Sannheten av Knut Nærum

Ein flyktnings historie om då Noreg vart ramma av innsyn og åpenhet. Dette er ei morsom bok om overvåkningssamfunnet me lever i.

  • Norsk tittel: Sannheten
  • Forfattar: Knut Nærum
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 217
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Knut Nærum (Født 1961) er dramatiker, tegneserieskapar, forfattar og godt kjent som tidlegare paneldeltakar i Nytt på Nytt på NRK. Han har gitt ut ei rekkje bøker og tegneserier, og i tillegg har han også nokre seriemanuser på cv’en. Nærum bur i Oslo.

Jannike var gift med Stefan, hadde to barn og var bibliotekar. Noko ho trivdes godt med. I denne tida gikk myndighetene stadig sterkare til verks for å få meir openheit i samfunnet. Det innbar at ingen skulle ljuga eller kunne driva med anonym hets på internett. Jannike syntes dette var ein god idé, og støtta opp om denne saken 100%. Ho fekk til og med tillit og jobb i Innsynet, stedet der dei overvåka alt og alle. No er Jannike flyktning i dei svenske skoger, der ho saman med andre nordmenn lever av bær og villsvin. Kva gjekk egentleg galt i tida ho var eit betrodd medlem av Innsynet?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sannheten».

Denne romanen inngår i ein serie bøker inspirert av De ti bud, der utvalgte forfattarar skriv ei bok ut frå eit av desse buda. Nærum har valgt seg ut bud nr åtte: «Du skal ikke tale usant om din neste». Ein roman om sannheten, eller mangel på sådan.

Dette er ei samfunnskritisk bok om overvåkningssamfunnet me lever i. Berre at her har Nærum dratt strikken så langt som det går. Likevel treff han med mange gode poeng, der han skriv ironisk og parodierer dette samfunnet.

«Toalettet analyserer dine avfallsstoffer. Hvis målinger tilsier en sjekk, varsles din digitale helsebruker, som igjen kontakter en av våre leger eller helsearbeidere.»

Eg sleit med å skilja dialogane frå kvarandre i boka. Det var ikkje alltid noko utprega skilje mellom personane som konverserte. I tillegg var det ein del dødpunkt og litt omstendelig i enkelte partier, som gjorde at eg datt av lasset eit par gongar. Men utover i boka syntes eg at Nærum fant tilbake til sitt gamle «jeg», og boka endrar karakter til det betre.

Til tider er dette ei morsom og underholdande bok. Som når foreldre f.eks må fortelja sanninga om prestasjonane til barna etter ein skuleavslutning, og elevane har framført ting frå scenen. Det blir bråk av slikt. Samtidig inneheld den alvorlege temaer og undertone, som eg meiner Nærum lykkes godt med å veva inn i forteljinga.

Nærum tar mange ting på kornet, og i kjent stil overdriv han så masse at det blir så dumt at det blir morsomt. La oss håpa at vårt samfunn aldri vert i nærleiken av det han skildrar i denne boka. For her har myndighetene full kontroll på alt og alle, og det skal vere eit heilt opent samfunn der alt som blir sagt skal vera sant, og alt kan etterprøvast.

Boka er veldig lettlest med mange kapitler og eit enkelt språk. Dette er kanskje ikkje Nærum si beste bok, men den er definitivt ei av hans mest spesielle. Liker du den lune og gode Nærum-humoren me er blitt kjent med gjennom TV-skjermen, vil du også like denne boka.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar