for dei to søskena som var igjen heima heller. Så her skulle eg gjerne sett at forfattar brukte litt tid på desse to óg.

Eg synes forfattar har beskrevet ein 11-åring sine tankar og følelsar på ein mesterleg måte. For det er mange tankar som rasar gjennom hovudet på ein gut i den alderen, og dette har Vibran klart å få ned på papiret.

Døden er logisk nok eit tema i romanen. Det samme er også arrogante legar. Eit anna tema som også er i denne boka, handlar om kor masse skal ein fortelja eit barn om ein alvorleg sjukdom? Foreldra og legane vart fort einige om å kalla det ein «betennelse». Totto sjølv overhøyrar prating mellom dei vaksne, og får med seg meir enn dei trur, men likevel ikkje alvorsgraden i sjukdommen. Forfattar drar også Gud inn i historia. For kva tenkjer ein 11-åring når han følar at Gud er urettferdig, og har forlatt han? Det må ha vert ei veldig tøff tid å liggja med tankane dag etter dag i ei seng på eit traust og kjedeleg rom på sjukehuset.

Boka handlar om håp og da å aldri mista motet. Men kor langt kan håpet og motet føra deg når legane har gitt deg opp? Karl Otto Vibran imponerte meg med sin skrivestil og historie. Den er varm med morsomme episodar og dialogar, men også hjerteskjærande og trist. Denne vil eg varmt anbefala vidare.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar