Jeg heter navnløs av Tove Andersson

Navnløs Andreassen er ei kunnskapsrik 12 år gamal jenta. Ho likar ikkje fornavnet sitt, så ho kallar seg sjølv Navnløs. Ho ikler seg forskjellige identitetar og kulturar, for ho lurar på korleis det er å vera innvandrar i Noreg. Ei morosam og lærerik ungdomsroman.

  • Norsk tittel: Jeg heter navnløs
  • Forfattar: Tove Andersson
  • Sjanger: Ungdomsroman
  • Antall sider: 190
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: FrilansTove

Tove Andersson (Født i Oslo) er frilansjournalist og er utdanna innanfor faga sosialantropologi, religionshistorie og livssyn. «Jeg heter navnløs» var hennes debutroman, og kom ut for fyrste gong i 2002. Ho har også utgitt to diktbøker; «55 dikt om far» i 2005 og «Diktåkle» i 2009. I 2008 gav ho ut «Bluesruter», som er ei fotobok.

Ho likar ikkje fornavnet sitt, så ho kallar seg Navnløs. Navnløs Andreassen er ei lyshåra 12 år gamal jente som slit med å finna seg sjølv. Ho ikler seg forskjellige identitetar og set seg inn i andre kulturar. Med masse sprø påfunn kan ho vera Andrea frå Barbados ein dag og Mahmona frå Pakistan ein anna dag. Ho bur saman med mora og mommo. Navnløs er ei kunnskapssøkende jente. Da ho ikkje veit, søkjer ho opp på bibliotek eller hos den kunnskapsrike mommo, som har svar på det meste. Navnløs går eigne vegar for å finna si eiga identitet, men vil ho klara å finna den?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jeg heter navnløs».

Navnløs er berre eit av dei mange navna denne jenta har. Ein dag er ho Andrea frå Barbados. Ho fantaserer om at ho klatrar i lange lianer. Så ho bestem seg for å vera Andrea, hvertfall for ein dag og to. Frå sitt soveromsvindu i 2.etasje sleng ho ut branntauet, for lianer må da vere enkelt å klatre ned frå… Ho kryper ut vinduet, og skal seile forsiktig ned tauet. Men det går langt fortare enn ho såg for seg, og før ho veit ordet av det ligg ho på bakken med brannsår på armer og bein. Ho bur saman med mora og mommo, eller mormora farfaras som ho også kallar ho. For bestefaren er død, og mommo må dermed vera både mormor og farfar på same tid. Navnløs Andreassen går i 7.klasse. I denne klassen er det mange forskjellige nasjonalitetar. Navnløs gjer da ho kan for å setja seg inn i dei forskjellige kulturane. Læraren til klassen, frk Jensen, har sitt svare strev med å komme gjennom timane. Klassen og læraren er vant med at Navnløs kjem for seint, og har nye identitetar, men det skapar likevel mange konfliktar og stygge kommentarar. For dette er ein livlig klasse som har snakketøyet i orden. Navnløs lurar på korleis det er å vera innvandrar, så ho fargar håret svart, smør huden brun og kallar seg Shamaila. Ho og nokre venninner bestem seg for å reisa til den pakistanske ambassaden for å skifta statsborgarskap. På vegen dit skal ho få oppleva korleis det er å vera innvandrar med ein anna hudfarge i Oslo.

«Forsiktig åpnet hun morens sminkepung, stakk hånden nedi og tok fram brunkremen, klemte ut halve tuben på en svamp og klinte litt på hender og armer, nese, panne, kinn og hals. -For noe griseri, mumlet hun lavt, jevnet grundig ut med svampen og så huden forvandlet seg på et blunk, fra lys til Rubina-farget.»

Boka er opprinneleg frå 2002, men eg har fått eit oppdatert leseeksemplar som E-bok som vart gitt ut i år. Tematikken frå 2002 er like dagsaktuell den dag i dag, og vil nok dessverre vera da i mange år framover óg.

Etter nokre få sider i denne boka tenkte eg på kva i all verden er dette for ei bok. Men det tar ikkje lang tid før ein verkeleg kjem inn i teksten og formidlinga til Tove Andersson. Då fant eg boka morosam og kunnskapsrik. Her blir me kjent med ei 12 år gamal jente som stadig skiftar identitet og kva land ho kjem ifrå, samtidig som me lærar om kulturar og religionar. Med andre ord er dette vél så masse ei pedagogisk bok, som ein roman for ungdom.

Eg synes det er litt vågalt, men samtidig veldig tøft å tørre å gje ut ei slik bok, som omfavnar så mange dagsaktuelle temaer samla mellom to permar, fletta inn i ein morosam ungdomsroman. Eg meiner at forfattaren langt på veg har lykkes med prosjektet sitt. Men i midtpartiet vart det i overkant med pedagogikk for min del. Nye ord og uttrykk side etter side, kapittel etter kapittel. For ein ungdom trur eg det vert litt for masse norsk-pakistansk og indiske moter og skikkar så tett. Samstundes er det kanskje nettopp derfor ein les denne boka, for å få ein lettfatteleg innføring i andre kulturar? Sluttpartiet av boka fann eg spenannde, morosam og alvorstynga på ein gong. Dette var den beste delen i boka, der forfattaren verkeleg får fram ei viktig bodskap på ein veldig fin måte.

Det er ein del rasistiske ord i boka. I eit klassemiljø burde ein lærar ha slått kraftig ned på dette, og ikkje la det pågå dag etter dag. Eg ser likevel poenget til forfattaren med desse skildringane. Ho når betre gjennom med dei forskjellige bodskapa ved å la det flyte fritt, men eg håpar at slikt ikkje er tilfelle i det verkelege livet.

Som nevnt er det mange forskjellige temaer som er med i denne boka. Blant anna kulturforskjellar, rasisme både i klasserom og kvardagsliv, homofili, rus, tjuveri, om konsekvensar ei handling kan få og om å stola på eigne følelsar. Forskjellige ord blir veldig godt forklart på ein lettfatteleg måte av forfattar. Det er også skrevet inn mange fine og gode visdomsord frå kjente og mindre kjente personligheitar.

Denne boka er fyrst og fremst mynta på ungdomen. Så her håpar eg at familar med barn frå 11 år og oppover tar ein kikk på denne boka, for den inneheld viktige temaer og bodskap. Men den er såpass lærerik, morosam og alvorstynga at det ei hyggjeleg og lettlest lesestund til den voksne skaren óg.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar