Becks siste sommer av Benedict Wells

Musikklærar Robert Beck har lagt sin musikerkarriere bak seg. Så kjem eit musikalsk vidunder inn i livet hans, og han blir ein slags mentor for den 17 år gamle Rauli Kantas. Dette blir starten på ei lang reise, der det meste av tillit og samhørighet vert satt på prøve.

  • Norsk tittel: Becks siste sommer
  • Original tittel: Becks letzter Sommer
  • Forfattar: Benedict Wells
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 391
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Forlaget Press

Benedict Wells (Født 1984) er ein tysk forfattar som har oppnådd stor suksess verda over, sin unge alder til tross. Han debuterte med «Becks siste sommer» allerede i 2008. Siden har han gitt ut fire bøker til. Den mest kjente er nok «Vom Ende der Einsamkeit» eller «Ut av ensomheten» som er den norske tittelen på boka. Den har ligget på bestselgarlistene i fleire land.

Robert Beck er ein trettisju år gamal lærer som undervis i tysk og musikk på ein vidaregåande skule i Munchen, Tyskland. Ein jobb som ikkje gjev han noko glede. Musikkarrieren hans fekk ein bråstopp då han vart sparka ut av bandet han var med i, og kjærleikslivet kunne knapt vert verre. Ein plaga elev, den 17 år gamle Rauli Kantas frå Litauen tar opp Fender-gitaren til Beck ein dag og byrjar å spele. Beck får bakoversveis av spelinga, og øyner ein musikalsk karriere for seg sjølv og den unge guten. Men ting er ikkje alltid like enkelt som det kan høyrast ut som. Det oppstår mange hindringar på vegen. Saman med Becks beste ven Charlie drar dei tre ut på ein biltur til Tyrkia dei seint vil gløyma.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Becks siste sommer».

Me skal tilbake til slutten av 90-talet. Robert Beck står på stedet hvil i jobben og har gitt opp musikkarriera si. Som lyn frå klar himmel dukk Rauli opp i livet hans. Dei to byrjar å jamme og øve på ettermiddagane, og Beck finn fort ut at fyren er eit musikalsk geni. Han byrjar å skrive tekstar som Rauli syng og spelar. Beck brukar sine kontakter frå si tid som musikar, og inviterar små og store plateselskap til ein slippfest, i håp om å få ein kontrakt. Samstundes blir Beck kjent med Lara, ei dame i slutten av 20-åra som han blir betatt av. Plutseleg har han to personar i livet sitt, som skal få stor betydning for han.

Karakterane i denne boka er fantastiske. Robert Beck er ein elskovssjuk lærar som lengtar etter nærleik og anerkjenning. Rauli Kantas er ein notorisk løgnhals og vidunderbarn. Charlie Aguobe er ein manisk-depressiv tyskafrikansk rusmisbrukar som i tillegg er hypokondar.
Det er mange morosame dialogar i romanen, men også kloke betraktningar av livet. Med tanke på at forfattaren var rundt 23 år når han skreiv boka, kan ein ikkje anna enn å la seg imponera.

«Dumme mennesker gjør alt så komplisert. Kloke mennesker forenkler. Når du en gang blir gammel, kommer du helt sikkert ikke til å klandre deg selv for å ha tilbrakt for lite tid på jobben. Men du kommer til å klandre deg selv for ikke å ha elsket nok eller for ikke å ha gjort det du egentlig ville gjøre.»

Det er ei forteljarastemme i boka, som no og då bryt inn i forteljinga. Genialt. Kvart kapittel har titlar frå låtar av Bob Dylan. Dette kjem nok av at forfattaren lytta til nettopp Bob Dylan medan han skreiv boka. Det er mange referansar frå musikkens verden i romanen, pakka inn i eit fantastisk flytande og lettlest språk.

Boka vart gjeven ut i 2008, men det er fyrst i 2020 at den kjem ut på norsk. Og det er ikkje eit einaste år for tidleg. Dette er ei fantastisk bok der mine superlativer ikkje strekk til.

«Becks siste sommer» har alt. Frå drama, kjærleik, svik og sakn til humor, action og melankoli. Alle ingrediensane er med når Benedict Wells har skapt eit mesterverk. Denne boka kan fort bli ein bestselgar i sommer. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s