Ein ni år gamal gut vert kidnappa midt i Sandefjord sentrum. Samtidig vert ein 17-åring meldt sakna etter ein sykkeltur. Politiførstebetjent Håkon Haakonsen får henda fulle i denne siste boka i Kodal-trilogien.
- Norsk tittel: Djevelens yngel
- Forfattar: Myriam H. Bjerkli
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 400
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Capitana Forlag
Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien.

Ni år gamle Eivind vert kidnappa i Sandefjord sentrum, samme dag som ein 17 år gamal gut vert meldt sakna av sine foreldre etter ein sykkeltur. Politiførstebetjent Håkon Haakonsen konsentrerar seg fyrst og fremst om kidnappingssaka. Dei får etterkvart inn informasjon om at det kan vere gutens halvsøster, Mari, som står bak. Ho forsvann for mange år sidan, og er rekna som død. Kan det verkeleg vera tilfelle at Mari lever? Og Håkon får nok å henga fingrane i, når dei oppdagar at 17-åringen ikkje kan ha forsvunnet frivilleg.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Djevelens yngel».
Eivind på 10 år sit i ein bil saman med Maria. Dei skulle egentleg kjøpa is, men Maria har andre planar. Ho kjøyrer altfor fort, og i ein sving mister ho kontrollen over bilen, treff noko langs vegen, før dei farer utforbi ein bratt skråning ned mot ei elv. Bilen stoppar like før elva, og ligg og vippar. Maria sit fast, mens Eivind sit tilsynelatande livlaus ved sida av. Like etter kjøyrer ei 52 år gamal dame same veg som Maria. Ho har drukket litt alkohol, og snakkar i mobiltelefon med sin ektemann. Midt i ein sving kjøyrer ho på nokon som ligg i vegbanen. Ho får panikk, og hiv vedkommande inn i bagasjerommet og kjøyrer derifrå. Politiførstebetjent Håkon Haakonsen får ein desperat telefon frå Eivinds mor om at han er savna. Ein massiv politiaksjon blir satt i sving. Samtidig kjem det inn ein savnetmelding på ein 17 år gamal gut som ikkje kom heim etter ein sykkeltur. Sykkelen blir etterkvart funnen, men dei står heilt utan spor. Så får politiet ei drapssak på bordet. Har alt dette ein samanheng?
«Hun stønnet idet han snudde henne, et langtrukkent stønn, mer som fra et dyr enn et menneske, ansiktet var nesten ugjenkjennelig, dekket av blod, nesen var knust. Munnen åpnet seg så vidt, flere av fortennene manglet, en luftboble presset seg ut mellom de blodige leppene.»
Dette er den tredje og siste boka i Kodal-trilogien. Og for ei avslutning! Eg har lest dei to foregåande bøkene i denne serien til Bjerkli, og dei var meget bra. Men denne er enda betre. Her blir alle lause trådar samla saman frå dei to foregåande bøkene. Eg blir så glad når eg ser ein progresjon i det forfattaren held på med.
Å lese denne boka er som å ete favorittchipsen. Ein jafser i seg og når ein oppdag at det nærmar seg slutten, forsøker ein å holde litt igjen, men det ender med at ein gafler i seg resten før ein får sukk for seg. Slik er det også med denne boka. Tid og sted forsvinn som dugg for solen.
Viss det skal vera noko å setja fingen på i «Djevelens yngel», vil eg seie at det til tider kan vera nokre vél veslevoksne barn i boka. Men det var aldri til noke irritasjonsmoment under lesinga på noko vis, heller meir ein vag følelse eg sat med.
Alt frå fyrste side er det full spenning. Med forskjellige bihistoriar vert denne boka aldri kjedeleg. Forfattar Bjerkli held oppe tempoet på eit imponerande vis, heilt til siste side er lest. Eg må seie det er fascinerande å lese korleis eit menneskesinn kan sitja inne med så masse ondskap, og korleis ein person kan vikla seg inn i si eiga, meir eller mindre, undergang over natta.
I denne boka er Håkon Haakonsen meir sentral igjen. Han og hans kompanjong Anders Gullbrandsen, etterforskar for fullt det eine og det andre. Me vert også betre kjent med enkelte av personane me møtte i dei to foregåande bøkene. Forfattar klarar å skapa sitt eige univers på ein naturleg og virkelighetsnær måte. Å blåse liv i karakterane er ein viktig del av ei bok, og det klarar ho med glans. Dette er enda ei litt dyster bok frå Bjerkli. Ikkje så ille som den fyrste, heldigvis får eg seie, men den set seg i hjernebarken ei god stund etter at den er ferdiglest. Hvertfall for min del.
Eg anbefalar på det sterkeste denne trilogien frå Myriam H. Bjerkli. Eg vil også anbefala å lesa dei kronologisk, då bøkene heng saman i historia. Eg ventar med spenning på korleis forfattaren skal toppe ei slik bok, for no er lista lagt. Og den ligger skyhøgt.
TERNINGKAST: 6