Et Dikt For Livet av 28 forskjellige personer

28 forskjellige poeter på Instagram tolket ein tittel. Denne diktsamlinga er eit flott resultat av dette.

  • Norsk tittel: Et Dikt For Livet
  • Forfattar: 28 forskjellige personer
  • Sjanger: Dikt
  • Antall sider: 96
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Tekst Forlag

I denne boka er det 28 forskjellige forfattarar som har bidratt til denne diktsamlinga.

Frå baksida av boka: Det er enhver poets drøm å utgi egen bok. Då Tekst Forlag sin visjon er å fremme norske poeter, ser vi det som vår oppgåve å hjelpe flere med dette.
Vi oppfordret derfor alle skapforfatterne på Instagram til å tolke tittelen «Et Dikt For Livet», og sende inn dikt. Diktene ble plukket ut av Per Bjørnar Grande, totalt ble 28 poeter med. Det har vært en sann glede å utgi en bok hvor så dyktige skribenter har tolket «Et Dikt For Livet» på sin helt unike måte. Takk til alle dere som har bidratt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Eit Dikt For Livet».

I denne diktsamlinga er det 28 forfattarar, der kun to av dei er menn. Dei fleste dikta er på bokmål, men ein finn óg nynorsk og engelske dikt.

Eg synes dette er ein veldig god bokidé og eit strålande prosjekt. Med denne boka får ein både fremma meir ukjente poeter og ein får visa fram eit stort mangfold både i skrivemåte og i tolkning av ein tittel. Spennvidda er stor, og det var ein fornøyelse å lesa. Her har Tekst Forlag, med Per Bjørnar Grande i spissen, verkeleg gjort ein god jobb.

Kvar forfattar har skrevet ein introduksjon om seg sjølv, og kva dikt og ord har for betydning i deira liv. Mange av poetene har med navnet på sin Instagramprofil, noko som gjer at ein kan fylgja dei vidare der. Enkelte starta skrivinga for å komma seg gjennom ein tung periode i livet, medan andre finn motivasjon i f.eks naturen. Dette vises også igjen i dikta, både i fremtoning og i innhald. Poesi har med andre ord ei stor makt i den enkeltes kvardag, og kan for mange vere den beste medisinen.

Nokre av dikta er på rim, andre er frie dikt. Nokre har heile setningar, andre er berre på nokre få ord. Nokre er svevande, medan andre er konkrete. Felles for dei alle er at da er dikt som har betydd masse for kvar enkelt i forskjellige livssituasjoner, og er skrevet med innlevelse og sjel. Eit Dikt For Livet.

Eg pleier å ha med eit sitat frå dei bøkene eg skriver bokanmeldelse på. I denne har eg notert med meg mange sidetall. Da var mange gode metaforer og poeng her.. Men eg vil likevel trekke fram eit dikt, som eg syntes var spot on og noko som alle burde ta til seg, på ein positiv måte.

«jeg består jo mest
av torner
men jaggu faen er jeg ei rose
jeg også

Ein person skriver at perfekt poesi ikkje finnes, og at poesi ikkje kan kontrollerast av ein fasit. Vedkommande har sjølvsagt heilt rett, for er da ein sjanger der ein er særs subjektiv, så er det i poesien. Samtidig har orda større makt. Enkeltord vert lagt merke til på ein heilt anna måte, og effekten vert dermed større. Mange av dikta i denne boka fekk meg til å nikke gjenkjennende. Her set ein ord på ting ein normalt ikkje tenker over, eller klarer å setja ord på sjølv.

Kvar og ein av desse forfattarane bør og skal vere stolte av å vera med i diktsamlinga. Nivået er meget høgt, og interessen rundt dette prosjektet skal ha vert stort. Derfor håper og trur eg at me vil sjå fleire slike bøker i framtida. For dette fascinerte meg, og vekka min interesse for denne sjangaren enda eit hakk.

«Eit Dikt For Livet» er ei veldig flott diktsamling, der forfattarane presenterar sin poesi og bakgrunn på ein flott måte. Enten du er nysgjerrig på sjangeren, eller er dreven i faget; denne boka bør ein ha i boksamlinga. Anbefales.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s