Lillemann Ildebrann av Merete Junker

Eit ubebodd hus brenn, inni huset ligg eit forkullet lik, og ein 13-åring i eit nabohus vert meldt sakna. Politiet har få spor å gå etter, og kva for planar har den store miljøgründeren Magnar Moe-Hansen? Dette er bok nr 2 om politietterforskar Eline Torp.

  • Norsk tittel: Lillemann Ildebrann
  • Forfattar: Merete Junker
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 239
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Liv Forlag

Merete Junker (Født 1959) er bosatt i Porsgrunn. Ho er utdanna cand.mag frå universitetet i Oslo med faga kriminologi, historie og statsvitenskap. Junker har jobba som journalist i aviser og radio. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Jenta med ballongen» i 2008. «Lillemann Ildebrann» er hennes sjette kriminalroman. Dette er bok nr 2 om politietterforskar Eline Torp.

Miljøgründer Magnar Moe-Hansen smiler idet han ser det gyllenraude skjæret av flammane som er i ferd med å fortære eit gamalt trehus i Porsgrunn. No skal han endeleg få livet sitt på rett kjøl igjen. For politietterforskar Eline Torp vert denne brannen eit stort mysterium. Ein person vert funnen død i brannruinane, og ein 13 år gamal nabogut vert meldt sakna samme dag. Spor tydar på at han har vert i huset som brann. For Magnar Moe-Hansen byrjar den perfekte plan å slå sprekker, og han må finna denne guten før politiet. Ein ukjent drapsmann går laus i Porsgrunn, men er denne personen også i stand til å eventuelt drepa eit barn?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lillemann Ildebrann».

Brage er 13 år. Han har flytta frå Bergen saman med mor si. Han har ingen vener, men fortel til mor si at han har ein besteven i Kyrre. Det mora, Bettina Langslet, ikkje veit er at denne Kyrre er ein katt som holder til rundt det ubebodde nabohuset. Nesten kvar kveld går Brage ut og bort til nabohuset. Der går han inn og matar og kosar med katten. Ein kveld sovnar han i stolen med katten på fanget. Han våknar av nokre høge lydar, og oppdagar at ein person er i ferd med å setja fyr på huset. Brage vert slått ned av denne personen, og forsvinn meir eller mindre sporlaust. Miljøgründer Magnar Moe-Hansen har opplevd at kona har gått frå han. Saman har dei to døtre på fire og fem år saman. No må han berre få unna nokre problem, så skal han vinna kona og døtrene tilbake. Hans perfekte plan byrjar imidlertid å slå sprekker ganske fort, og han må kjempa sine kampar på fleire frontar når han vert utsatt for utpressing. Politietterforskar Eline Torp ser fram til ei julefeiring med mannen sin, Sigmund og schæferen Freddy, i Berlin. Dei har allereie reist i forveien. Men når Eline Torp får ei savnetsak og ein mogleg mordbrann på bordet, vert det ein kamp mot klokka. Både å finna Brage, død eller levande, men også håpet om å rekka flyet og julefeiringa i Berlin. Det vert ei vanskeleg sak å løysa, og dei går bredt ut i etterforskninga. Vil dei klara å løysa saka før eventuelt fleire vert drept, og vil dei finna Brage død eller levande?

Dette er bok nr 2 med politietterforskar Eline Torp i hovedrollen. Eg har ikkje lest noko frå Merete Junker før, så denne boka kan veldig fint lesast frittståande.

«Magnar tente i bånn, tumlet ut av Teslaen og løp bak til den blå Seaten, dro opp døra, lente seg over og løste ut sikkerhetsselen, tok tak i jakkestoffet og hentet ut kvisetrynet som satt der inne og hikstet.»

Det fyrste som slo meg etter å ha lest ein del sider, var at det var veldig mange navn i boka. Mange av dei er berre heilt perifere personar. Likevel var det lett å holda oversikten, då forfattar gjerne gjentok tittel og betjentskap på personen. Dette er noko andre forfattara burde ta lærdom av.

Med sine 94 kapitlar på 239 sider er dette ei meget lettlest krimbok. Språket er velskrevet og flytande. Eg skulle likevel gjerne sett at det var mindre detaljerte skildringar i enkelte partiar i boka. Sat med følelsen av at det vart ein del unødvendig informasjon som ikkje hadde noko med handlinga å gjera.

Eg følte eg hadde kontroll på kven som var hovedmistenkt og som stod bak det som skjedde. Likevel var det mange lause tråder, og spenninga låg som eit lokk over historia heilt til siste side.

Det var ein fornøyelse å lesa om miljøgründer Magnar Moe-Hansen. Utad er han ein mann som ser på seg sjølv som ein ener med makt, pågongsmot og masse penger. Han står øverst på rangstegen, ifølge han sjølv, og skuer utover resten langt der nede. Han er sjølvsikker og ein handlingsvillig person. Men på det personlege planet er han meir usikker og følsom. Han har ein tvangshandling der han alltid må måla pulsen sin på halsen under stress. Merete Junker har også skildra hans personlege kamp om å få tilbake det familielivet han har mista, på meisterleg vis.

«Lillemann Ilderbrann» er ei klassisk krimbok. Spennande frå start av, så vert det politietterforskning som opptar det meste av boka, før det byggjar seg opp mot ei spennande avslutning. Eg syntes dette var ei god bok med eit realistisk plott utan dei heilt store intense actionscenene.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s