Mannen til Sara forsvinn sporlaust. Samtidig byrjar ting å skje i den store villaen deira. Ting flyttar på seg og forsvinn. Ei natt høyrer Sara fottrinn på loftet. Har det nokon samanheng med Sigurd? Skjer det verkeleg, eller er det noko Sara innbill seg?
- Norsk tittel: Terapeuten
- Forfattar: Helene Flood
- Sjanger: Thriller
- Antall sider: 400
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Aschehoug
Helene Flood Aakvaag (Født 1982) er psykolog og forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ho debuterte som forfattar i 2008 med ungdomsromanen «Heis med Houdini». Ho gav ut «Hei, skam» i 2018. Ei bok som tar for seg kva skam gjer med eit menneske, og kvifor den oppstår. I 2019 kom ho ut med sin fyrste voksenroman, «Terapeuten», som vart seld til 23 land allereie før utgivelsen.

Sara og Sigurd har arva ein stor og staseleg villa frå Sigurds bestefar. Begge er opptatt i jobb på kvar sin kant. Ei helg skal Sigurd på hyttetur til Norefjell med to kompisar. Han legg igjen ein beskjed på telefonsvararen til Sara om at han er komt trygt fram. Seinare på kvelden ringjer kompisane hans til Sara og lurer på kor Sigurd er blitt av. Kven lyg?
Med Sigurd angiveleg sporlaust vekke, skjer det underlege ting i det store huset. Ting flyttar på seg, forsvinn for så å dukke opp att og Sara høyrer fottrinn på loftet om natta. Eller er dette noko Sara innbill seg?
Denne boka er oppført som psykologisk thriller på omslaget. Eg føler meir det er ei samlivsroman, sidan familie og parforhold får stor plass i boka. Det er også ein god dose krim og sjølvsagt partier med psykologisk spenning.
«Alle vil bli elsket og respektert, det er bare menneskelig, men verre enn å bli hatet, er det å ikke synes. Ikke bli sett som den du vil være, ok, det er èn ting, men å ikke ha sin eksistens anerkjent?»
Forfattaren kjem med små drypp frå fortida deira som ho flettar inn i forteljinga i nå-tid. Det som kanskje i utgangspunktet kan sjå ut som eit heilt vanleg ekteskap, blir mørkare etterkvart som ein skrapar på overflata.
Forfattaren skriv denne boka i jeg-form. Sara er ein person som tenkjer masse. Hukommelsen hennar er veldig detaljert. Som ei roman fungerar dette veldig fint. Me kjem under huda på hovedkarakteren, og på den måten klarar me å forstå hennas tankar og sjå ting frå hennas synsvinkel. Men tempoet i forteljinga stopper opp, og spenningsdelen forsvinn litt.
Det er masse som foregår i hovudet til Sara når Sigurd forsvinn. Her kjem forfattaren si utdanning til sin rett. Kven lyg? Skjer ting verkeleg? Er det ho som hugsar feil? Dette er eit godt verkemiddel for å få lesaren til å verta usikker på kva som faktisk er reelt og ikkje.
Som ein psykologisk thriller føler eg at «Terapeuten» ikkje rekkjer heilt opp. Visst er det ei spenning som ligg og vaker under overflata boka gjennom, men til tider kan det bli for mange sider mellom kvar gong du verkeleg føler at det er ei slik bok.
Når det er sagt så er boka veldig godt skrevet. Da er ein page-turner av rang. Eg forstår godt at den vart seldt til 23 land før den var gitt ut.
Min karakter er gitt ut fra at denne boka skal vere ein psykologisk thriller.
TERNINGKAST: 4+