Musikklærar Robert Beck har lagt sin musikerkarriere bak seg. Så kjem eit musikalsk vidunder inn i livet hans, og han blir ein slags mentor for den 17 år gamle Rauli Kantas. Dette blir starten på ei lang reise, der det meste av tillit og samhørighet vert satt på prøve.
(mer…)-
Gå med meg av Sonja Holterman
Ira Torgrimsson kjem over ei død kvinne under eit russearrangement i Kongeparken. Kvinna er i 40-åra og har på seg ein gammal russedress. Dette er opptakten til nyhetsoppslag Ira berre kunne drøyme om. Og denne gongen må ho samarbeida med ein anna journalist. På godt og vondt. Dette er bok nr 3 om krimjournalist Ira Torgrimsson.
(mer…) -
Ikke denne natten av Karine Elisa Dehli
Frå å vera ein frisk og aktiv tenåring får han over natta diagnostisert akutt lymfatisk leukemi. Dette er historia til forfattar Karine Elisa Dehli om sin 13 år gamle son.
(mer…) -
Jakten på Eden av Svandis Hanna Gudmundsdottir
To unge kvinner vert funnen drept. Mishandla på det grovaste. For FBI-agent Gwen Starke blir dette ein kamp på liv og død i denne actionfylte krimboka.
(mer…) -
Of darkness and light av Heidi Eljarbo
Oslo, 1944. Soli Hansen er ein lidenskapeleg kunsthistorikar, som jobbar i ein kunstbutikk. Ho har lukka augene for det som skjer rundt seg i desse krigsåra. No byrjar tyskarane å henta kunst frå butikken, som dei kan senda attende til Tyskland. Då våkner motstandsrørsla i Soli. Boka er på engelsk.
(mer…) -
Når sola vender tilbake, vil vi vite Av Leif Enger
Virgil Wander kjører av vegen og havnar i den iskalde Lake Superior. Han overlev, men får hovudskadar og hukommelsestap. Saman med gode vener prøver han å komma tilbake til det normale.
(mer…) -
Ildtunger av Elin Hansen
Siri Pedersdatter er ti år når trolldomsforordninga trer i kraft i 1621. Gjennom heile oppveksta slit ho med minner og inntrykk frå folk som vart brende levande på bålet. No er ho sjølv utsatt for trolldomsrykter. Denne boka er laust basert på faktiske hendingar i Finnmark på 1600-talet.
(mer…) -
Perler på en snor av P. I. Paris
Bebuarar på ein aldersheim i det skotske høylandet gjer opprør når eigarane finn ut at dei skal heva husleiga kraftig. Ville påfunn og idèer tar form i denne lettleste og morosamme boka.
(mer…) -
Terapeuten av Helene Flood
Mannen til Sara forsvinn sporlaust. Samtidig byrjar ting å skje i den store villaen deira. Ting flyttar på seg og forsvinn. Ei natt høyrer Sara fottrinn på loftet. Har det nokon samanheng med Sigurd? Skjer det verkeleg, eller er det noko Sara innbill seg?
(mer…) -
Polare tragedier av Odd Harald Hauge
Ære, berømmelse, død og fordervelse. Polarhistorien består av mange dramatiske og dødelige reiser. Her får ein 10 spennande historier som spenn seg frå 1553 til 1912.
(mer…)
Legg igjen en kommentar