Eit åndebrett set Rebekka i kontakt med mørke krefter. Ho får veta at faren ikkje døydde i ei ulykke, han vart drept. Merkelege ting byrjar å skje rundt ho. Dette er den fyrste boka i ein trilogi for ungdom.
- Norsk tittel: Dødens spill
- Forfattar: Anne Elvedal
- Sjanger: Ungdom, Paranormal Grøsser
- Antall sider: 350
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Cappelen Damm
Anne Elvedal (Født 1973) er ein ettertraktet manusforfattar. Ho har skrevet manus til filmer og TV-serier som «Børning 2», «Elias og jakten på havets gull» og ikkje minst serien «Twin», som er solgt til 46 land. «Dødens spill» er hennes skjønnlitterære debut. Dette er den fyrste boka i ein trilogi for ungdom.

Rebekka ser fram til å reise på motorsykkeltur til Irland saman med far sin i sommerferien, men planane endres fort når faren dør i ei ulykka på verkstedet sitt, som vert kalla «Låven». Rebekka finn eit åndebrett blant tinga etter faren, og ho kjem i kontakt med mørke krefter. Ho får beskjed om at det ikkje var ei ulykka, men eit drap, og merkelege ting byrjar å skje rundt ho. Rommet hennar vert rasert, og plutseleg ringer nokon frå farens mobiltelefon. Martin er ein ny gut i bygda, som gjerne hjelper Rebekka med dette mysteriet, men kan ho stole på han?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dødens spill».
Dette er den fyrste boka i ein trilogi for ungdom. Hovedmålgruppa er i alderen 14-18 år. Eg meiner imidlertid at den nedre aldersgrensa burde vert flytta opp eit år og to. For denne boka byr verkeleg på paranormale grøsseropplevingar, som kan vera småskummelt for enkelte.
Eg liker at ein forfattar velger å skrive bok for dei litt eldre ungdommane. Det er ikkje all verden å velgja mellom i denne aldersgruppa. Med «Dødens spill» får dei hvertfall eit veldig godt alternativ.
Sjølv om denne boka i fyrste omgang er mynta på ungdom, kan den veldig greit lesast av voksne. Det er ei nerve og mange grøsserelement i boka, som gjer at den aldri vert kjedelig. Eg storkoste meg hvertfall med boka og alle dei gode karakterane.
Det kan vere litt risikabelt å skrive om ouijabrett, eller åndebrett som enkelte kallar da. Mange hevdar at dette skal ein vere forsiktig med. Eg synes at forfattar Anne Elvedal løysar dette veldig bra, ved å få med dei negative effektene óg. Det samme gjer ho óg ved bruk av alkohol, som det er ein del av i denne boka. Ingen moralpreken på noko måte, men ho skriv balansert og nøytralt om bieffekta, og ikkje berre at alt er fryd og gammen ved slikt bruk.
Boka handlar fyrst og fremst om det paranormale. Men forfattar skildrar på strålande vis saknet, skyldfølelsen og tankar rundt da å mista ein som ein er glad i, og som har betydd mykje i livet på eit menneskeleg plan.
«Det er en klisjé, men livet går videre. Folk står opp. Går på jobb. Går på butikken. Spiser. Bader. Ler. Alt rundt meg er en evig påminnelse om at ett liv ikke betyr så mye. For de andre.»
Rebekka vert me godt kjent med gjennom boka. Me får vera med på utviklinga hennar, der ho går fra å vera ei litt obsternasig ungdom, til å verta ei som vert fort moden og sjølvstendig. Ho må ta voksne valg og avgjerelsar i ung alder, noko som for mange kan vera skremmende.
Historia skrives i «jeg»-form og i nåtid. Innimellom kan eg sjå at det er ei ungdomsbok, men eg gløymte da fort medan eg las. Skilnaden på ei voksenbok og ei bok for 16-18 åringa skal ikkje vera så stor, og det er den heller ikkje i denne romanen. Så ein innertier frå Anne Elvedal der.
Enkelte skildringar er som å sjå ein film, så forfattar har tatt med seg ein god del erfaring frå manusskrivinga. Eg følte da kanskje vart litt vél mykje paranormalt, særskilt i partiar i slutten av boka. Men skal ein skriva ein grøsser, så må ein kanskje overdriva og leggja på litt?
Boka er spennande og språket er fantastisk. Dette er ei bok som ungdom vil elske. Den inneheld masse følelsar, kjærleik, svik, baksnakking, drikking og effekten av dårlege valg. Men fyrst og fremst er det ein paranormal grøssar som er perfekt no når kveldane er mørke og vinden uler utanfor vindauga. Denne anbefalar eg varmt vidare, og ser verkeleg fram til bok nr 2.
TERNINGKAST: 5+